Feature Spillåret 2017 - Bjarte Wathne Helgesen

Prey er et av spillene Bjarte ser frem til. (Bilde: Bethesda, Privat)

2017 blir eit stort spelår

Bjarte ser fram til både store og små speltitlar i året som kjem.

Det nærmar seg slutten på Gamer-skribentane sine lister over spel me ser fram til i 2017. Mange strålande spel er nemnd, og endå fleire er nok gløymd. Under håpar eg å komma inn på iallfall eit par titlar som kan ha gått under radaren hos ein del.

Då eg sette meg ned for å laga ei oversikt over aktuelle spel til denne lista, slo det meg at spelåret 2017 ser ut til å bli eit år for dei store speltitlane. Me har allereie fått eit strålande nytt Resident Evil, og i løpet av året får me òg nye kapittel i serier som The Legend of Zelda, Red Dead Redemption, Mass Effect og Super Mario. I tillegg kan me sjå fram til potensielt tunge nykommarar som Horizon: Zero Dawn, Kingdom Come: Deliverance og kanskje til og med det evige prosjektet Star Citizen. Alle desse titlane er spel eg ser fram til, og mange av dei kan nok komma høgt opp på årsoppsummeringa mi om eit snaut års tid.

Men litt av ønsket mitt med ei liste som dette er at ein lesar eller to skal oppdaga noko nytt, noko spennande som ho ikkje har høyrd om før, og kanskje ikkje hadde fått med seg elles. Ikkje med det å seia at dei fem spela eg skriv om under nødvendigvis er så veldig ukjente og lite omtalte – minst eitt av dei er til og med omtalt i opptil fleire andre av Gamer-skribentane sine lister. Men eg har prøvd å halda meg unna dei titlane som går igjen oftast på slike lister. Fordi variasjon er ein fin ting.

Ta gjerne òg ein kikk på dei andre skribentane sine lister:

The Church in the Darkness

Sjanger: Action, Eventyr
System: PC, PlayStation 4, Xbox One
Utviklar: Paranoid Productions
Kjem: Første kvartal 2017

Ikkje alle trivst like godt i Freedom Town, ser det ut til.
Ikkje alle trivst like godt i Freedom Town, ser det ut til.

Når det gjeld nyskapande spelkonsept, er det utvilsamt indiesegmentet som går foran og viser veg. Det er dei små utviklarane som tør å ta sjansar, og det er dette sjansespelet som gir oss dei mest originale spela. Eitt snarleg resultat av indieutviklarane sin risikovilje er altså Paranoid Productions’ The Church in the Darkness, som blir skildra som eit action-infiltrerings-spel. Den sjangernemninga blir ikkje mindre spennande av at det me skal infiltrera, er ein isolert religiøs kult i den søramerikanske jungelen ein gong på 70-talet.

Hovudmannen bak spelet er Richard Rouse III, ein kar med titlar som The Suffering og Homefront på rullebladet. Rouse har ein (forståeleg) fascinasjon for religiøse kultar, og skal mellom anna vera inspirert av den famøse Jonestown-massakren. Paranoid reklamerer med at spelet gir deg anledning til å gå fram akkurat slik du vil i det prosessuelt genererte kulthovudkvarteret Freedom Town: Du kan halda deg undercover heile tida, du kan bruka ikkje-dødelege metodar på å ta ut folk, eller du kan drepa alle som står i vegen for deg. Same korleis du vel å gå fram, vil vala dine kunna få konsekvensar, påstår dei – ein påstand me kanskje etter kvart har lært å ta med ei klype salt. Uansett kva og korleis resultatet blir, ser me ut til å få, om ikkje anna, ei unik og ny speloppleving.

Prey

Sjanger: Førstepersonsskytespel
System: PC, PlayStation 4, Xbox One
Utviklar: Arkane Studios
Kjem: 5. mai 2017
 

Du kan sjølv velja om Morgan Yu er mann eller dame.
Du kan sjølv velja om Morgan Yu er mann eller dame. Bilde: Bethesda

Etter mi meining er Arkane Studios for tida eit av dei beste utviklarstudioa som er å oppdriva. Dishonored 1 og 2 er to av mine absolutte favorittar dei siste fem åra. Og ikkje berre er dei fantastiske spel, dei er òg prov på særdeles godt handverk. Dei er utforma på eit vis som lar framgangsmåten vera opp til spelaren sin kreativitet, noko som eg ser for meg må vera ein svært krevjande og komplisert måte å laga eit spel på.

Når Arkane nå beveger seg frå snikeorientert gameplay til ein tilsynelatande meir actionfokusert variant, er det å håpa på at dei tar med seg det beste frå Dishonored-spela, nemleg eit meisterleg level design og openheita spelaren har til å løysa problema på den måten dei vil.

Prey er sett til ein romstasjon i ei alternativ tidslinje der John F. Kennedy overlevde skyteepisoden i Dallas i 1963, og der det amerikanske romprogrammet av den grunn har fått massiv pengestøtte. Den enorme menneskelege romaktiviteten dette fører med seg, trekker til seg merksemda til ymse former for romvesen, og det er desse som ser ut til å utgjera hovudperson Morgan Yus motpart i Prey. Det er med andre ord snakk om ein velkjent setting for spennande science fiction-action. Det er òg verdt å nemna at den meir eller mindre legendariske spelforfattaren Chris Avellone (som står bak titlar som Planescape: Torment og Baldur’s Gate) er med på Prey-lasset.

Outlast 2

Sjanger: Grøssar
System: PC, PlayStation 4, Xbox One
Utviklar: Red Barrels
Kjem: Første kvartal 2017 
 

Maisåkeren er ein nyttig gøymeplass.
Maisåkeren er ein nyttig gøymeplass.

Det første Outlast-spelet klikka aldri heilt for meg. Det burde vera midt i blinken for ein som meg, som elskar den ubehagelege, nervøse stemninga som grøssarar ofte gir meg. Men inntrykket mitt var at Outlast berre bydde meg på stressaspektet ved grøssarsjangeren, mens eg ikkje fekk dei viktige rolege delane der du berre ventar på at helvete skal bryta laus. På ein måte kan ein seia at det blei for mykje av det gode.

Demoen til Outlast 2, derimot, sat som eit skot midt i hjerneborken. Trass i mitt avmålte forhold til einaren, har eg vore spent på oppfølgjaren heilt sidan den første, korte korsbrenningsteaseren – ein teaser som kanskje kan tyda på at utviklar Red Barrels tar tak i både reelle og aktuelle tema denne gongen?

Settinga er ikkje lenger noko så banalt som eit mentalsjukehus, men heller eit ruralt område i Arizona. Me speler som frilansjournalisten Blake Langermann, som undersøkjer ei sak om drapet på ein ung, gravid Jane Doe. Blake kjem over ein landsby som husar ein kult (eit tema som går igjen på denne lista), som, ikkje overraskande, har ein heil del mørke aktivitetar på rullebladet.

Vampyr

Sjanger: Action, Rollespel
System: PC, PlayStation 4, Xbox One
Utviklar: Dontnod Entertainment
Kjem: 2017  

Jonathan Reid er lege på dagtid, vampyr på nattestid.
Jonathan Reid er lege på dagtid, vampyr på nattestid. Bilde: Dontnod Entertainment

Life is Strange var blant dei verkeleg store favorittane mine i 2015. Dontnod viste der at dei verkeleg kan det å sy saman ei fengjande og omfangsrik historie, samtidig som dei klarte å handtera mellommenneskelege problemstillingar på ein god og moden måte. 

Denne gongen befinn me oss i London i 1918, under utbrotet av spanskesyka. Hovudpersonen er legen Jonathan Reid, som har sitt å stri med – ikkje berre fordi han har mange sjuklingar å behandla, men òg, nettopp, fordi han er ein vampyr. Ifølgje Dontnod må du, i hans sko, balansera mellom det å halda folk i live og å gjera som vampyrar gjerne gjer, nemleg å drepa folk for eiga vinning. Som i Life is Strange ser det altså ut til at me kjem til å bli stilt overfor svært vanskelege val, som går både på moral, etikk og lovlydigheit laus, og som kanskje ikkje eigentleg har noko rett og galt svar.

Personleg likar eg at dei franske utviklarane har tatt eit såpass langt steg vekk frå high school-drama-settinga til Life is Strange. Det at dei kastar seg på den nå litt passé vampyrbølga er heller ingen uting, då det ser ut til at dei, som forventa, handterer materien på ein ordentleg og seriøs måte.

What Remains of Edith Finch

Sjanger: Eventyr
System: PC, PlayStation 4
Utviklar: Giant Sparrow
Kjem: Våren 2017

Dette kan bli ein mystisk affære.
Dette kan bli ein mystisk affære.

What Remains of Edith Finch er eit av desse spela som me ikkje får vita stort om før me har det i hendene, og der akkurat det kanskje er til det beste. Det verkar å vera eit slags spelmediets tilsvar på ei novellesamling, der me utforskar familiehistoria til Edith Finch gjennom korte glimt der me opplever dei ulike personane sine siste stunder. Mitt inntrykk frå det eg har sett, er at me står overfor eit spel som byr på mystikk, ei djupt personleg historie og få endelege svar.

Giant Sparrow sitt førre spel, The Unfinished Swan, var eit svært originalt prosjekt som eg sette stor pris på, men som kanskje blei litt einsformig i lengda. Konseptet bak Edith Finch kan i det minste tyda på at me kan sjå fram til eit spel som byr på ein viss variasjon. Det kan verka som om ambisjonen er å tilby ei slags litterær oppleving i spelform, og klarer Giant Sparrow å få til det på ein måte som ordentleg utnyttar spelmediet sine særeigne premiss, så kan dette bli noko verkeleg unikt.

Ser du fram til noko ingen av oss har nemnd? Er me heilt på jordet med spela me ser fram til? Køyr debatt i kommentarfeltet under!

Likte du artikkelen? Vil du ha mer norsk spilljournalistikk?
Støtt Gamer.no med 39 kroner i måneden slik at vi kan fortsette å lage mer unikt gratisinnhold

The Church in the Darkness Windows

The Church in the Darkness XOne

The Church in the Darkness Mac

The Church in the Darkness PS4

What Remains of Edith Finch PS4

What Remains of Edith Finch Windows

Prey (2017) Windows

Prey (2017) XOne

Vampyr XOne

Prey (2017) PS4

Vampyr Windows

Vampyr PS4

Outlast 2 XOne

Outlast 2 Windows

Outlast 2 PS4

The Church in the Darkness Windows Windows Mac PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2017
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Paranoid Productions
  • Utvikler: Paranoid Productions

The Church in the Darkness XOne XOne Mac PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2017
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Paranoid Productions
  • Utvikler: Paranoid Productions

The Church in the Darkness Mac Mac PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2017
  • Plattform: Mac
  • Utgiver: Paranoid Productions
  • Utvikler: Paranoid Productions

The Church in the Darkness PS4 PS4 Mac Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Paranoid Productions
  • Utvikler: Paranoid Productions

What Remains of Edith Finch PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 25. april 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Annapurna Interactive
  • Utvikler: Giant Sparrow

What Remains of Edith Finch Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 25. april 2017
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Annapurna Interactive
  • Utvikler: Giant Sparrow

Beste priser

Nedlasting 94,-

Prey (2017) Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. mai 2017
  • Plattform: Windows
  • Utvikler: Bethesda Softworks

Beste priser

Nedlasting 170,-
Nedlasting 193,-

Prey (2017) XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. mai 2017
  • Plattform: Xbox One
  • Utvikler: Bethesda Softworks

Beste priser

Nedlasting 386,-

Vampyr XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Første kvartal 2018
  • Plattform: Xbox One
  • Utgiver: Focus Home Interactive
  • Utvikler: DONTNOD Entertainment

Beste priser

Forhåndsbestill 499,-
Forhåndsbestill 499,-
Forventet lagerdato 549,-
Ikke på lager 599,-

Prey (2017) PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 5. mai 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utvikler: Bethesda Softworks

Vampyr Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Første kvartal 2018
  • Plattform: Windows
  • Utgiver: Focus Home Interactive
  • Utvikler: DONTNOD Entertainment

Beste priser

Nedlasting 270,-
Forventet lagerdato 449,-
Ikke på lager 459,-
Nedlasting 484,-

Vampyr PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: Første kvartal 2018
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utgiver: Focus Home Interactive
  • Utvikler: DONTNOD Entertainment

Beste priser

Forhåndsbestill 499,-
Forhåndsbestill 499,-
Forventet lagerdato 549,-
Ikke på lager 599,-

Outlast 2 XOne XOne PS4 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 25. april 2017
  • Plattform: Xbox One
  • Utvikler: Red Barrel Games

Outlast 2 Windows Windows PS4 XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 25. april 2017
  • Plattform: Windows
  • Utvikler: Red Barrel Games

Beste priser

Nedlasting 100,-

Outlast 2 PS4 PS4 Windows XOne

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 25. april 2017
  • Plattform: PlayStation 4
  • Utvikler: Red Barrel Games

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen