Far Cry 4-piratar avslørte seg sjølve

Ubisoft har lite sympati for klagande PC-spelarar.

Ubisoft

Etter lanseringa av det omfattande og glimrande skytespelet Far Cry 4, tok det ikkje lang tid før Ubisoft fekk sure tilbakemeldingar får enkelte PC-spelarar. Grunnen var at spelet såg ut til å mangle kontroll over synsfeltet. Dette viste seg derimot raskt å vere ei sanning med sterke modifikasjonar, og Far Cry 4-regissør Alex Hutchinson tok sjølv til Twitter for å oppklare situasjonen med denne medlinga:

«PC-spelarar! Om du er på nettet og klagar over mangel på synsfeltkontroll... Du piratkopierte spelet!»

Forklaringa er så enkel som at denne kontrollen blei lagt inn i spelet med ei oppdatering på lanseringsdagen. Dei som ikkje har funne den kontrollen har altså mest sannsynleg klaga over eit spel dei ikkje har betalt for.

Dei som har betalt har likevel ikkje vore utan nokre tekniske problem, og Ubisoft har gått ut med ei liste over forbetringar vi kan vente oss snarleg.

Kopisperre til besvær

Dette er ikkje første gong Ubisoft har tulla med piratar. I DS-versjonen av Michael Jackson: The Experience byrja til dømes irriterande vuvuzela-tonar å overdøyve musikken om du hadde skaffa deg ein kopi på uærleg vis. Eit hakket mindre irriterande angrep på piratane utførte finske Remedy i Alan Wake, der hovudpersonen fekk ein svart piratlapp over det eine auget.

Mange utviklarar har prøvd seg på mottiltak mot piratar, men med særs varierande hell. Ofte kjem tiltaka i form av kopisperrer som gjer livet surt for dei som har kjøpt spelet i langt større grad enn dei som piratkopierer det. For nokre år tilbake skreiv Joachim ein kommentar der han viste si misnøye med at utviklarane stiller stadig strengare krav til spelarane.

Eit selskap som styrer langt unna kopisperrer er polske CD Projekt Red. Dei hevda sjølve dei hadde lært leksa si, og droppa kopisperre i komande The Witcher 3: Wild Hunt.

Siste fra forsiden