Feature

Desse spela gler vi oss til i februar

Denne månaden skal gamle klassikarar ut til folket.

Den årvakne lesar vil kanskje lukte at det er ei svak eim av sur, gammal sokk i lufta akkurat no. Ja, du har rett. Det er noko feil. Det blei inga januarsak i 2018, og det er for å seie det mildt, skammeleg. Heilt forferdeleg. Vi skjemst, eg skjemst spesielt, og når denne saka er ute skal eg sjølflagellere i ein månad for å bote på udåden.

Godt nytt år forresten.

Sidan vi no har gått glipp av ein månad, passar det godt at vi startar året med å oppsummere kva som har skjedd i januar. Vi har faktisk fått nokre svært spanande spel, sjølv om det strengt tatt har vore langt mellom dei. Høgst på pallen står uansett monumentale Monster Hunter: World. Dette er spelet som for alvor skal få monsterjaktserien til Capcom ut i verda, og dei leverte varene så det syng. Om du ikkje er svært oppteken med å leggje ville beist i bakken no, har du eit forklaringsproblem.

Andre spanande spel i januar var Iconoclast som vi likte veldig godt, samt slåssespela Dragon Ball FighterZ og Dissidia Final Fantasy NT, det japanske rollespelet Lost Sphear, og ikkje minst Total War: Warhammer 2-utvidinga Rise of the Tomb Kings. Vi har ikkje fått tid til å konkludere med noko verken den eine eller andre vegen på alle desse enno, men fleire spel er i skrivande stund under nøye testing.

Med det seier vi oss ferdig med arbeid som passar best for arkeologar, og vender snuten framover for å sjå kva som skjer når skattane arkeologane finn blir pakka inn og selde på ny.

Shadow of the Colossus 2018

Møtet med gigantane slik du aldri før har sett det.
Sony Computer Entertainment

Plattform: PlayStation 4
Ute: 7. februar

Mange lurte på kva Fumito Ueda ville finne på etter det magiske eventyret ICO. Få såg kampen mot kolossane kome, men Shadow of the Colossus frå 2006 blei raskt ein klassikar, sjølv om spelet aldri fekk heilt det publikummet Sony sikkert hadde håpa på. I spelet skal du jakte 16 massive skapningar, og denne månaden får vi ein oppussa versjon som tek det heile til nye høgder. Vi var fulle av lovord då spelet først blei lansert på PlayStation 2:

«Shadow of the Colossus er ein milepåle i spelhistoria. Når du klamrar deg fast for harde livet på eit flygande beist så stort som eit hus, kjenner du hjartet slå hardare enn med noko anna spel, og når du endeleg klarar å felle det mektige vesenet føler du både triumf, glede og sorg. Shadow of the Colossus gjev deg opplevingar og kjensler andre spel ikkje er i nærleiken av å skape, og trass enkelte svakheiter er det eit spel du rett og slett ikkje kan gå glipp av.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Shadow of the Colossus (Remake)

Sid Meier's Civilization VI: Rise and Fall

Nye sivilisasjonar skal gå til grunne for at andre skal vakse fram.
Firaxis

Plattform: Windows
Ute: 8. februar

Les også
Anmeldelse: Shadow of the Colossus

Endeleg! Om du er ein av desse som ikkje nødvendigvis har lyst til å bruke alle grunkane dine på å byggje kuler og militære farkostar, er det di tid no. I Den komande Civilization VI-ekspansjonen Rise and Fall kan du endeleg ta over byar utan å bruke rå makt. Imperiet som veltar over landet som ein kulturell blob kan vere ditt.

Dette er sjølvsagt ikkje alt det nye Rise and Fall har å by på. Naturlegvis kjem det ei rekke nye sivilisasjonar og landsstyrarar, men Firaxis lovar eit større fokus på å gjere alliansane meir detaljerte, samt guvernørar som får direkte innverknad på riket ditt. På toppen av dette får vi eitt nytt system der riket ditt kan gå inn i både lyse og mørke tider. Dette kan vere dramatiske hendingar som endrar historia, og gjev deg sjansen til å endre strategiane dine for å møte dei nye utfordringane.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Sid Meier's Civilization VI: Rise and Fall

Kingdom Come: Deliverance

Kingdom Come: Deliverance blir eit realistisk rollespel.
Warhorse Studios

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Mac, Linux
Ute: 13. februar

Då Mafia-veteranane hos Warhorse Studios heiv seg på Kickstarter for å finansiere rollespelbabyen sin, blei det braksuksess. Kampanjen var i mål på to dagar, og håva totalt inn over elleve millionar norske kroner. Slikt blir det rollespel av, og no fleire år seinare er spelet endeleg klart for lansering. Dette er derimot ikkje noko ordinært rollespel med drakar og magi. Her er i staden fokuset på ei realistisk verd sett til Aust-Europa for fleire hundre år sidan. Vi var optimistiske i vår sniktitt:

«Med fokus på at alt skal følest ekte og verkelig blir spesielt kampsystemet ulikt noko vi har sett tidlegare, og med tanke på at oppdrag av og til vil fortsetje utan deg blir det spanande å sjå korleis dette vil endre spelet. Sjølv om det er klart at spelet manglar ein del essensielle ting som gode animasjonar i samtaler blir vi lova forbetringar til utgjevingsdatoen, og enn så lenge får vi håpe på at desse løfta blir oppfylt.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Kingdom Come: Deliverande

Secret of Mana HD

Secret of Mana møter ein ny tidsalder.
Square Enix

Plattform: PlayStation 4, Vita, Windows
Ute: 15. februar

Først lansert i 1993 på dåtidas heitaste spelmaskin; Super Nintendo. Secret of Mana har i ei årrekke stått høgt i kurs, ikkje berre blant fans av japanske rollespel, men og blant folk som har ein varm stad i hjarte for den gamle Nintendo-konsollen. Secret of Mana var eit actioneventyr der tre spelarar kunne spele saman om å reise rundt i ei fargerik og fantastisk verd, ri på fluffy drakar, og kjempe mot vondskapen.

Å rote med slikt er risikosport, men no har Square Enix likevel valt å pusse opp spelet for ein ny generasjon. Med flunkande ny grafikk som prøvar å imitere stilen i originalen, blir vi lova eit spel med eit stødigare og meir presist kampsystem. Rosina i bollen kjem i form av musikken som har fått ei solid overhaling av spelets originale komponist.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Secret of Mana HD.

Fe

Fe lovar magiske skogar stor valfridom.
Electronic Arts

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Switch, Windows
Ute: 16. februar

Månadens kanskje mest spesielle spel kjem frå Sverige. Fe er ei forteljing om menneskets forhold til naturen. I rolla som ein lodden liten skapning skal vi ut på eventyr i mørke skogar inspirert av svensk natur. Du kan både springe, klatre og fly for å navigere dei stemningsfulle områda.

Skogane i Fe blir naturlegvis ikkje ufarlege, og for å redde skogen frå mørke vesen må du få hjelp frå skapningane som lev i skogen for å løyse utfordringar og lære nye eigenskapar. Ein måte du gjer dette på er ved å lære ein av dei mange ulike songane Fe kan synge til skogen, og skapningane som lev i den. Om dette høyrest litt udefinerbart ut, er du inne på noko, for Fe skal bli eit spel som gjev spelaren stor fridom til å finne ut av ting sjølv.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Fe

Lite nytt, mykje gammalt

No er Rust ferdig.
Facepunch Studio

Februar 2018 er det vi på fagspråket kallar ein «vanskeleg månad». Grunnen til det er ganske enkel: uhyre få av månadens spel er nye. Dei aller fleste spela har i ei eller form vore ut før, og det gjeld dei fleste av månadens resterande spel òg.

Ta Age of Empires: Definitive Edition til dømes. Først lansert for tjue år sidan, no ute med litt pynt. Eller kva med South Park: The Stick of Truth? Først ute for fire år sidan. No ute til Xbox One of PlayStation 4, moglegvis med litt pynt.

Vidare finn vi Dragon Quest Builders. Først ute i fjor, denne månaden ute til Switch. Eit spel vi venta frykteleg lenge på var Owlboy som kom ut på PC for litt over eit år sidan. Denne månaden dukkar det opp heimekonsollane. Enda eit gammalt spel er Radiant Historia som blei lansert på Nintendo DS for åtte år sidan. Denne månaden kjem det til 3DS, med pynt.

Igjen står vi med Rust. Eit spel vi veit er populært, men som strengt tatt har vore ute lenge allereie. Eg reknar med det ikkje er så frykteleg mange som merkar forskjellen på at det no går ut av Early Access.

Dei heilt nye spela som gjenstår i februar blei dytta ut av topp fem fordi vi ikkje anar om dei høyrer heime der. Metal Gear Survive er eit spel som handlar om å overleve mot glødande zombieskapningar, medan Gravel er eit racingspel der du skal finne gjørme over heile verda å frese gummi i.

Mykje gammalt denne månaden altså, men mykje moro lell. Du får kose deg fram til mars.

Siste fra forsiden