Feature

Desse spela gler vi oss til i desember

Det blir store eventyr og elleville kampar i årets siste månad.

Ein ganske hektisk månad ligg bak oss. Både Microsoft og Sony har lansert nye konsollar, og dei blei rivne bort raskare enn folk var i stand til å klikke oppdater i nettlesaren. I tillegg til nye konsollar har vi fått ein solid haug med flotte nye spel å kose oss med. Hyrule Warriors: Age of Calamity gav oss herleg action med Zelda og Link, The Pathless bydde på eit fartsfylt og unikt eventyr, Kingdom Hearts: Melody of Memory var eit strålande rytmespel, nyversjonen av Demon's Souls var like heftig som vi hadde håpa, og Assassin's Creed Valhalla var eit på alle måtar verdig vikingtokt.

Men det stoppar ikkje heilt der med godsakene ser du. Yakuza: Like a Dragon er godt mogleg det neste spelet i serien, medan Spider-Man- Miles Morales og Astro's Playroom gav PlayStation-publikummet nokre solide, eksklusive opplevingar.

Men no er det nok fortid, fremad!

Empire of Sin

PlayStation 4, Xbox One, Switch, Windows, Mac
Ute: 1. desember

Det ser ut til å bli god stemning i Empire of Sin.
Paradox Interactive

Empire of Sin er det nyaste spelet frå John og Brenda Romero, eit ektepar som bak seg har alt frå Doom til Dungeon & Dragons og Playboy på merittlista. Empire of Sin er derimot noko ganske anna. Spelet tek oss med til forbodstida i USA der vi får ta på oss rolla som ein mafiaboss. Jobben din er å utvide riket ditt med blant anna nye forretingar som casino og bordell.

Spelet er turbasert og dette vil merkast veldig tydeleg når du omsider endar opp i kamp, noko du må gjere om du vil ta over nokon andre si bedrift. Spelet hentar gode doser med inspirasjon frå X-Com, og byr på undersåttar som kan utvikle seg og endre oppførsel basert på kva dei oftast blir eksponert for. Valutaen i spelet er ganske passande alkohol, så dette lovar å bli eit spel som byr på ei litt anna oppleving enn taktiske rollespel gjerne byr på.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Empire of Sin

Twin Mirror: Lost on Arrival

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 1. desember

Denne byen lovar å by på sine utfordringar.
Namco Bandai

Gjennom ei årrekke har franske Dontnod produsert episodiske spel med stor vekt på historie. Spel som Life is Strange, Vampyr og Tell Me Why har alle hausta mange lovord, og har gjeve selskapet ein posisjon som gode forteljarar. Det nyaste prosjektet frå dei bryt litt med dei overnaturlege elementa dei ofte inkluderer i spela sine, men passar liikevel godt for vintermørkret; ein psykologisk triller.

Vi møter Sam Higgs, ein tidlegare gravande journalist med eit uvanleg analytisk hovud. Etter eit dødsfall ser han seg nøydd til å reise tilbake til heimbyen han aldri trudde hans kulle sjå igjen. Her skjer det naturlegvis mykje i skuggane, og din jobb blir å nøste opp i kva som skjer, samle spor, og navigere mellom folka som bur der, og gjere val som kan få store utslag for korleis historia går vidare.

Les også
Anmeldelse: Immortals Fenyx Rising

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Twin Mirror: Lost on Arrival

Worms Rumble

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Windows
Ute: 1. desember

Worms er ikkje lenger turbasert.

Eg kan framleis hugse kor ufatteleg rått det var då eg og ein ven ein gong i 1995 slo oss saman om å skaffe oss det aller første Worms-spelet. Det blei mange seine kveldar med banana bomb og ninja rope, og tukling med instillingar for å gjere våpna enda meir spinnville enn dei allereie var, Mykje har skjedd sidan den gong, og den nesten komisk barske stilen veik kjapt for eit lystigare uttrykk.

Det har ikkje vore så alt for mykje nyvinning å spore hos denne serien, men med Worms Rumble har Team 17 fått ut fingeren og har bestemt seg for å tenkje nytt. Worms Rumble er det aller første spelet i serien som er i sanntid. Her blir det Death Match og Battle Royale med balltre, dynamitt, flygande sauer og mykje nytt. Spørsmålet blir jo kva som no under overflata vil skilje Worms frå alle andre skytespel der ute, men det finn vi tidsnok ut. Er du PS Plus-medlem får du spelet gratis denne månaden.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Worms Rumble

Immortals: Fenyx Rising

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Switch, Wiondows, Stadia
Ute: 3. desember

Immortals: Fenyx Rising er eit digert og vakkert eventyr.
Øystein Furevik/Gamer.no

Immortals: Fenyx Rising er noko heilt nytt frå Ubisoft. Etter Assassin's Creed Odyssey blei utviklarane inspirerte til å leike seg enda litt meir med den greske mytologien, og resultatet er eit fargerikt spel som hentar ikkje reint lite inspirasjon frå The Legend of Zelda: Breath of the Wild. Med ei svær, nydeleg verd er alt klart for eit stort eventyr. Vi har allereie testa spelet, og fann mykje å glede oss over:

«Immortals Fenyx Rising er eit flott, vakkert og underhaldande spel. Det byr på mange timar med underhaldning, og det vil krevje stor tidsmessig innsats om du skal nå gjennom alt spelet byr på. Dette er eit av dei spela der det er veldig lett å berre gjere ein ting til fordi det alltid ligg eitt eller anna og ventar bak neste knaus. Det er lett å la seg fange, og brått innsjå at klokka er mykje meir enn den burde vere.»

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Immortals: Fenyx Rising

Cyberpunk 2077

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 10. desember

Cyberpunk 2077 er endeleg på plass.
CD Projekt RED

Etter ei lang rekke med utsetjingar er det nesten litt surrealistisk i sjå at spelet Cyberpunk 2077 er like rundt hjørnet. Det er eit av den avtrappande konsollgenerasjonens mest etterlengta spel, og det er ikkje utan grunn. CD Projekt Red, studioet som er best kjende for å ha lage den massive rollespelsuksessen The Witcher, basert på bøkene med same namn, prøvar seg no på noko heilt nytt.

Vi lev framleis i rollespelland, men vi byter ut sverd, magi og monster til fordel for framtidsvisjonar der kuler og elektronikk tek over for fantasien. Vi blir lova ei enorm verd, enormt med valmoglegheiter, og eit spel der du skal kunne vere så og seie nøyaktig det du vil, godt hjulpen i gong av ein svært så fleksibel karakterbyggar. Ein haug med gratis nedlastbart innhald skal òg vere på veg, så her bør det vere nok å bite tenna i i lang tid framover.

Sjå bliete, les artiklar og finn beste pris på Cyberpunk2077

Litt attåt

Call of the Sea blir, om ikkje anna, vakkert.
Raw Fury

Det er snart jul, og med det roar som regel spelindustrien ned litt med nye utgjevingar. 2020 er ikkje noko unntak, og det er ikkje så mange fleire spel å ramse opp før året er omme. Eitt og anna spel finn vi riktignok. Ta til dømes Call of the Sea, eit vakkert eventyr der du i rolla som Norah legg ut på reise for å finne den bortkomne ekspedisjonen mannen hennar var ein del av.

Meir eventyr får vi i nyversjonen av Sam & Max Save the World. Dette var eit av dei alle første episodiske eventyrspela frå Telltale Games, og det blir triveleg med eit gjensyn. Eit anna gjensyn får vi i Chronos: Before the Ashes,er ein ny versjon av eit rollespel frå 2016.

Atter eit gjensyn får vi i Dragon Quest XI S: Echoes of an Elusive Age - Defintive Edition. Dette er Switch-versjonen av spelet som let spelarar på alle plattformer endeleg spele med innspelt musikk og 2D-modusen, sjølv om grafikken diverre har blitt skrudd ned nokre hakk sidan originalversjonen.

Vi er ikkje ferdige med nyversjonar, for Square Enix har meir på lager. I desember får vi Collection of Saga Final Fantasy Legend. Denne samlepakka til Switch gjev oss dei tre første spela i Saga-serien i ei pakke.

Med det takkar vi for i år. God Jul!

Siste fra forsiden