Anmeldelse

Far Cry Instincts

Berre for å ha sagt det med ein gong. Far Cry Instincts er ikkje det same spelet som kom til PC i fjor. Det er faktisk betre.

Side 1
Side 2

Skranglekassar til sals
Ein og anna stad kjem du nok til å bli frista til å ta det monumentale steget frå å gå til fots, til å setje deg bak eit ratt. Synd, for det er ikkje alltid like hyggeleg. Det er noko med å kontrollere eit køyretøy med ei analogstikke, og eit våpen med den andre som ikkje heilt fungerar. Det skal trening til for å ha kontroll, men du blir uansett aldri presis nok til at du kan køyre inn i fiendtlege område utan å umiddelbart risikere livet. Sånn sett er det eigentleg unødvendig å ha framma våpen når du køyrer. Om Ubisoft hadde implementert eit liknande kontrollsystem som i Halo, og eventuelt la deg skifte til våpen med eit knappetrykk, vil eg tru inntrykket hadde vore mykje betre. Men eg kan sjølvsagt ta feil.

Noko du fint kan utnytte på di ferd for å befri deg frå pesten som plagar deg, er omgivelsane. Ikkje akkurat i stor grad, men det er ein del fin fysikk å spore opp. Til dømes kan du få tønner og liknande til å rulle mot fiendane, og dette er også noko dei kan finne på å gjere mot deg. Den kunstige intelligensen er temmeleg bra i spelet, og fiendane viser faktisk god motstand i måten dei angrip deg på. Det viktigaste akkurat her, er uansett at det ser og høyrest veldig bra ut. Far Cry Inctincts er eit av dei definitivt vakraste spela på Xbox. Det er ikkje nødvendigvis grunna tekniske prestasjonar, sjølv om desse absolutt er av høgt kaliber, men det er designen som verkeleg står fram. Det er verkeleg som å vere på ei tropeøy, og med flott musikk og kjempegode lydeffekter, kan det ikkje slå feil.

Eit kart, mitt kongerike for eit kart
Fleirspelar-modusen i Far Cry Instincts er både god og dårleg. Når det fungerar, er det heilt utmerka. Det følger med ei rekke svært solide kart, og flyten er absolutt på eit underhaldande nivå. I tillegg gir tropelandskapa du gjerne spelar på ein god variasjon til det meste vi finn i andre spel. Dessverre lid spelet av eit ganske svakt system for å finne andre spelarar. Du kan ta eit raskt søk, men då finn du som regel kun eit spel med ein spelar. Deretter blir du sittande og sjå på skjermen lenge utan at det eigentleg skjer noko. Eit anna alternativ er å velje frå ei liste, men dette har sine minus det og. Visse folk er glade i å lage unødvendig lange kampar på opp mot ein time, og det er lett å gå litt lei før den tida er omme. I andre tilfelle kjem du inn i kampen når det er kun tredve sekund igjen, noko som heller ikkje er spesielt morosamt.

Det som verkeleg er morosamt er at du kan lage eigne kart i Far Cry Instincts. Det er alt for få spel som tilbyr noko sånt, så all honnør til Ubisoft for å inkludere dette. Kart-editoren er lett å bruke, og du treng ikkje ha noko erfaring med 3D i det heile tatt for å få til noko. Du berre løftar og senker terrenget etter behov, og fyller inn med skog, bygningar og andre objekt. I tillegg kan du stille inn kva tid på dagen det skal vere, og kva lydbilete du vil ha. Med ein slik funksjon er det sjølvsagt klart at det blir mange dårlege kart ute på nettet, og det er noko du raskt vil erfare, men samtidig kjem det alltid nye kart, og mange er faktisk av høg kvalitet. Før du startar ein kamp kan du sjølvsagt sjå om du må laste ned eit kart, slik at du står fri til å velje.

Konklusjon
Far Cry Instincts er ei lita berg og dalbane av festelege aktivitetar. Det beste med den er at det svært sjeldan flatar ut. Det er stort sett fabelaktig underhaldning heile vegen, kun stoppa av eit par område der det kanskje blir litt langdrygt. Desse områda er heldigvis få, og du blir generelt sett dratt framover heile vegen av nye område, og nye ferdigheiter som heile tida gjer spelet enda litt tøffare. Dei dyriske kreftene du får blir faktisk veldig nyttige, og er nærmast som den høgre handa di. Du endar umiddelbart opp med å bruke dei, noko som viser at Ubisoft har fått til det dei prøvde på. Ein solid fleirspelar-modus skadar heller ikkje, og den kan nok raskt stele nokre timar av livet ditt. Kort og godt er Far Cry Instincts eit av årets beste skytespel, og vel verdt eit kjøp.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden