Feature

Desse spela gler vi oss til i august

Vi håpar du er ferdig med sommaren, for no brakar det laus.

Sjølv om det i skrivande stund teknisk sett står juli på kalenderen ser det meir ut som god tradisjonell vestlandsjul når eg no kikar ut vindauget. Regnet kjem ned i bøtter og spann, og i slike sorgfulle stunder er det berre ein ting som held motet oppe: Synet av ei lanseringsliste som brått blir tettare og full av spanande titlar. Denne burde fortelje både den eine og den andre at no er det store haustsleppet snart over oss. Det kan bli ein krevjande periode for dei med tynn lommebok, så som seg hør og bør siler vi ut dei aller mest spanande spela.

Juli har som vanleg vore ein tørr månad, på spelfronten i alle fall. Elvane ute seier noko anna. Sjølv om vi ikkje akkurat har blitt bombardert med nye spel, har vi definitivt motteke god underhaldning. Månaden starta med det mildt sagt imponerande MMO-spelet The Secret World frå Funcom, før det dabba litt av med ei solid dose ikkje fullt så minneverdige spel.

Edderkoppen har dukka opp igjen utan å setje fyr på så mykje anna enn peisen ein sein kveld, og Capcom har ført meir krig mot kroppen din enn dei fiendtlege soldatane du helst skal drepe i det ikkje heilt vellukka tankrobotspelet Steel Battalion: Heavy Armor.

Vi vel med det å sjå framover, og har valt ut ei variert og smakfull liste over dei fem mest interessante spela i august:

Tilbake til soppriket.

New Super Mario Bros. 2

Plattform: 3DS Ute: 17. august

Kven blir vel ikkje glade så snart dei høyrer namnet Mario? Den runde og elskverdige røyrleggjaren med ein stor kjærleik for sopp og sterke fargar (!) vender tilbake for enda fleire eventyr. Igjen skal du ta inn forskjellige tvilsame substansar for å hoppe på ting og redde prinsessa, og eg må strengt tatt seie at dette no er i ferd med å høyrast ut som noko heilt anna enn skildringa av eit barnespel.

Dei største nyhenda i det nye spelet er at vaskebjørnkostymet vender tilbake. Du kan sjå fram til å få både øyre og hale slik at han kan angripe fiendar og fly høgt oppe i lufta i godt selskap med skyene. New Super Mario Bros. 2 vil i tillegg ha eit enda større fokus på å sanke gullmyntar enn før, med mange nye måtar å sanke enorme mengder gull på. I tillegg vil vi få møte gamle kjenningar på ny, blant anna dei sure avkoma til Bowser, samt Renzor-dinosaurane frå Super Mario World.

Les meir om New Super Mario Bros. 2

Hong Kong-action på sitt beste?

Sleeping Dogs

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 17. august

Før i tida heitte Sleeping Dogs True Crime: Hong Kong, men så blei det dumpa av Activision. Dette syntest nokre kloke hovud i Square Enix var skammeleg, og tok det under venga si. Kor store endringar som har skjedd sidan spelet skifta eigarar er ikkje godt å seie, men dette djupdykket inn i det kriminelle Hong Kong-miljøet er så absolutt lovande.

Les også
Anmeldelse:

Som ein ung politimann skal du infiltrere det kriminelle miljøet, noko som er lettare sagt enn gjort. Gjer deg klar for vanvittige biljakter i ein enorm og levande by som skil seg hardt frå dei vi ser i vestlege spel. Om du er lei skyting og heller vil dele ut kustus med knokane dine kan du glede deg over at spelet byr på eit solid kampsystem som let deg parkere fiendane dine i alt frå stor søppeldunkar til livsfarlege ventilasjonsanlegg.

Les meir om Sleeping Dogs

Døden ventar på deg.

Darksiders 2

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 21. august

Om du var ein av dei som gret bitre tårer då Darksiders II blei utsett tidlegare i år, er tida di endeleg komen. Døden sjølv er klar for å bli styrt av tomlane dine, og det bør jo bli spanande. Spelet er ikkje teknisk sett ein direkte oppfølgjar til Darksiders, men vel heller å vise historia i det første spelet frå ein annan vinkel. Darksiders handla jo som kjent om den store apokalypsa, og det er litt vanskeleg å få i gong ei slik meir enn ein gong.

Av denne enkle grunn møter vi altså Death, broren til War som var helten i det første spelet. Mykje vil nok vere det same som i det første spelet. Vi vil få den same miksen av element henta frå Zelda- og God of War-spela, samt ein del nye element for å gjere heile greia frisk og ny. Om du ikkje fekk nok av det første spelet kan du glede deg over at karta i Darksiders II etter sigande skal vere dobbelt så store som i forgjengaren.

Les meir om Darksiders II

Kan Guild Wars 2 snu opp ned på MMO-sjangeren?

Guild Wars 2

Plattform: PC Ute: 28. august

Synest du den enormt populære MMO-sjangeren har stagnert litt? Det synest gjengen i ArenaNet òg, noko som har sendt dei ut på eit krigstokt for å innovere i alle ledd. I Guild Wars 2 møter du ingen statiske eventyr frå statiske folk i ei statisk verd som aldri endrar seg. Her skal verda endre seg i forhold til kva spelarane gjer. Samtidig vil du få ei mykje meir personleg historie rundt spelfiguren din, meir som i tradisjonelle rollespel.

Planane for spelet er ambisiøse, og det er ikkje berre verda og figurane som skal bli minnerike i MMO-spelet utan abbonementsavgift. Kampsystemet lovar å bli noko heilt spesielt, der eigenskapar og posisjonering blir svært viktig. Om ein på laget ditt set opp ein vegg av eld, kan du til dømes skyte piler gjennom den for å lage brannpiler. Om ArenaNet får til alt dei prøvar på kan dette bli stort.

Les meir om Guild Wars 2

Som i dei fleste japanske rollespel må plantene døy.

Tales of Graces F

Plattform: PlayStation 3 Ute: 31. august

For eit par år sidan hadde vi ein intens vår der eit lass av japanske rollespel ramla inn over oss. Dei siste åra har det derimot blitt lengre og lengre mellom dryppa. Omsider dukkar det endeleg opp eit nytt rollespel på PlayStation 3 i form av Tales of Graces F. Som vi nesten kan forvente oss frå japanske rollespel får vi kose oss med folk som hugsar mindre enn ingenting, unge heltar som veks seg store og modige, og som alltid i Tales-serien; mykje herleg, japansk humor.

Det velkjende og actionfylte kampsystemet vender sjølvsagt tilbake med nokre justeringar og endringar for å gjere opplevinga enda betre. Som ein av dei siste seriane i sjangeren får vi i tillegg vandre over eit stor verdskart når vi reiser frå område til område. Om du har JRPG-abstinensar får du med andre ord snart i både pose og sekk.

Les meir om Tales of Graces F

Stemningsfull zombieaction i Deadlight.

Noko for ein kvar

Eit anna rimeleg stort spel som dukkar opp i august er eit nytt innslag i den populære Counter-Strike-serien med Global Offensive. Om skytemuskelen har blitt støl i sommar er det med andre ord berre å byrje med tørrtreninga. Om du ikkje er den store tilhengjaren av det høge tempoet i Counter-Strike kan det kanskje freiste med litt snikskyttaraktivitet i Sniper: Ghost Warrior 2.

I august rundar i tillegg Microsoft av sitt årlege Summer of Arcade-initiativ. Her får vi sideskrollande zombieaction i Deadlight, og enda meir sideskrollande action i det pene og teikneserieaktige Dust: An Elysian Tail. Om du heller vil ha litt tung rollespeling og ikkje har ein dugandes PC, kan kanskje konsollversjonen av Risen 2: Dark Waters freiste.

Meir action blir det i Transformers: Fall of Cybertron, medan den nyoppussa versjonen av Death Rally omsider finn vegen til PC.

Som du ser er det mykje godt i vente, og om du framleis ikkje har fått tid til å kvile auga i sommar har du ikkje lenge igjen. August blir ein bra månad, men det er likevel berre opptakta før det verkeleg store trøkket som vanleg startar i september.

Siste fra forsiden