Feature

Desse spela gler vi oss til i april

No skal vi køyre ein bil rett inn i roboten slik at den sprenger alle zombiene.

Når til og med ganske råtne spel som Left Alive kan underhalde, då veit du at du lev i ei god tid. Mars har vore ein spenstig månad med mykje rart å by på, og mykje av det har vore svært bra. Både The Division 2 og Dark Souls-studioets Sekiro: Shadow Die Twice har imponert, men kaka tok definitivt Capcom med Devil May Cry 5. Feitare actionspel skal du leite lenge etter.

Like fengsla blei vi ikkje av strategispelet Hearts of Iron IV: Man the Guns, og slåssespelveteranen Dead or Alive si ferskaste utgåve, men det får gå.

Våren er her, og med den kjem eit knippe svært ulike, men forhåpentlegvis veldig underhaldande spel.

Dangerous Driving

Plattform: PlayStation 4, Xbox One
Ute: 9. april

Krasj, for fartens skuld.
Bilde Three Fields Entertainment

Om du saknar Burnout-serien er du ikkje aleine. Det er mange som kan lage bilspel, men det er ingen som har gjort det heilt slik Criterion gjorde det med den tilsynelatande avdøde Burnout-serien. Her handlar det ikkje berre om å køyre fort, men òg om å gjere mest mogleg skade på motstandarane.

Dangerous Driving kjem frå dei kreative hjernane bak Burnout, og er som du kanskje har forstått ein andeleg oppfølgjar til den serien. Her handlar det om å køyre fort, koste kva det koste vil. Desto villare du køyrer, desto fortare går det. Sleng deg inn i bilar, utfør livsfarlege stunt, og få gjerne motstandarane til å krasje stort for nokre ekstra poeng.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dangerous Driving

Earth Defense Force: Iron Rain

Plattform: PlayStation 4
Ute: 11. april

Skadedyrkontrollen har møtt veggen.
D3 Publisher

Earth Defense Force-serien har av ein eller anna merkeleg grunn aldri heilt fått fotfeste utanfor heimlandet Japan. Serien handlar om ein ting; skyte gigantiske beist. Romskip sirklar rundt planeten, plantar massar med maur, edderkoppar og anndre kryp store som hus, og gjer jamt over livet surt for alle og ein kvar. Din jobb er naturlegvis å rydde opp i dette.

Med Earth Defense Force: Iron Rain gjer utviklarane eit forsøk på å fri til vesten ved å pakke det heile inn i eit hakket meir seriøst utforma gåvepapir. Du får kjempe mot maur, robotar og massive kaiju-monster over heile verda, og som om det ikkje var nok, kan du øydeleggje så og seie alt. Om byen ikkje er jamna med jorda når du er ferdig, har du eit forklaringsproblem.

Les også
Anmeldelse: Anno 1800

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Earth Defense Force: Iron Rain

Anno 1800

Plattform: Windows
Ute: 16. april

Det er noko meditativt ved slike syn.
Ubisoft

Anno-serien er ein god, gammal travar for alle som likar å bygge opp sine eigne byar og samfunn. Serien har prøvd seg på ei rekke tidsepokar der vi både har utforska fortid og framtid, men no er det tid for eit blikk på 1800-talet og den industrielle revolusjonen. Spelet byr på både kampanje- og sandkasse modus, og ein ny blueprint-funksjon vil la deg planlegge byane dine betre. Vi likte det vi fekk sjå i vår sniktitt:

«Det er moro med eit skikkeleg godt bybyggarspel, og sjøv om det enno er tidleg, har eg hatt det moro med Anno 1800. Å utvikle seg frå å vere ein liten fiskelandsby til ein vaksande metropol får hjartet til å pumpe blod, og før du veit ordet av det er klokka såpass mykje at du teknisk sett burde stått opp allereie.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Anno 1800

Mortal Kombat 11

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 23. april

Mortal Kombat er like blodig som alltid.
Netherrealm Studios

Slåssespelserien Mortal Kombat er tilbake med eit pang, og då er det naturleg å forvente store mengder blod, knoklar og rå brutalitet. Gamle heltar som Sonya Blade, Scorpion og Sub-Zero er sjølvsagt på plass, men nokre nye vil garantert dukke opp. Her blir det sideskrollande slåssing av den gode, gamle sorten, sjølvsagt med ei rekke betialske avslutningsangrep som vil gjere ein allereie godt bedøva fordeldregenerasjon svimle.

Nytt for denne gong er nye fatalitetar og brutalitetar som satsar på å ta brutaliteten til atter ny nivå. Vi får til dømes eit spesialangrep som berre kan utførast når du har fått helsa banka godt ut av deg. Krushing Blow er på si side ein svært detaljert og filmatisk angrep designa for å utfordre sarte sjeler.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mortal Kombat 11

Days Gone

Plattform: PlayStation 4
Ute: 26. april

Mann mot natur, betre i teorien.
Sony Computer Entertainment

Personleg var eg møk lei zombier allereie for fleire år sidan, men det har ikkje hindra ein jamn straum med kvalitetsbevisst zombierelatert underhaldning i å velte over oss. Sist ut er Sonys Bend Studios med Days Gone. I dette actionspelet får du køyre motorsykkel gjennom apokalypsen, og gjere det du kan for å unngå å hamne mellom tenna på svoltne lik på vandring.

Days Gone byr på ei diger verd som konstant er ute etter å ta knekken på deg. Om zombier ikkje skulle vere nok, finnest det forkvakla menneske som òg gjerne flerrar kjøtet av kroppen din. Vi var ikkje heilt med på notane etter å ha testa det, men vi får satse på at utviklarane har fått alle skruar på plass i tide før lansering.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Days Gone

Kjærkomne gjensyn

Final Fantasy XII går multiplattform.
Square Enix

Noko har skjedd. Dei siste åra har vi gått frå å så og seie alltid få servert stort sett nye spel kvar månad, til å få ei handfull nye spel, pluss eit steinras av gamle spel i ny innpakning. April er langt frå noko unntak. Månaden startar med at actioneventyret Darksiders: Warmastered Edition tek turen til Switch for å gje Switch-klubben noko godt å tyggje på.

Eit lite steinkast lengre inn i månaden finn vi Phoenix Wright: Ace Attorney Trilogy endeleg introduserer advokatserien for dei som helst spelar på heimekonsoll eller PC. Dette er ikkje alt Capcom har å by på denne månaden, for eit par veker seinare lanserer dei Dragon's Dogma: Dark Arizen på Switch, og no er du heilt tom for unnskuldningar om du enno ikkje har spelt det!

Om du treng fleire rollespel frå Japan får vi eit par skikkelege godbitar i april. Square Enix har bestemt seg for å dytte alt av Final Fantasy over på alt av plattformer, og lanserer i så måte både Final Fantasy XII og Final Fantasy X/X-2 på både Xbox One og Switch denne månaden.

For den som heller vil ha eit vestleg rollespel, kan det kanskje freiste med Wasteland 2 som lanserast på Switch, og Switch ser faktisk ut til å vere staden det skjer i april. Det tidlegare Microsoft-eksklusive plattformspelet Cuphead dukkar opp på Switch, og det same gjer plattformgåteløysingspelet Boxboy and Boxgirl. Enda meir moro får Switch-publikummet frå kortrollespelet SteamWorld Quest, og ikkje mist Tanks Meet Zombies. I sistnemnde skal du gønne ned zombier med stridsvogner. Kjekt.

Enda litt meir moro blir det sjølvsagt denne månaden. I Bomber Crew: Complete Edition skal du sørgje for at eit bombefly er i tipp topp stand, medan du i Our World Is Ended får sjå kva som skjer når ein gjeng utviklarar lagar eit spel som viskar ut grensene mellom kva som er verkeleg og kva som er eit spel. I Super Dragon Ball Heroes: World Mission får vi på den andre sida sjå kva som skjer når ein blandar action med kortspel.

Heilt til slutt tek vi med enda eit zombiespel. Mange år etter både filmen og boka den er basert, kjem World War Z-spelet. Dette blir eit actionspel med fokus på samarbeid, feller og ikkje minst å overleve.

God speling!

Siste fra forsiden