Anmeldelse

El Matador

Ein skulle tru at tøffe menn med steinansikt på eit eller anna tidspunkt vil gå av moten. Den gang ei.

Victor Corbet er enda ei topptrent mannleg maskin. Han har grove trekk, arrogant haldning, og han er svært god ven med alt som kan brukast til å ta livet av folk. Sidan han er erfaren med slike verktøy, blir han sendt til Latin-amerkia der han skal hjelpe til med å rydde opp i det lokale narkokartellet. Aleine er han heller ikkje, sjølv om det til tider kan virke sånn.

El Matador manglar identitet, og det er vel spelets største problem. Ellers er det meste som det skal være. Det er moro, har solide kontrollar, og byr på nok av utfordringar. Identitet er altså det største problemet. Kjensla av å ha gjort dette før er ikkje berre ein tanke som siv innover deg som varm bjørnebærsaus over iskrem, men eit faktum. El Matador har ingen distinktive faktorar som gjer det til noko du bør ha. Om du har spelt eit einaste av spela som gjennom tida har latt seg inspirere av Max Payne, har du spelt dette og.

Nytenking er historie

"Bullet Time". Velkjent begrep? Gjett kva El Matador byr på! Kanskje har den ikkje eit vakkert namn, men du kjem til å banne lett kvar gong du har gått tom for denne gåva som lar deg stogge tida, og sakte men sikkert plukke ned desse mafiosoane som kler seg i tidsriktige dressar. Cenega har utvikla "bullet time" i ein retning som får deg til å bruke det konstant. Å ikkje bruke "bullet time", betyr å få skade lett. Victor Corbet held ikkje ut lenge mot kulene, og den fullstendig ubalanserte plasseringar av skotsikre vestar og førstehjelpsskrin gjer det ikkje lettare. Eg treng ikkje nødsutstyr rundt kvart hjørne, men eg vil heller ha dèt, enn fem stykk i same område, og ingen i alle andre.

Like fullt, når du har brukt opp "bullet time", er det noko som ikkje stemmer. Du mistar fullstendig motivasjonen, og du ventar heller på at den ladar seg opp igjen. Då kan du i det minste plukke ned fiendane litt tryggare. Du mistar færre kuler og, noko som er eit pluss sidan desse av og til kan bli verd si vekt i gull. Du skjønar, det er noko frykteleg irriterande med våpenarsenalet i El Matador. Det er mange våpen her, fleir enn strengt tatt nødvendig, og mange av dei brukar same type ammunisjon. Går du tom for ammo for dagens våpen, er brått tre-fire andre våpen ubrukelege og. Då må du gå over til dei våpena du ikkje likar.

Du har nok å velje i, men sjansen for at du kjem til å få eit varmt kjærleiksforhold til alle våpna er ikkje stor. I mi erfaring er automatvåpen med kikkertsikte å anbefale. Å bruke pumphagla i El Matador kan samanliknast med å åpne den søte lille munnen din for å ytre: "The hills area live, with the sound of ... Bang!" Smellet kom ikkje frå deg, men frå alle fiendane som innsåg at ein tullig som skrik frå full hals medan han strekker armane framfor seg - som for å ta imot kulene som middagsgjestar - er eit enkelt mål. Grunnen er ikkje nødvendigvis at pumphagla i seg sjølv er dårleg. Problemet ligg heller i at du sjeldan møter på små grupperingar av fiendar, og når alle saman skyt mot deg samtidig, rekk du ikkje å ta alle med ei stakkars hagle.

Det du rekk er kanskje eit svakt klynk før du ligg på bakken. Det blir ikkje stort betre av at det i visse område er heller utenkeleg å gøyme seg bak noko. Du kan stille deg opp bak ei søyle, eller krype saman bak ei kasse, men av ein snodig grunn treff ofte kulene deg likevel. Eit anna problem er desse såkalla lagkameratane dine. Dei spring rundt og skyt fiendar, så akkurat dette er ikkje noko problem. Det hadde i midlertid vore hyggeleg om dei tok litt hensyn til at det er andre her som gjerne vil skyte litt og, men neida. Dei går dit dei har bestemt seg for å gå, og står du i vegen, dyttar dei deg bort. Ganske frekt, og igjen bryt du ut i "the hills are alive, with the sound of ... Bang!"

No høyrest det kanskje ut som om El Matador er heilt grusomt, og det forstår eg. Tross alt har eg berre fokusert på negative ting så langt. Men er det rart? Til og med eg har ei grense for kor mange gongar eg orkar høyre meg sjølv synge sangar frå gamle musikalar.

Uforutsigbart i negativ forstand

El Matador gjer uansett ein del ting riktig. Den kunstige intelligensen er generelt sett god, og det er ikkje lett å tenke seg til kva fiendane vil gjere. Å planlegge ein strategi utifrå kva som skjedde forrige gong er ganske uaktuelt, noko som klart nok er hyggeleg. Det pussige er uansett korleis det er høgst varierande kor mange kuler nokon tåler. I teorien skal ikkje eit menneske kunne tåle stort meir enn ei kule godt planta mellom auga, men her kan du av og til ende opp med å tømme eit heilt magasin. Når dei først dør, kan du av og til få gleda av å sjå nokre bevegelsar ingen menneske bør kunne utføre. Det er sjølvsagt eit resultat av filledukke-fysikken, men stort sett ser akkurat dette veldig bra ut.

Det gjer for så vidt resten av spelet og. Det er pene og skarpe teksturar, kun øydelagt av nokre godt synlege saumar på karakter-modellane. Animasjonen kan til tider være litt stiv, men bortsett frå dette er det lite å sei noko på. Områda er store, synsvidda er god, og variasjonen er akkurat passe for denne typen spel. Sjølv om du stort sett befinn deg i diverse lagerbygningar, vil du etter kvart også bevege deg ut i den tjukke jungelen, med tilhøyrande grotter. Det finnest vel ikkje eit narkokartell med respekt for seg sjølv som ikkje gøymer eit eller anna under jorda.

Stort sett vil du uansett befinne deg inni ein eller anna bygning. Om det er lagerbygning, eller villaen til ein tidlegare SS-soldat, så vil du ofte møte låste dører. Mange låste dører. Du kan kalle det eit billig triks, og eg stemmer i. Det varierar i kor stor grad du finn dei, men i visse område vil du høyre den velkjende klirrelyden i tre av fire tilfelle. Det er slikt som får deg til å rope ut etter ei eller anna form for kompass som kan veilede deg til nærmaste dør du får lov til å gå gjennom.

Likevel, du lar deg underhalde. Reint teknisk sett har Cenega fått til det jobben deira gjekk ut på. Dei har lage eit robust action-spel som absolutt har sin underhaldningsverdi. Møta med fienden er ofte uforutsigbart, og du kan lett variere framgangsmåten din. Dei få våpna som verkeleg gir deg valuta for tida di, er så tøffe at du kan ta deg sjølv i å storkose deg litt med jamne mellomrom. Det er då eit eller anna skjer igjen. Du lar deg lure til å tru at dette faktisk er temmeleg tøft, før du blir dytta ut i kryssilden av ein såkalla alliert.

Det El Matador tapar mest på er altså settinga. Du bryr deg aldri om karakterane, du bryr deg ikkje om historia, det endar opp med at du kjenner deg mest som ein plastfigur. Du berre spring rundt, skyt på ting, sprenger nokre ting her, og reddar dagen. Det er absolutt ingenting som vekker interesse. Historia er tam, og er på alle måtar noko vi har sett før. Skodespelet er heilt kurant, men vekker likevel ikkje interesse for dei forskjellige personlegheitene i spelet. Det ser meir ut som ein film der Jean Claude Van Damme igjen skal spele soldat. Nokre vil nok hoppe i taket av glede, men dei høyrer sannsynlegvis til fåtallet.

Konklusjon

Når eit spel ikkje er i stand til å engasjere deg i den grad at du gjerne har lyst til å spele meir, er det tydeleg at noko er feil. El Matador gir deg sjeldan lyst til å vie tid til det. Det kan være veldig engasjerande når du får det til, men når du først endar opp i ein situasjon som ber deg om å laste inn den siste lagringa di, slår du like godt av. Cenega kunne like godt ha køyrt heile spelet i sakte kino, og du hadde fått større utbytte av det. Fiendane ser deg umiddelbart, noko som gjer det vanskeleg å gjere noko som helst utan denne funksjonen. Når det også manglar ei engasjerande historie, og har eit rotete våpenarsenal, endar du opp med å ikkje bry deg. Det finnest mange spel i same gate, og dei fleste er betre.

Siste fra forsiden