Feature

Spilldagbok: Sunless Sea – del 2

– Eg klarte med naud og neppe å unngå denne karen

Ein deformert monsterhai heldt på å gjera Bjartholomeus' skute til pinneved.

Failbetter Games

I første del av denne speldagboka gav eg meg forsiktig ut på leiting etter far min sitt skjelett, som eg veit finst ein stad der ute på The Unterzee. I denne andre delen skal me snart leggja ut på ei litt lengre, og meir farefull, reise.

Sunless Sea er eit spel som på eminent vis eksemplifiserer det elles nokså kjipe uttrykket «hastverk er lastverk». Den einaste måten å lukkast på i dette spelet, er gjennom å vera tolmodig og akkurat passe eventyrlysten. Difor har eg lagt følgjande plan for dei kommande sjøreisene mine: Eg byrjar med korte turar, så eg får kartlagt dei øyene som ligg nærmast London. Eg utvidar sjøkartet mitt litt og litt, ein handfull øyer og hamnerapportar i slengen, for slik sakte, men sikkert å førebu mannskapet mitt på dei lengre, farlegare reisene som kjem seinare. Det gjeld å vera systematisk i starten. Det vil alltids dukka opp anledningar til å ta sjansar. Så er det berre å håpa på at eg tar dei rette sjansane.

Ein navigatør vil nordover

Mann utan minne.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Etter ein god natts søvn på den lett lugubre kroa The Blind Helmsman er eg, kaptein Bjartholomeus, og mannskapet mitt klare til å fortsetja på ferda. Første etappe på den lange ferda mot far min sitt minne er å henta noko som heiter scintillack, som er å finna i ei hamn ved namn Port Cecil, og gi dette til ei dame som ifølgje rykta styrer storparten av Fallen Londons kriminelle sfære.

På veg til hamna blir eg oppsøkt av ein kar som vil melda seg til teneste på skuta mi. Han er navigatør. Han har ein merkverdig tatovering i tinningen, som han seier har brent vekk minnet hans. Han hugsar namna på skipa han har jobba på før, men ikkje mannskapa. Han minnast ein bror, seier han, men ikkje kva denne broren heiter eller kor han er. Det einaste han veit, er at han må til The Chapel of Lights. Det ligg visst langt nord. Eg tar han med meg. Når me ein gong ankrar opp der, får me ta det som kjem. Så lenge det ikkje hastar, tenkjer eg for meg sjølv. Det ser ut til å hasta.

Men først: sørover

Det har kome meg for øyret at hamnemyndigheitene sårt ønskjer strategisk informasjon frå Gaider’s Mourn, eit stykke søraust for London. Eg har høyrd både det eine og det andre om den staden – mest det andre, for å vera heilt ærleg. Men dei betaler godt for informasjonen. Det gjeld å ta dei rette sjansane. Tida vil visa om dette er ein av dei.

Gloriana er ei heilt ålreit skute.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Etter den obligatoriske turen innom Hunter’s Keep – utan mat og hamnerapportar duger helten ikkje – set me kursen sørover og sender zee-baten vår ut i mørkret. Ein zee-bat, skjønar du, er ein fascinerande skapning. Ifølgje loggboka er zee-bats «nothing like birds» – nærmare skildra blir dei i grunn ikkje. I flokk kan dei bli aggressive, sjølv mot eit ærverdig skip som mi kjære Gloriana. Men som verktøy, sjå der har du skapningen sin med nytteverdi. For sender du ein zee-bat ut frå fartøyet ditt, tar den ein liten runde i skipets nærmaste farvatn og kjem tilbake med ein kort rapport om kva uoppdaga øyer som ligg i nærleiken, i kva retning dei er og om lag kor langt unna.

Me skal ikkje meir enn eit par knepp sørover før me finn Mutton Island og hamna Quaker’s Haven. Her tar eg og mannskapet ein liten tur opp på fjelltoppen som reiser seg dramatisk bak den vesle fiskarlandsbyen, utan eigentleg å finna stort av interesse verken der eller i byen. Me samlar inn den obligatoriske rapporten og drar vidare, sørvestover nå, mot eit snodig lys i horisonten. Kva kan det vera?

Fyr kanonane!

The Cumaean Canal, vegen til overflata.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Det ser lenge ut til å bli nok ein roleg etappe ved roret, men så, idet me passerer Rowena’s Rocks, ser eg ikkje mindre enn to megalops-krabbar med kurs rett mot oss. Det er ikkje til å unngå: Kanonane må fram. Eg set skuta i forsiktig revers, for å halda oss på trygg avstand, og etter ein handfull kanonadar mot dei to treige og overraskande lite hardføre monstera er det berre hakkemat igjen av dei. Eg tørkar sveitta av panna og pustar ut, vel vitande om at det finst langt farlegare skapningar der ute.

Me set fart på farkosten igjen, og zee-baten kan straks fortelja at det merkverdige lyset me ser like der borte er sjølvaste The Cumaean Canal. Det er hit ein drar om ein har tenkt seg opp til overflata. Rykta seier at det er så lyst der oppe, me kan ikkje eingong førestilla oss korleis det ser ut. Ein dag kan me kanskje våga oss dit sjølv, men den dagen er ikkje i dag; det er ei lang og krevjande reise, og eg har ikkje noko hastverk. I første omgang skal me i ganske andre retningar, og me har førebels ingen ærend her, så når me har fått samla inn den informasjonen me har behov for, set me kursen ut igjen, austover denne gongen.

Sjølv om me framleis er nokså nær London, så merkast det at me allereie er i meir risikable farvatn. Som nemnd finst det langt farlegare skapningar der ute enn nokre usle megalops, og ein av dei har fått ferten av farkosten vår idet me nærmar oss den vesle, ubebudde knausen Lick-a-Monkey Crag. Det er eit eksemplar av arten bound shark – ein gigantisk hai kveila inn i deformerande jernringar. Gloriana er på ingen måte skapt for å hanskast med den slags monstrøsitetar; ho hadde blitt knust til pinneved på sekundar. Eg slukkar skipslyktene og legg skuta forsiktig eit unnamanøvrerande knepp mot babord. Snart kan eg såvidt skimta haien venda snuta sørover, og me kan pusta letta ut.

Eg klarte med naud og neppe å unngå denne karen her.
Failbetter Games

Rotter og marsvin

Ikkje lenge etter dette skjelsetjande nesten-dramaet går me i hamn i tilsynelatande folketomme Saints-Haven, på Pigmote Isle. Her er lange strender av svart jord som det veks digre, palmeliknande sopp (eller soppliknande palmer?) opp av. Eg tuslar litt innover, og snart blir eg møtt av to stolte skapningar: ei rotte og eit marsvin. Rotta er av arten Rattus Faber, som ofte tener til livets opphald som flittige skipsreparatørar. Marsvinet er kledt i hjelm og brynje, ho ser ut til å vera henta like frå middelalderen. Dei verkar å vera ueinige om noko.

«Velkommen til Rat Star Island», seier rotta, han introduserer seg som Edgar, han er maskinist i 3. rottebrigade. Han inviterer meg til å eta med dei, med rottene. Marsvinet trer så fram frå skuggen og ønskjer meg velkommen til Isle of Cavia. Ho kallar seg noko så enkelt og liketil som Lady Augusta Devereaux Swinch of the Blackwater Swinches. Ho er såkalla seneskalk, kva no enn det er, til det eg berre må gå ut frå er marsvinkongen, Gracegnaw den første. Akkurat som Edgar, rotta, inviterer ho meg til å eta med dei, med marsvina. For begge to er det einaste vilkåret at eg tar deira side i den dyriske feiden.

Skal eg støtta marsvina eller rottene? Hmm.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Eg gir begge to høve til å forklara si side av saka, men eg føler meg ikkje stort klokare etterpå. Det verkar å vera ein god, gammaldags kamp om territorium, og sanneleg om eg veit kven som er øyas rettmessige eigar. Så eg går for magekjensla, og den seier rottene. Marsvina framstår som hovne middelklassesvin, mens rottene i det minste verkar som ærlege og arbeidsame gnagarar. Kong Gracegnaw får segla sin eigen sjø, eg støttar Murinia!

Saft scintillack suse!

Mens eg utforskar rottenes hovudkvarter, høyrer eg stadig snakk om denne rottenes stjerne, The Rat Star, som dei har kalla opp øya etter. Den eine rotta kan fortelja meg at det sjølvsagt ikkje er ei stjerne, ho veit jo det, men ho meiner det er betre for rottenes moral å kalla det for ei stjerne likevel. Ho gir meg brillene sine, tilbyr meg å ta ein kikk. Eg takkar ja, og … splitte mine bramseil, kva er det eg ser? Er ikkje dette scintillack? Er ikkje dette den verdifulle steinen eg trudde eg måtte reise over halve havet for å få tak i? Lenger i tankerekkja når eg ikkje før rotta snappar steinen ut av hendene mine igjen: «Me fann den inne i Mount Ararat, midt på øya, der vatnet smakar søtt og det veks korall oppetter veggane. Den er vår. Ingen kan ta den ifrå oss.»

Straks etter hentar rottenes førstemaskinist meg inn til krigsråd. Det er på tide at eg gjer ord til handling; rottene treng hjelp, og dei går ikkje rundt grauten. Korleis har eg tenkt å hjelpa dei?, lurer dei på. Skal eg vera ein passiv rådgjevar? Det medfører ingen risiko, men truleg heller ingen større gevinst for min del. Skal eg tilby strategisk hjelp? Eller skal eg rett og slett ta føringa og imitera ein general? Eg legg fram eit forslag om at eg og mannskapet mitt lager ein distraksjon som kan avleia marsvina, mens rottene sjølv tar seg av offensiven. Det er ikkje utan risiko, men eg har iallfall ein ikkje heilt urimeleg sjanse til å lukkast. Rottene nikkar samstemt, om enn med ein viss skepsis i blikka.

Saint's Haven. Reine dyrehagen.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Ei vellukka avleiingsmanøver

Dermed går me i gang med å kle opp den modigaste – eventuelt dummaste? – dekksguten i gamle, slitne klede, me dekker han med honning og rullar han i øyas svarte, våte jord, så han retteleg ser ut som eit grufullt gjørmemonster. Så sender me han stavrande rett mot marsvinbasen. Frå trygg avstand ser me dei hjelmkledte marsvinhovuda snu seg mot det provisoriske monsteret vårt, og etter eit par sekund med forvirra nøling, kjem dei mot han i full sprint. I same sekund spurtar rottene inn gjennom dei nå nesten marsvintomme portane, dei dei utan større vanskar kan forsyna seg med marsvinas våpen og utstyr. Aksjonen er ein ubetinga suksess! Rottene er frå seg av begeistring. Øystaten Murinia er fødd, og marsvinstanden er slått kraftig tilbake. Me feirar sigeren til langt på natt.

Rottene er gåvmilde, det skal dei ha.
Bjarte Wathne Helgesen/Gamer.no

Morgonen etter får eg med meg omtrent det skuta kan bera av drivstoff, verdifullt parabola-lintøy, og jammen får eg ikkje til og med ein bit med scintillack med på lasset. Før eg drar, oppfordrar eg rottene til å slutta fred med marsvina, konfliktsky som eg er. Eg har hellet med meg for tida: Dei går med på det, og eg kan setja kursen mot Fallen London med mett mage og eit samvit så reint som berre ein fredsmeklar kan ha. Og med ein bit scintillack trygt plassert i lomma. Den er rett nok ikkje frå Port Cecil, men kanskje det likevel er godt nok for den grasiøse enka? Det skal me finna ut av neste gong. Heng med!

Siste fra forsiden