Anmeldelse

Fallout: Brotherhood of Steel

Det enklaste for Interplay hadde nok vore å lage Fallout 3. Gjort alt på same måte som før, fått mykje kjeft, men med brukbare salgstal. I staden styrer dei vekk frå ein formel som fungerar, for å voldta to markante klassikarar og miste all respekt frå tilhengjarane.

Side 1
Side 2

Bann og spytt, berre få det ut. Dette er ikkje pent. Fallout-serien er ein av dei beste rollespel-seriane på PC, og med god grunn. Den geniale blandinga av mørk humor og eit forfallent samfunn engasjerte mange. Det er lite som minnar om dei spela dei fleste av oss har eit godt forhold til. Borte er historia, borte er tur-baserte kampar, og borte er så og seie all sjarmen som skapte ein klassisk serie.

Tanketom underhaldning Teknisk sett er ikkje Fallout: Brotherhood of Steel historias dårlegaste spel. Det brukar den svært effektive motoren vi har sett i Baldur's Gate: Dark Alliance-spela. Du veit eigentleg kva du har i vente. Situasjonen er berre den at når det gjeld Fallout, forventar folk seg meir enn å springe rundt med ein pistol, og å høyre folk spytte og banne mellom annankvart ord. Sett på sine eigne premissar kan det underhalde nokre timar. Det får tida til å gå, men ikkje meir enn det. Ser ein på historia til namnet Fallout derimot, ser vi på eit svært trist kapittel i spelindustriens historie.

Eventyret ditt byrjar i ein liten by i Wasteland. Etter at du har snakka litt med folka i byen, og renska den lokale pubben for terroriserande avskum, merkar du at dette er eigentleg akkurat det same som Dark Alliance. Dark Alliance i ei mørk framtid. Ditt mål er å finne broderskapet. Dei skal ha vore her, men akkurat kvar er du ikkje sikker på. Din søken leder deg til meir enn eìn bedragersk drittsekk, og sender deg vidare til nye område på akkurat same måte som Dark Alliance.

Det heile følest litt tamt. I Dark Alliance har alltid nærkamp vore ein veldig viktig del, og det har fungert veldig bra. I Fallout: Brotherhood of Stell fungerar ikkje nærkampsvåpen i det heile tatt før du har fått deg store og tunge våpen. Du er avhengig av pistolar, men du vil gjerne ikkje bruke dei heile tida sidan du lett brukar opp ammunisjonen. Ammunisjon kostar pengar, og du har ikkje pengar (ok, flaskekorkar då). I alle fall ikkje tidleg i spelet. Heile det første kapittelet av Fallout: Brotherhood of Steel er temmeleg antiklimatisk. Du spring rundt med dårlege våpen og drep bandittar og kjempeskorpionar. Ei fengande historie verkar som ein fjern draum.

Kjedeleg og uferdig Det er ikkje før du kjem deg vidare til kapittel to det byrjar å bli interessant. Før vi går vidare, må du uansett høyre om den smertefulle opplevinga det kan vere å skifte kapittel. Kvar einaste gong eg har gjort eit forsøk på å fortsette til eit nytt kapittel har det same problemet oppstått. Det første som skjer er at eg får sjå ein filmsekvens. Denne sender med til slutt direkete til hovudmenyen. Når eg skal hente fram spelet mitt igjen finn eg karakteren min svevande i lause lufta med armane ut. Prøvar eg å trykke på start for å finne ein meny skjer ingenting, men trykker eg på piltastane høyrer eg at eg blar gjennom eit eller anna. Dette gjentar seg. Det merkelege er at det er alltid på tredje forsøk eg får lov til å fortsetje. Det luktar vondt, og det luktar uferdig produksjon sendt til hyllene for tidleg.

Tilbake til kva som skjer i kapittel to. Eigentleg ingenting, men du får endeleg tilgang på våpen som seier meir enn ”pang pang pang”. Laservåpen, og fungerande automatvåpen blir endeleg av så god kvalitet at dei er verdt å bruke. Første del av spelet er utåleleg kjedeleg. Du spring rundt med ein Desert Eagle som eigentleg ikkje gjer stort ut av seg. Fallout: Brotherhood of Steel er den type spel der du vil ha store våpen tidleg. Skal eit slikt spel vere morosamt, bør du eigentleg få lov til det. Ein anna ting du bør ha i eit slikt spel er stor tilgang på ammunisjon. Riktignok vil alt du tar livet av legge frå seg enten "stimpacks" eller ammo, men det antalet du får tilsvarar på ingen måte det du brukar. Resultatet er at du må bruke lang tid på å kjøpe ammunisjon kvar gong du er i ein butikk.

Butikkane i spelet har eit anna problem. Etter kvart som du finn betre utstyr til sals, og gjerne brukar mykje pengar på dei, finn du omtrent alltid det same utsyret i det neste området du dreg til. Dette er irriterande, og følest unødvendig. Utvalet du har å velje mellom er så snevert, at ein rett og slett føler seg lurt når ein brukar pengar på det. I tillegg er det eit merkeleg problem som pregar menyane i inventaret. Til ei kvar tid kan du kun sjå fire gjenstandar, medan ei svært svart stripe dekker nederste del av inventaret. Med litt omforoming hadde det lett vore plass til ein gjenstand til. Ikkje den største sak i verda kanskje, men noko som forsterkar inntrykket av at Fallout: Brotherhood of Steel kanskje ikkje er den mest påkosta produksjonen i nyare tid.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden