Feature

Desse spela gler vi oss til i april

Våren er på hell, og spelinfernoet roar ned.

Det har vore ein svært spesiell månad. Mange store og svært etterlengta spel har dukka opp i hyllene, men samtidig er det mange av dei som ikkje har stått til forventningane. Tomb Raider var storslagent, men samtidig keisamt og irriterande, God of War: Ascension makta ikkje på nokon måte å leve opp til tidlegare høgder, og Gears of War: Judgment blei eit svalestup for serien som har gjort konkurranse i å overgå seg sjølv.

Vi har likevel fått nokre herlege perler å kose oss med. Bioshock Infinite står igjen som den store vinnaren og vår anmelder gav det full pott. Slik går det når folk som brenn for det dei gjer får lov til å bruke den tida dei treng på å skape akkurat det spelet dei vil.

Andre perler frå mars er 3DS-eventyret Castlevania: Lords of Shadow – Mirror of Fate, strategikongen StarCraft II: Heart of the Swarm, og ikkje minst SimCity. Sistnemnde har i tida etter lansering slite med nokre alvorlege tekniske feil, men dette slapp vår anmelder unna.

No er det derimot igjen tid for å sjå framover. Det roar seg tydeleg ned i april, men vi finn likevel fleire spanande spel å sjå fram til i vekene framover.

Enorme krabbebeist går tydelegvis aldri av moten.

Defiance

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360, Windows Ute: 2. april

Skytespel finnest det mange av, MMO likeså, men kombinasjonen av dei to er ikkje fullt så vanleg. At eit spel som går hardt ut på begge frontar samtidig kjem til konsoll, i tillegg til Windows, er minst like uvanleg. Dette er derimot ikkje det einaste som gjer Defiance unikt. Spelet er det første som kombinerer eit spel med ein TV-serie. I april dukkar Defiance opp som både MMO og TV-serie, og dei to produkta vil gå om kvarande. På skjermen kan du følgje drama, før du hoppar inn og tar del i moroa sjølv.

Spelet går føre seg i tredjeperson, og her vil du få velje deg ein figur du kan springe rundt og drepe beist med. Historia går føre seg på vår eigen planet langt inn i framtida, der samfunnet har blitt endra fullstendig etter at skapningar frå det ytre rom bestemde seg for at dette var ein grei stad å bu.

Les meir om Defiance

På tide å returnere til gamle trakter.

Age of Empires II: HD Edition

Plattform: Windows Ute: 5. april

Etter lanseringa i 1999 har Age of Empires II blitt ein av dei store klassikarane i Microsoft-biblioteket. Strategiperla som lot deg byggje opp din eigen sivilisasjon gjennom fleire tidsaldrar blanda krigføring med basebygging på meisterleg vis, og står den dag i dag som eit solid høgdepunkt for serien.

Les også
Anmeldelse:

No kjem spelet snart i ein ny og oppussa HD-versjon der vi ikkje lenger må stirre på enorme pixlar om vi vil få oss litt strategisk moro. Ved sidan av ei oppskalering som gjer det heile reint og pent, får vi betre effektar på til dømes flammar og hav. Utover dette har ikkje utviklarane gjort nokon endringar, og alt blir som før. Det vil innehalde alle sivilisajonar frå orginalen, samt The Conquerors-ekspansjonen. Klør du i fingrane etter å vise andre kven som er sjefen kan du kaste deg ut i fleirspelarkampar over Steam.

Les meir om Age of Empires II: HD Edition

Skytespel på gamlemåten.

Shootmania Storm

Plattform: Windows Ute: 10. april

Om du er lei av oppgraderingar og anna tullball som tek vekk merksemda di frå det som verkeleg betyr noko i eit skytespel, er Shootmania Storm midt i blinken for deg. Dette skytespelet frå utviklarane av Trackmania-serien har berre eit mål i sikte: Å hente tilbake moroa slik den var i gamle dagar.

Her er det hopping, tempo og nådelaus presisjon som gjeld. Spelet gjev deg eit våpen, du må lære deg å bruke det, og såleis bli den beste skyttaren på ballen. Det skal vere lett å plukke opp og lære seg, men utfordrande å meistre. I likskap med Trackmania-serien vil det bli lagt stor vekt på brukarskapt innhald i Shootmania Storm, og i tida etter lansering kan vi nok sjå fram til mange nye baner frå kreative spelarar.

Les meir om Shootmania Storm

Meir herleg strategi i vente.

Fire Emblem: Awakening

Plattform: Nintendo 3DS Ute: 19. april

Fire Emblem er ein av dei eldste seriane til Nintendo, og det er ikkje utan grunn at dei taktiske rollespela framleis blir produserte. I desse spela tek du kontroll over ei samling krigarar som du sender ut i kamp på eit rutenett. Det same gjeld for Awakening, og som før må du kjempe mot fiendar gjennom eit stein, saks, papir-system.

Spesielt for serien er at du må vere veldig påpasseleg med korleis du går fram. Om nokon døyr er dei borte for alltid, og dette kan få konsekvensar for både historia og dine moglegheiter i seinare kampar. Om du spelar smart vil du kunne promotere soldatane dine til nye og betre klassar. Nytt i Fire Emblem: Awakening er ein fleirspelarmodus, samt moglegheita for å laste ned nytt innhald.

Les meir om Fire Emblem: Awakening

Når kjemper møtast.

Injustice: Gods Among Us

Plattform: PlayStation 3, Xbox 360, Wii U Ute: 19. april

Utviklarstudioet Netherrealm er betre kjende for å stå bak det siste Mortal Kombat-spelet. Studioet består av fleire veteranar frå gamle Midway, og har lang erfaring med den blodige slåssespelserien. I Injustice: Gods Among Us serverer dei derimot noko ganske anna. Vi får framleis hardhendt slåssing, men denne gongen er det heltar frå DC-universet som skal til kamp.

Superman, Batman og andre kjende figurar står til din disposisjon for å denge laus på andre spelarar, og om du har venta lenge på å endeleg slå fast kven som er den barskaste superhelten, har du sjansen no. I tillegg til å by på ditt vanlege utval av slag og spark, vil kvar superhelt ha unike eigenskapar dei kan nytte i kamp. Superman kan bli superrask, medan Batman kan mane fram ein sverm av mekaniske flaggermus, for å nemne noko.

Les meir om Injustice: Gods Among Us

«Live long, and prosper»

April er kanskje ikkje årets mest intense månad, men vi får likevel servert mange potensielle godbitar. For Star Trek-fans er Star Trek: The Video Game på trappene, og her følgjer vi Spock og Kirk gjennom eit actionfyllt eventyr i J.J. Abrams si nytolking av Star Trek-universet. Eit anna spel som let oss boltre oss i rommet i eit langt meir strategisk format er det djupe og avanserte spelet StarDrive.

Hakket mindre overdådig blir LEGO City Undercover: The Chase Begins som lar oss ta del i historia om alt som skjedde før starten på Wii U-spelet med nesten same namn.

Råkøyrarane blant oss kan få seg litt moro i Trackmania 2: Stadium. Denne populære serien har halde det gåande i mange år no, og engasjerte spelarar får enda meir å boltre seg på.

For dei som framleis kosar seg med zombier får vi i Dead Island: Riptide. Her er det igjen om å gjere å overleve i ei verd full av zombier, men denne gongen får vi dynamisk vær og forsvar av bygningar å bryne oss på. Fekk du ikkje med deg fjordårets perle Dragon's Dogma får du i april ein god grunn til å gjere nettopp det. Då kjem Dragon's Dogma: Dark Arisen, og dette spelet byr på originalversjonen samt nytt innhald i form av ei mørk øy.

Det einaste som gjenstår no er at kong vinter innser han har tapt slaget, trekk seg tilbake, og lar oss spele i varmen.

Siste fra forsiden