Feature

Desse spela gler vi oss til i januar

Vi feirar det nye året med strategisk smågodt og ein rund, actionfylt ettersmak.

The Banner Saga (t.v), Europa Universalis IV: Conquest of Paradise og Tomb Raider.
Stoic, Paradox Interactive, Square Enix. Kollasj av Gamer.no

Der var vi i mål. Enda eit år er over, og det er på tide å ta eit par dagar ferie slik at vi kan gjere noko så kontroversielt og utagerande som å leggje spela på hylle for ein dag eller to.

Neida, eg berre tullar. Vi tenkjer berre framover her i garden. Er vi først ferdige med eitt spel, lurer vi berre på kva det neste blir. Desember har heller ikkje vore den aller mest energiske månaden på spelfronten om vi skal snakke om ferske lanseringar. Tida vår har for det meste gått med på å teste ein bunke PlayStation 4- og Xbox One-spel som teknisk sett blei lansert i november.

Eitt og anna minneverdig spel har likevel fått lansering i desember. Spesielt må vi trekke fram det mildt sagt nydelege japanske rollespelet Bravely Default, men det norskutvikla plattformeventyret Teslagrad sjarmerte oss òg i senk.

Nok tilbakeblikk, her er spela vi meiner er verdt ein ekstra kikk i det komande årets aller første månad.

The Banner Saga

Ute: 14. januar
Plattform: Windows, Mac

The Banner Saga er noko for seg sjølv. I ei verd der det viktigaste nokon gongar kan sjå ut til å vere kor mange polygonar utviklarane klarar å presse inn i skjermbiletet, har utviklarane Stoic valt å gå for ein handteikna stil. Det heile ser ut som ein teiknefilm om vikingar, og historia handlar om vikingkrigarar, store kjemper med horn, og nokre slemme mekaniske beist.

Vi blei grådig imponerte over spelet då vi nyleg tok ein kikk på det, og meinte det er eit spel og ei verd med tyngde. Alle val du må gjere, både i og utanfor dei turbaserte kampane kan få mykje å seie for ettertida, og ansvaret det legg på spelaren er massivt.

Les meir om The Banner Saga

Europa Universalis IV: Conquest of Paradise

Ute: 14. januar
Plattform: Windows, Mac, Linux

Den store strategen får mykje å kose seg med i januar. Om du er ein av dei mange som kosa deg med å erobre nye landområde i Europa Universalis IV, har du noko godt i vente. I januar lanserer Paradox ekspansjonspakka Conquest of Paradise. Her forlet du Europa til fordel for den nye verda, betre kjent som Amerika.

Les også
Anmeldelse: Dragon Ball Z: Battle of Z

I ekspansjonspakka får du reise til den nye verda for å danne nye koloniar i eit verdskart som blir tilfeldig sett saman slik at du skal få ei unik oppleving kvar gong. Om det ikkje freistar å invadere dei amerikanske urfolka sitt heimland, kan du i staden ta på deg rolla som dei, og prøve å sende kolonistane på rumpa heim att.

Les meir om Europa Universalis IV

Mario Party: Island Tour

Ute: 17. januar
Plattform: 3DS

Mario Party-serien har gått stødig på Nintendo-konsollar sidan starten på Nintendo 64 i 1998. I desse spela er poenget å spele eit digitalt brettspel, der diverse figurar frå Mario-universet fungerer som spelebrikker. Her stoppar derimot samanlikningane, for Mario Party-spela er stappa fulle av diverse små spel du og medspelarane dine skal konkurrere i.

Totalt vil spelet by på heile 81 minispel fordelt på sju ulike brett. Om du er klar for litt sosial og tidvis kaotisk fleirspelarhygge skal du ikkje sjå bort frå at det vesle 3D-beistet til Nintendo er staden du finn den.

Les meir om Mario Party: Island Tour

Dragon Ball Z: Battle of Z

Ute: 24. januar
Plattform: Xbox 360, PlayStation 3, PS Vita

For å unngå stagnasjon har Dragon Ball Z-teamet til Namco valt å gjere nokre markante endringar i deira nye Dragon Ball Z-spel. I Battle of Z er det slutt på å berre spele storslagne slagsmål for eit par kamphanar. No kan heile åtte spelarar dele seg inn i lag på to for å få jorda til å skjelve.

Vi tok ein kikk på spelet tidlegare i år og meinte det var både engasjerande og utfordrande. Dei nye lagmekanikkane tek det heile til eit nytt og langt meir spektakulært nivå der Son Goku og resten av det massive persongalleriet går til kamp mot kvarandre. Vent deg mykje lys, mykje livsfarleg varme, og eit fjell eller to som ser seg nøydde til å bikke under frå presset.

Les meir om Dragon Ball Z: Battle of Z

Blackguards

Ute: januar
Plattform: Windows

Om du er lei av å ta på deg ein heltemodig sussebass som vil redde verda frå alt vondt, vil Daedalic redde sjela di i januar. Då lanserer dei omsider det mørke rollespelet Blackguards. Her tek du styringa over ein bøling skurkar og drapsmenn i eit rollespel noko utanom det vanlege. Utviklarane har satsa på eit turbasert og dynamisk kampsystem der dine trekk kan få store konsekvensar.

I vår sniktitt frå tidlegare i år meinte vi blant anna at kampane såg ut til å by på solid strategisk moro, og at det kan vere midt i blinken for dei mange Might & Magic: Heroes-spelarane der ute. Delar av spelet er tilgjengeleg på Steam Early Access akkurat no, så om du ikkje klarar vente til den fulle lanseringa, har du sjansen.

Les meir om Blackguards

Gamle spel om att

Januar 2014 blir ikkje den mest hektiske månaden i året, noko som sikkert kjem godt med for alle dei som har ein diger bunke spel frå 2013 dei enno ikkje er ferdige med. Ved sidan av dei spela vi allereie har nemnt dukkar det opp eit knippe nyversjonar av spel frå 2013.

Først ut av dei er Metal Gear Rising: Revengeance som tidleg i månaden blir lansert på PC. Om du ikkje har fått meg deg dette fyrverkeriet enno er alle grunnar frå og med 9. januar ugyldige.

Meir action får vi i Naruto Shippuden: Ultimate Ninja Storm 3: Full Burst som plaskar seg inn på Xbox 360 og PlayStation 3. Her blir det fargerike og filmatiske kampar i velkjend anime-stil.

Hakket meir truverdig action får vi i Tomb Raider: Definitive Edition. Her får vi årets nytolking av Tomb Raider servert i ein oppussa versjon for neste generasjons konsollar. Lara Croft har blitt bygd opp frå grunnen av igjen, har fått imponerande Wella-hår, samt ei verd utviklarane påstår blir mykje penare enn den vi fekk i første omgang.

Worlds og Magic blir på si side noko heilt anna. Dette spelet er tekniske sett ein ny versjon av eit gammalt spel. På 90-talet blei strategispelet Master of Magic lansert på PC, og etter ein vellukka Kickstarter-kampanje tidlegare i år er no utviklarane klare for å lansere si tolking av klassikaren.

Med det får vi berre seie godt nytt år, og god speling.

Lurer du på når et etterlengtet spill kommer i salg?
Bruk vår Spillkalender til å holde deg oppdatert »

Siste fra forsiden