Favorittene fra Games Convention 2008

Dette bør du se frem til

Her er spillene som imponerte mest under Europas største spillmesse.

1: Mikaels favoritter
2: Kent Williams favoritter
3: Øysteins favoritter

Øysteins favoritter

Stormrise (PC, Xbox 360, Playstation 3)

Utgivelsesdato: I løpet av 2009

Å sjå Stormrise i aksjon er som å sjå alt du trudde var sant om spel passere i revy. Skikkelege strategispel fungerer berre ikkje optimalt på konsoll. Takk og lov for The Creative Assembly som ignorerar alle reglar og malar for korleis eit strategispel skal vere, og er i ferd med å skape noko heilt unikt.

Stormrise leverer eit unikt kontrollsystem ved hjelp av to analogstikker får fullstendig kontroll over alt som skjer på slagmarka. Utviklarane samarbeidar med mange av dei dyktigaste strategispelarane i verda, for å sikre eit komplett, kjapt og hektisk strategispel på konsoll. Om dei får det til er litt for tidleg å seie, men det eg har sett er så lovande at eg er villeg til å vedde store beløp på det. Tida der gode strategispel var utelukka for PC, er sannsynlegvis over for godt.

Rise of the Argonauts (PC, Xbox 360, Playstation 3)

Utgivelsesdato: 4. kvartal 2008

Gresk mytologi går aldri av moten, og vil snart by på enda eit magisk eventyr. Rise of the Argonauts frå Codemasters kastar deg inn i rolla som den mektige helten Jason. I eit nydeleg og fargerikt spel, må han kjempe mot alle verdas mørke krefter i kampen for å vekkje den døde kona hans til live igjen.

Rise of the Argonauts er kanskje berre enda eit action-rollespel, men det ser ut til å gjere ting så gjennomført at vi godt mogleg har ein ny klassikar i vente. Spelet droppar brukargrensesnitt til fordel for visuell informasjon, og gir oss eit interessant kampsystem der eitt einaste slag ofte er nok til å drepe ein fiende. Jason er ein helt, og han skal ha styrke i slaga sine. I tillegg byr spelet på eit interessant samtalesystem der vala dine vil gi deg erfaringspoeng, samt bringe deg nærare ein av fire mektige gudar.

Borderlands (PC, Xbox 360, Playstation 3)

Les også
Anmeldelse: X3: Terran Conflict

Utgivelsesdato: 4. kvartal 2008

Ein halv million våpen høyrest kanskje sprøtt ut, men når det blir gjort så gjennomført som i Borderlands, er det all grunn til å glede seg. I ei Mad Max-inspirert verd, vil du som ein av tre forskjellege klassar kjempe mot både beist og soldatar. Alt utstyr fiendane slepp kan brukast, og på toppen av haugen ligg den enorme menga med våpen. Dei er prosedyrisk laga, noko som betyr at du vil finne noko nytt kvar einaste gong.

Det heile minnar mykje om eit typisk rollespel der du alltid er på jakt etter eit betre sverd, eller ei kraftigare øks. Ein skal ikkje sjå bort ifrå at dette er noko skytespel kan nytte godt av. Sleng i tillegg på ein samarbeidsmodus for opp mot fire spelarar, og du har ei oppskrift som med mindre alt går gale, vil by på ein suksess.

Guitar Hero: World Tour (Xbox 360, Playstation 3, Playstation 2, Wii)

Utgivelsesdato: 4. kvartal 2008

Sjølv om det etter Rock Band ikkje er mykje nytt i å selje eit spel saman med alle dei instrumenta eit band har behov for, har Guitar Hero: World Tour nok av nyvinningar. Du kan lage di eiga rockestjerne med eit kreativt verkty, men viktigast av alt; du kan lage dine eigne låter.

I Guitar Hero: World Tour får du skrive akkurat dei låtane du vil med eit avansert verkty som let deg gjere det meste eit fullverdig lydstudio kan, skjønt det er i ei nedtona form. Dette er ikkje berre gull for band som vil nå eit nytt publikum, men det vil la deg spele låter du aldri trudde skulle dukke opp i Guitar Hero. Kven kan vel styre seg frå å lage brutalt harde versjonar av musikken frå Super Mario? Ikkje eg.

Valkyria Chronicles (Playstation 3)

Utgivelsesdato: 20. november 2008

Playstation 3 har ikkje akkurat vore velsigna med mange japanske rollespel så langt denne generasjonen, men Sega satsar på å snu trenden med Valkyria Chronicles. Her får vi eit slåande vakkert spel med ein unik visuell stil som får heile spelet til å sjå handteikna ut.

Det viktigaste er likevel eit unikt kampsystem som kombinerer taktiske avgjersler med action i sanntid. I staden for å flytte ein og ein soldat etter tur, brukar du poeng, og med dei kan du flytte akkurat dei soldatane du vil, når du vil. Etter dette får du springe akkurat dit du vil i sanntid, før det heile stoppar opp igjen når du skal angripe. Det høyrest kanskje pussig ut, men det skapar ei fascinerande blanding av taktikk og action. Er du glad i japanske rollespel, bør du ha lommeboka klar i november.

1: Mikaels favoritter
2: Kent Williams favoritter
3: Øysteins favoritter

Siste fra forsiden