Anmeldelse

Empire Earth 2

Empire Earth er tilbake, og forventar din fulle konsentrasjon. Vikar du frå denne enkle regelen er du i trøbbel.

Side 1
Side 2

Strategiføring på høgt nivå Noko som blir spesielt viktig i fleirspelar-modusen er diplomat-skjermen, og krigsplanleggaren. Når du spelar med andre, kan du inngå alliansar, og folk kan sjølvsagt velje om dei vil godta alliansen din eller ikkje. Om du vil, kan du inngå alliansar med alle, lage planar for korleis du skal knuse ein av motstandarane, medan du i verkelegheita har tenkt å lure alle saman trill rundt ved å ærklære krig mot dei på verst tenkeleg tidspunkt. Dette gjer raskt Empire Earth sin fleirspelar-del til noko utanom det vanlege. Ikkje berre er du fri til å gjere akkurat som du vil med dine såkalla allierte, men du har også mange modusar å velje mellom. Du kan til dømes velje om du vil spele eit spel der det er om å gjere å sikre seg alle område, knuse alle fiendar, eller du kan ta del i "king of the hill".

Diplomat-skjermen har nokre nytteområde den og. Du kan sende ressursar eller folk til andre, enten som ei gåve til allierte, eller for å kjøpe deg ein allianse. I einspelar-delen av Empire Earth 2 er det nokre svakheiter ved denne som ikkje akkurat ropar "halleluja". Om du vil inngå ein allianse med nokon, er det ganske vanleg å tilby nokre ressursar i same slengen. Om du ikkje gir nøyaktig det mottakaren vil ha, vil du få forslaget tilbake, men du vil samtidig få eit nytt forslag samtidig, der det står kva mottakaren eigentleg vil ha. I praksis betyr dette at om du tilbyr tusen gull og tusen ved, får du alt dette tilbake. Dette var ikkje godt nok for din potensielle partner, som ville ha fem hundre gull og fem hundre ved. Det er ei sperre ved den kunstige intelligensen som faktisk ikkje godtar summar høgre enn kva kravet måtte vere.

Simpelt kampsystem Empire Earth 2 nyttar eit "stein, saks, papir"-system, for alle typar soldatar. Infanteriet er til dømes svake mot kavaleriet, og kavaleriet er svake mot folk med spyd. Kva du veljer å fokusere på, vil avgjere framtida di. Om du til dømes lagar mange katapultar, men få fotsoldatar, vil ein fiende basert på infanteristar lett kunne knuse katapultane dine. Om motspelaren din har bogeskytarar, er du så og seie sikra ein siger. Problemet med eit slikt system er at veldig få tørr å satse på få typar soldatar. Dei fleste lagar gjerne ei variert gruppe for å vere sikre, noko som raskt kastar eit strategisk element av spelet rett i søpla. Du kan også setje soldatane dine i formasjonar, men så snart det bryt ut ein kamp, blir det uansett fullstendig kaos, og det er veldig sjeldan du finn nokon spesielle nytteverdi i formasjonane.

Empire Earth 2 har fin musikk, og heilt grei grafikk for denne typen spel. Det kunne definitivt ha vore betre på alle estetiske frontar, men det fungerar fint som det er. Det er likevel ein ting som skurrar ved den grafiske presentasjonen. Empire Earth 2 har mange værtypar som påverkar kor raskt du kan bevege deg. Om det blir snøstorm, går ikkje ting berre treigt, men du ser ingenting. Det varar kanskje ikkje så lenge av gongen, men eg er sikker på at det eksisterar ein betre representasjon av dårleg vær, enn å nekte spelaren å sjå noko som helst. Samtidig er det ganske kjedeleg at folk ikkje verkar truverdige på noko vis. Dei forskjellige kulturane har ikkje forskjellige språk eller dialekter. Spelar du som Korea, er det fint om det høyrest ut som om dei faktisk er frå Korea.

Konklusjon Empire Earth 2 er eit stabilt strategispel med svært mange moglegheiter. Men det er eit spel som fungerar veldig bra i fleispelarmodus, og ikkje fullt så bra om du spelar aleine. Kampanjen er ikkje akkurat noko som grip om deg, men du kan velje å spele dei forskjellige fleirspelar-modusane mot maskina, noko som er mykje betre. Empire Earth 2 er eit svært omfattande spel, og det blir av og til nesten for mykje å halde styr på. Dette er eit spel for dei som verkeleg likar å setje seg inn i alle aspekt av eit spel. For dei er det veldig mykje å hente her. Det er først og fremst fleirspelar-modusen som er av interesse, sidan den opnar for vannvittig mykje moro, sjølvsagt på bekostning av andre. Den reddar spelet frå å kune bli "enda eit strategispell".

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden