Feature

Spillåret 2021 - Bjarte Wathne Helgesen

Desse spela gler Bjarte seg til i 2021

Spelåret byr på zombiar, kattar, leigemordarar og, ikkje minst, potensielt eit nytt Zelda-spel.

Scavengers Studio, Privat, montasje Gamer.no
Side 1
Side 2

Flere medlemmer av Gamer.no-redaksjonen vil fortelle om de spillene de gleder seg til i 2021 nå på nyåret. Vi har tidligere hørt fra Espen Jansen, Andreas Klebo-Espe og Øystein Furevik. Nå er det Bjarte Wathne Helgesen som skal gi oss sine 10.

2020 var eit spelår heilt på det jamne for meg personleg. Eg brukte desidert mest tid på Animal Crossing: New Horizons, der eg spanderte ein stad mellom 200 og 300 timar på å kosa meg, fiska og slappa av på øya Hattifnatt. Detektiveventyret Paradise Killer var reint spelmessig ein vel så stor favoritt over sommaren, mens året mitt blei avslutta med ein solid dose AAA, med Watch Dogs Legion, Assassin's Creed Valhalla og ikkje minst Cyberpunk 2077.

I 2021 er me rett nok heilt i starten av ein ny konsollgenerasjon, men akkurat det er ikkje eit veldig viktig aspekt for lista mi. Eg har prøvd å setja saman ei liste som inneheld både større og velkjente spel så vel som eit par som kan ha gått under radaren hos ein del, og med ei god blanding når det gjeld plattform.

Berre eitt av spela på lista mi har fått ein konkret utgjevingsdato i skrivande stund. I ei tid med mykje usikkerheit rundt korona-utviklinga og status på ymse finansmarknader er det kanskje ikkje så rart. Eg håpar likevel eg ikkje har gått i fella å velja altfor mange spel som sklir ut i neste år og det som verre er. Og uansett kva status skulle vera på desse ti når året er omme, så gler eg meg vel så mykje til alt det andre eg skal oppdaga i løpet av året, som eg ennå ikkje eingong har høyrd om.

Resident Evil Village

Sjanger: Grøssar
System: PC, PlayStation 5, Xbox Series X/S
Utviklar: Capcom
Kjem: 2021

Eg hadde ærleg talt gitt opp heile Resident Evil etter at dei, etter mi meining, var hamna fullstendig på villspor med Resident Evil 5 og 6. Den nervepirrande skrekken og det sjarmerande B-filmpreget var søkk borte, og me sat til slutt igjen med eit overlessa juletre av eit actionspel. Det kan fungera til sitt bruk, det òg, men det er ikkje det eg ønsker meg av Resident Evil.

Så kom Resident Evil 7, der Capcom openbert hadde plukka inspirasjon både frå Kojimas P.T. og frå ymse found footage-grøssarar. Kanskje var det håp likevel? Og så kom remaken av Resident Evil 2, 2019s beste spel i mine auge, og håpet var for alvor tilbake. Det me førebels har sett av Resident Evil Village, kan tyda på endå litt meir eksperimentering med oppskrifta, samtidig som eg får eit snev av Resident Evil 4-stemning av den rurale settinga. Og nå som Capcom har gjenreist trua mi på Resident Evil-serien, kan eg berre ikkje anna enn å gle meg. Gi meg ein dose T-Virus, Capcom, rett i årene!

Season

Sjanger: Eventyr
System: PC, PlayStation 5
Utviklar: Scavengers Studio
Kjem: 2021

Me har vore gjennom ein del utgåver at Geoff Keighley sitt Game Awards-show nå, og me byrjar vel bli vane med at det lovar meir enn det held. Men det er likevel alltid noko der, det er alltid eit og anna spel som hukar av ein handfull boksar i hjarterota til gameren i meg. Denne gongen var det den tilsynelatande smålåtne indietittelen Season som gjorde det.

Det er ikkje stort me veit om dette spelet, som blir utvikla av Montréal-baserte Scavengers Studio, men spelet si nettside kallar det “an atmospheric adventure bicycle road trip game”, og det høyrest ut som reine drøymespelet å slappa av med for min del. Ut frå traileren å dømma handlar det om å sykla rundt i ei bedageleg og sommarleg verd for å dokumentera flora og fauna – men kanskje er likevel ikkje alt så idyllisk som det kan sjå ut som?

Les også
Anmeldelse: Deathloop

The Legend of Zelda: Breath of the Wild 2

Sjanger: Action-eventyr
System: Nintendo Switch
Utviklar: Nintendo
Kjem: 2021?

Er det ønsketenking å tru at Breath of the Wild 2 kjem i 2021? Kanskje, men håpet lever, og om det nå faktisk kjem ut i år, så er det iallfall ingen andre spel eg ser meir fram til. Breath of the Wild står for meg som eit av dei beste og mest oppslukande spela eg nokon gong har spelt. Heile verdskartet oste eventyr og magiske oppdagingar, og eg sat heile tida med kjensla av at det lurte noko fantastisk, noko vidunderleg, rundt eit kvart hjørne, over ein kvar haug.

Så kor går vegen vidare for Link og Zelda? Traileren frå E3 2019 tyda på at det kan vera snakk om ein nokså direkte oppfølgjar, og at iallfall delar av spelet finn stad under jorda. Kan det vera sett i eit alternativt univers, slik som Majora’s Mask? Eg aner ikkje. Det einaste eg veit, er at når eg får dette spelet i fanget, kan resten av verda segla sin eigen sjø i nokre vekar. Då skal eg på monsterjakt i Hyrule. Eller kor enn det blir.

Sports Story

Sjanger: Rollespel
System: Nintendo Switch
Utviklar: Sidebar Games
Kjem: 2021

Golf Story var eit av spela som overraska meg mest i 2017. Det som kunne sjå ut til å vera ein ganske simpel golfvariant, viste seg å vera eit overraskande djupt, underhaldande og innhaldsrikt rollespel, som hadde langt meir enn berre wood, iron, sandbunkerar og sirleg klippa gras å by på.

Men der Golf Story på mange måtar kom litt ut av ingenting og overraska alle, har australske Sidebar Games nå både meir erfaring å byggja på og høgare forventingar å tilfredsstilla med Sports Story. Håpet mitt er at dei tør å vera hakket meir ambisiøse, samtidig som dei bevarer sjarmen og dei forholdsvis enkle mekanikkane som prega Golf Story. Etter traileren å dømma får me iallfall ein delikat potpurri av ulike sportar i både kjente og ukjente samansetjingar. Fore!

Deathloop

Sjanger: Action-eventyr
System: PC, PlayStation 5
Utviklar: Arkane Studios
Kjem: 21. mai

Merittlista til Arkane Studios er i seg sjølv grunn nok til å gi meg høge forventingar til alt som kjem frå den kanten. Ikkje berre er spela deira gjengangarar på mine årsoppsummerande topplister, Dishonored 2 er attpåtil ganske langt oppe på lista mi over tidenes beste spel.

Når denne gjengen nå diskar opp med ein leigemordar, Colt, som sit fast i ein tidsloop, der han har i oppdrag å kverka åtte mål for å komma seg ut av loopen, då er ikkje eg vond å be. Spe på med fleirspelar-aspektet, der den andre spelaren tar rolla til Julianna, som skal verna om tidsloopen ved å knerta Colt, så snakkar me!

Den store styrken til Arkane er i mine auge nivåutforminga, og det skal bli veldig interessant å sjå korleis dei taklar det som ser ut til å bli eit meir actionprega spel enn det me er vane med frå den kanten. For ikkje å snakka om kor stor fan eg er av den nydelige 60-talsstilen Deathloop køyrer!



Side 1
Side 2

Siste fra forsiden