Feature

Desse spela gler vi oss til i august

Orkar mot menneske, monsterjakt og ein tur på sjukehuset står på programmet denne månaden.

Eg hugsar eit punkt i vinter då eg banna stygt, spytta i bakken, og sa noko sånt som dette «om vi ikkje får ein skikkeleg sommar etter denne <ord fjerna for å skåne lesaren> vinteren, flyttar eg til <ord fjerna>».

Ein god sommar. Ikkje ei brunsvidd audemark der ingen skulle tru at noko kunne gro. Ja, det har vore heitt. Så heitt at det å spele eit spel nokre timar produserer like mykje sveitte som å springe bakkeløp tre dagar i strekk.

Likevel, vi har orka å kome oss gjennom eit knippe spel i sommar. Vampyr var forferdeleg, The Awesome Adventures of Captain Spirit gav oss eit godt eventyr, og vi fekk køyre bil i The Crew 2. Den store vinnaren i sommar må seiast å vere Nintendo Switch. Her har vi fått fleire knakande gode opplevingar i Mario Tennis Aces, Captain Toad Treasure Tracker, og ikkje minst Octopath Traveler som godt mogleg har årets beste musikk.

No skal vi derimot sjå framover mot det som sikkert blir enda ein brennheit månad.

World of Warcraft: Battle for Azeroth

World of Warcraft er tilbake med ny ekspansjon.
Blizzard

Plattform: Windows, Mac
Ute: 14. august

Det finnest folk som spelar World of Warcraft som aldri har levd i ei verd utan World of Warcraft. Tenk litt på den. At Blizzard har klart å halde spelet i live så lenge er ei bragd, men at det framleis er så populært som det er, er kanskje ei enda større bragd. Ein av grunnane til det er sjølvsagt ein stabil straum med nytt innhald, og i år får vi enda ei ny ekspansjonspakke til det legendariske MMO-et.

I Battle for Azeroth får vi som venta mykje nytt innhald. Mange gameplayelement vil bli justert, og nivåtaket blir heva til 120. På toppen av det finn vi ei rekke nye område, mykje spelar mot spelar-innhald, og ved å fullføre oppdrag kan spelarane rekruttere allierte rasar som du i tillegg kan lage nye karakterar med.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på World of Warcraft: Battle for Azeroth

Shenmue I & II

No får du endeleg sjansen til å spele klassiske Shenmue.
Sega

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 21. august

Vi plar ikkje inkludere nye utgåver av gamle spel i desse artiklane. Dei fortener det ikkje. Dei er enten for gamle, eller så har vi snakka om dei før. Shenmue er derimot eit unntak. Desse spela er for gamle, og for viktige til å hoppe over. Etter ein vellukka Kickstarter-kampanje for nokre år tilbake var utviklinga av Shenmue III eit faktum, og det er nok mykje difor at Sega har bestemt seg for å gje ut dei to første spela på ny.

Les også
Anmeldelse: Two Point Hospital

Du spelar den unge kampsportstudenten Ryo Hazuki som etterforskar drapet på far sin. Shenmue-spela var svært tidleg ute med å by på ei opa og levande verd full av detaljar som vi no ser på som daglegdagse. I denne verda må du leite etter spor, snakke med folk, og hamle opp med skurkar i ein og annan kamp inspirert av Sega-slåssespelserien Virtua Fighter.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Shenmu I & II

Monster Hunter Generations Ultimate

Tid for monsterjakt på Switch.
Bilde Capcom

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 28. august

Det blei litt furore av den negative sorten då Capcom kort tid etter avsløringa av Monster Hunter: World var noko vage på om Switch-spelet Monster Hunter Generations Ultimate ville kome til den vestlege verda. Nokre negative reaksjonar og ein del månader seinare kom endeleg svaret, og i august får Switch-publikummet òg kose seg med monsterslakt.

For dei mange som har spel Monster Hunter: World i år vil det meste vere rimeleg velkjent i Generations, men vi finn ei rekke unntak. Dette er Monster Hunter på gamlemåten, og det betyr at du får hakket mindre hjelp til å finne fram, og karta er delt inn i soner. Når det er sagt, er det ingen tvil om at vi kan sjå fram til mange timar med frenetisk monsterjakt.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Monster Hunter Generations Ultimate

Two Point Hospital

Har du det som skal til for å drifte eit effektivt sjukehus?
Sega

Plattform: Windows, Mac, Linux
Ute: 30. august

Theme Hospital! Der, eg sa det. Om du no ikkje stirrar i taket med blanke auge og eit lengtande smil om munnen som er akkurat open nok til at ein bitteliten skvett med sikkel renn ned haka di, er du for ung. Theme Hospital var sjukehusspelet som sette sjukehus på kartet, og det var fylt med humor, sjarme og eit lybilete som for alltid har forankra seg som slik sjukehus høyrest ut, for min del i alle fall.

No er to av skaparane bak Theme Hospital tilbake med den andeleg oppfølgjaren Two Point Hospital. Dette blir eit spel i same gate som Theme Hospital der pasientane vil kome inn med den eine absurde sjukdommen etter den andre. Din jobb bli å passe på at sjukehuset fungerer som det skal, og at alle er glade. Det bør vel ikkje bli så vanskeleg, eller?

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Two Point Hospital

PES 2019

Klart til avspark.
Konami

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 30. august

Eit nytt år, eit nytt PES. FIFA sin største og einaste konkurrent er tilbake, men denne gongen utan UEFA-lisensen dei har ruga på i ti år. Det er derimot ingen grunn til å fortvile, om vi skal tru Konami, for no får vi mange ligaer frå heile verda. Vi får bryne oss på både russiske, argentinske og til og med danske ligaer, så det står ikkje på innhaldet.

Som vanleg handlar PES om å sparke ein ball, men det stoppar ikkje der. Spelet byr på elleve nye eigenskapsområde som vil gjere dei ulike spelarane meir unike, her snakkar vi om alt frå å korleis ballen blir skoten, til spelarar som blir synleg slitne av strabasane på bana.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på PES 2019

Mykje vil ha meir

Det suverene rollespelet Divinity: Original Sin 2 kjem til konsoll.
Larian Studios

Vidare denne månaden finn vi ikkje berre eitt, men heile to Yakuza-spel. Først ut er Yakuza 0 som dukkar opp på Steam, nokre veker seinare får PlayStation 4 besøk av Yakuza Kiwami 2, ein oppussa versjon av Yakuza 2.

Denne månaden får endeleg PC-folket rotte seg saman for å jakte massive beist i Monster Hunter: World. Om du likar monster som er hakket lettare å handtere presenterer Rebellion Strange Brigade. I dette Left 4 Dead-spelet skal du reise tilbake til 1930-talet for å jakte mytologiske utyske. Samarbeid av ein litt anna sort finn vi i kokkespelet Overcooked 2.

Treng du litt plattformaktivitet kan det kanskje freiste med Guacamele 2. Om rollespel er meir di greie kjem endeleg Divinity: Original Sin 2 til PlayStation 4 og Xbox One.

For sportsentusiastane som ikkje likar fotball, byr Madden NFL 19 på amerikansk fotball, og for racingentusiasten dukkar formel 1-spelet F1 2018 for å få opp farten litt.

Med det takkar vi for denne gong. God speling.

Siste fra forsiden