Feature

Desse spela gler vi oss til i februar

Bilar skal knusast, mareritt stel nattesøvnen, og ein gammal travar vender tilbake.

Eit nytt år er over oss, og med det er det ein stødig straum med nye, herlege spel i vente. Akkurat i år kan vi garantert vente oss eit solid fokus på ferske spel som markerer overgangen til den flunkande nye konsollgenerasjon som starta i november, og dette får vi ein liten smakebit på i februar. Forhåpentlegvis blir det snart mykje lettare å få ta i nye konsollar og. Kva skal ein vel med nye spel utan noko å spele dei på?

Månaden som er forbi bar preg av at julerushet no er over og at vi tar ting i eit litt rolegare tempo, men eitt og anna spel har vi fått kika nærare på likevel. Vi storkosa oss på tokt med Agent 47 i Hitman 3, og kosa oss i eit skogholt i norskutvikla Sunlight.

No skal vi derimot tradisjonen tru sjå framover mot kva dei neste vekene i spelverda har å by på.

Destruction AllStars

Plattform: PlayStation 5
Ute: 2. februar

Galskapen lev lengst i Destruction AllStars.

Destruction AllStars er ein fiktiv sport der deltakarane krigar mot kvarandre med både våpen og bilar. Her blir det høgt tempo, mange våpen, kjappe refleksar og mykje øydelegging og eksplosjonar som står i fokus. Skapar du store mengder kaos og eksplosive situasjonar ved å smadre bilane til motstandarane kan kjerra di bli oppgradert til å få nye og spenstige eigenskapar, som til dømes knivblad som deler andre bilar i to.

Alt skjer derimot ikkje bak rattet. Du kan gjere mykje skade til fots òg, og spelet byr på både parkour og moglegheita for å ta over andre sine bilar. Ein skal ikkje sjå heilt bort frå at Destruction AllStars er litt inspirert av den gamle PlayStation-klassikaren Destruction Derby, men det er det ikkje lett å sjå noko i vegen med. Automobilt kaos har det vore for lite av dei siste åra, så dette blir spanande. Har du PlayStation Plus får du dessutan spelet med i abbonementet.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Destruction AllStars

Little Nightmares II

Plattform: PLayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Switch, Windows
Ute: 11. februar

Tjukk stemning i Little Nightmares II.

Om du kosar deg mest når alt er litt ekstra mørkt og skummelt, er det godt mogleg Little Nightmares II er spelet du har venta på. Her møter vi ein liten pode med papirpose over hovudet, og i rolla som den vesle krabaten må vi kome oss gjennom store mengder skrekk og gru. Målet ditt er å kome deg gjennom ei guffen verd, full av utfordringar. Vi tok nyleg ein kikk på spelet, og kunne konstatere at dette er eit spel som er både søtt og guffent med enormt mykje stemning:

«Om du naut deg gjennom nifse og ekle Little Nightmares er det mykje som taler for at Little Nightmares II kjem til å bygge vidare på alt forgjengaren oppnådde. Det var ikkje ekstremt mykje vi fekk oppleve, men det vi fekk sjå tyder på ei verd som er større og meir ambisiøs enn den i det første spelet.»

Les også
Anmeldelse: Super Mario 3D World + Bowser's Fury

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Little Nightmares II

Person 5 Strikers

Plattform: PlayStation 5, Switch, Windows
Ute: 23. februar

Stille før stormen.
Atlus

Om du var ein av dei mange som elska Persona 5, får du endeleg eit gjensyn med den herlege gjengen frå det spelet. Dette blir derimot noko heilt anna enn du er vand med. Sjølv om Persona 5 Strikers er ein direkte oppfølgjar til Persona 5, er dette eit fullblods actionspel i Warriors-stil. Det vil seie høgt tempo, mange fiendar som fell som fluger, og ei solid liste med ulike krigarar som alle byr på noko eige. Vi har tatt ein kikk på spelet, og likte det vi såg:

«Persona 5 Strikers er eit markant skritt vekk frå det Persona-serien er kjend for, utan at det ser ut til å kome noko særlig i vegen for den særeigne stilen og unike flyten dei japanske rollespela er så kjende for. Som seg hør og bør er spelet ein direkte oppfølgjar til Persona 5 og med det kjem den samme framragende stilen, dei same finurlege figurane og meir av den forteljarteknikken vi er kjende med frå tidlegare innslag i Persona-universet.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Persona 5 Strikers

Ghosts 'n Goblins Resurrection

Plattform: Switch
Ute: 25. februar

Capcom lovar eit spel nøyaktig så vanskeleg som du hugsar det.

Om du er ein av dei som spelte Ghots 'n Goblins på midten av 80-talet, og fekk i oppgåve å skildre opplevinga med berre eitt ord, er sjansen stor for at det ordet hadde blitt «brutalt». Ghost 'n Goblins-serien er infamøs for si hensynslause vanskegrad, og det er og derifrå serien har fått mykje av sin popularitet. Å klare dette spelet gav deg umiddelbar legendestatus. Dette var smerte og pinsle lenge før nokon visste kva eit «Demons' Souls» var.

Ghosts 'n Goblins Ressurection byggjer på det som kom før. Det er eit sideskrollande action-plattformeventyr der du i rolla som Arthur først og fremst skal overleve. Med eit lettfatteleg kontrollsystem blir det lett å kome i gong, men ganske kjapt serverer fiendane dine rompa til deg på eit pent dandert sølvfat. Om du saknar dei gode, gamle sideskrollande actionspela, kan det sjå ut til at vi får i både pose og sekk når Ghosts 'n Goblins Ressurection lanserast i slutten av månaden.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ghosts 'n Goblins Ressurection

Bravely Default II

Plattform: Switch
Ute: 26. februar

Dei nydelege bakgrunnane i Bravely Default-serien vil garantert gjere seg på storskjerm.

Bravely Default II er oppfølgjaren til eit av dei beste japanske rollespela i nyare tid; Bravely Default på Nintendo 3DS. Serien byr på ein modernisert og kjapp tolking av det tradisjonelle turbaserte kampsystemet japanske rollespel ofte byr på. Saman med eit robust og omfattande jobbsystem der du kan lære deg ein haug med ulike angrep og eigenskapar frå like mange kreative yrke, får du stort spelerom til å skape dei heltane du vil.

Om vi skal tolke ut frå seriens historie kan vi vente oss eit omfattande og komplekst rollespel, med ei artig rolleliste, og ei lang rekke spanande og visuelt spanande område å besøke. Bravely Default 2 byr på ei heilt ny verd med eit nytt persongalleri, og du treng på ingen måte spele det første spelet før du går laus på dette.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Bravely Default II

Varulvar og monstrøse dimensjonar

Eit herleg Mario-eventyr dukkar opp på Switch.

Februar blir ikkje ein spesielt tettpakka månad, men vi finn no nokre godbitar å kose oss med. Varulvane får endeleg skine litt når Werewolf: The Apocalypse – Earthblood lanserast. Her spelar du ikkje overraskande som ein varulv og du skal ta opp kampen mot pengeorienterte selskap som ikkje bryr seg så alt for mykje om miljøet dei forgiftar. I motsetning til dagens protestaksjonar og nettbaserte underskriftskampanjar spør ikkje varulvar pent om at forsøplinga må slutte. Resten anar du kanskje sjølv.

I Ys IX: Monstrum Nox møter vi atter ein gong Adol Christin, men ikkje berre det. Heile fem andre karakterar dukkar opp som du kan få spele med. Spelet ser ut til å bli hakket mindre fargerikt enn tidlegare spel i serien, og det heile utspelar seg i fengselsbyen Balduq. Saman med venene sine må Adol jage bort mystiske skuggar frå ein annan dimensjon.

Meir action kan du få kose deg med om du likar ei utfordringar. Både Nioh og Nioh 2 lanserast på PlayStation 5 denne månaden.

Om det ikkje klarar å få blodet ditt til å bruse, og du heller vil ha ei solid dose fargerik moro i kjende trakter, er Super Mario 3D World + Bowser's Fury eit glimrande alternativ. Her får vi ein Switch-versjon av Super Mario 3D World, samt ein solid prosjon nytt innhald.

Med det takkar vi for denne gong, og vi får berre håpe du held deg varm med eitt godt spel eller to i vinterkulda.

Siste fra forsiden