Feature

Desse spela gler vi oss til i desember

O jul med di herlege glede.

Square Enix, Ubisoft, Nintendo, montasje Gamer.no

Vi har lagt ein mildt sagt hektisk månad bak oss. Spela har velta over oss som ei flodbølgje i desse haustvêrstidene, men vi kan ikkje klage. Kvaliteten har jamt over vore høg, og vi har fått servert den eine herlege opplevinga etter den andre. På toppen av haugen finn vi ikkje uventa Fallout 4, eit spel vi likte så godt at vi klinka til med full pott.

Ingen andre spel nådde like høgt opp, men vi storkosa oss med skyting i Star Wars Battlefront og sende krigsskipa av garde i StarCraft II: Legacy of the Void. Lara Croft sende oss ut på nye og spanande eventyr i Rise of the Tomb Raider, medan vi fekk enda eit solid tilskot i Call of Duty-familien med Black Ops III.

Til og med danseløvene fekk sitt i Persona 4: Dancing All Night, medan fotballfolket fekk kven som verkeleg kan fotball i Football Manager 2016. Bilentusiastane måtte derimot ta til takke med det ikkje heilt overbevisande Need for Speed.

Men no, er det tid for å hive seg over årets siste månad.

Just Cause 3

Rico, vår mann i sola.

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 1. desember

Eit nytt spel i Just Cause-serien betyr som regel først og fremst ein ting; galskap. Atter ein gong tek vi på oss rolla som Rico Rodriguez, og igjen må han gå til krig mot ein diktator. Dette er sjølvsagt berre eit skalkeskjul for å la spelaren utføre vanvittige sprell både i lufta og på bakken, samt nytte fysikkens lover til å øydeleggje så mykje som på nokon måte mogleg. Vi hadde lite vondt å seie om spelet i vår sniktitt:

«No er det jaggu ikkje lenge igjen til gud og hvermann får ta på seg rolla som barsk frihdomsforkjempar. Just Cause 3 ser ut til å byggje perfekt vidare på rammeverket frå forgjengaren, og igjen sit vi med det som ligg an til å bli eit av dei lekraste og mest leikne speluniversa på lenge.»

Les artiklar, sjå bilete, og finn beste pris på Just Cause 3

Rainbow Six Siege

Ver snill no, elles kjem politiet og tar deg.

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 1. desember

Rainbow Six-serien har levd eit godt og langt liv, men det har gått nokre år sidan vi siste fekk ta turen inn i dette universet. Ubisoft har brukt tida på å gjere i svært markant endring på formelen. I Rainbow Six Siege har utviklarane fullstendig droppa einspelardelen frå spelet, til fordel for eit spel som utelukkande set spelarar opp mot kvarandre.

Les også
Anmeldelse: Mario & Luigi: Paper Jam Bros.

Grunnen til dette er eigentleg såre enkel. I Rainbow Six Siege finn vi to lag, og i korte trekk er det gode, gamle politi og røvar som får nytt liv. Til dømes kan eit lag spele politi, medan det andre tek på seg rolla som gisseltakarar. Slikt fører naturlegvis til intense kampar der god planlegging garantert blir viktig for å ordne opp i situasjonen.

Les artiklar, sjå bilete, og finn beste pris på Rainbow Six Siege

Xenoblade Chronicles X

Spanande eventyr ventar.

Plattform: Wii U
Ute: 4. desember

Årets største japanske rollespel får den litt tvilsame æra av å lande på spelkonsollen som godt mogleg har det minste publikummet akkurat no. Det gjer derimot ikkje Xenoblade Chronicles X til eit mindre freistande spel. Her får vi ei massiv og opa verd som skal vere heile fem gongar større enn den rimeleg digre verda vi fekk boltre oss på i det første spelet i serien.

Vi kan vente oss framande og fargerike verder fulle av eit merkeleg og faretruande dyreliv. Spelet blir eit solid science fiction-rollespel der du får kjempe med alskens avanserte våpen, og ikkje minste digre kamprobotar. Om spelet blir like bra som Xenoblade Chronicles til Wii har vi ei skikkeleg perle i vente.

Les artiklar, sjå bliete, og finn beste pris på Xenoblade Chronicles X

Mario & Luigi: Paper Jam Bros.

Mario & Luigi er alltid godt selskap.

Plattform: Nintendo 3DS
Ute: 4. desember

Nintendo har gjort mange spelarhjarte glade med sine rollespel i Mario-universet. I ei årrekke har dei laga spel i Mario & Luigi-serien, samt Paper Mario-spela. Med Mario & Luigi: Paper Jam Bros. har Nintendo valt å putte begge desse seriane inn i eitt og same spel. Det heile startar like uskuldig som Mario-spel stort sett startar. Luigi snublar i ei bok, og brått kjem figurar frå Paper Mario-verda inn i den vanlege Mario-verda.

Med dette får vi eit trekløver der Mario, Luigi og Paper Mario må springe rundt for å ordne opp i ei rekke problem. Dette introduserer Paper Marios unike eigenskapar til Mario og Luigis tredimensjonale verd. Om tidlegare Mario-spel er noko å døme etter, bør alt vere klart for eit nytt, leikent og artig eventyr.

Les artiklar, sjå bliete, og finn beste pris på Mario & Luigi: Paper Jam Bros.

Smått og godt

Må ikkje gløyme Lightning, må vite.

Som du kanskje ser har vi litt mindre i vente i desember enn dei føreståande månadane. Ikkje så rart kanskje. Dei store utgjevarane vil helst få ut spela sine i god tid før jul. Ein må jo passe på at godsakene er ute i god tid før julegåvehandelen, og ikkje minst Black Friday.

Vi ha likevel nokre fleire godsaker i vente denne månaden. Europa Universalis IV-utvidinga The Cossacks dukkar opp i god tid før jul, og lovar å by på ei rekke nye utfordringar for taktikaren. Sidan vi held oss i svunne tider, passar det godt å ta med at fleirspelarspelet Chivalry: Medieval Warfare blir lansert på Xbox One og PlayStation 4 i desember. I dette spelet skal du med sverd og rustning hakke laus på gode vener, om slikt skulle passe for deg.

Fleire sverd og ein solid porsjon magi vil vi finne i to spel frå Square Enix som får PC-lansering i desember. Actionspelet Dragon Quest Heroes dukkar snart opp på Steam, og det same gjer Lightning Returns: Final Fantasy XIII. Sistnemnde blei lansert på konsoll for fleire år sidan, men betre seint enn aldri, får ein seie.

Til slutt må vi ta med at den norske babygrøssaren Among the Sleep lanserast på PlayStation 4 i desember.

Med det seier vi god jul og godt nytt år. Nyt ferien!

Siste fra forsiden