Feature

Desse spela gler vi oss til i juli

Denne månaden blir det både fart, spenning, og ei og anna rettssak.

For ein sommarmånad å vere, har juni vore uvanleg travel i år. Det plar vere ganske langt mellom spela om sommaren, men i år har det vore motsett. Ei rekke spel har blitt lansert dei siste vekene, der både kvalitet og tema har variert mellom det storslagne, til det noko skuffande.

Storspelet Ratchet & Clank: Rift Apart leverte varene, og det same gjorde Chivalry 2 og slåssespelet Guilty Gear -STRIVE-. Dungeons & Dragons: Dark Alliance bydde på mykje moro, men burda ha kokt i gryta nokre veker til. Scarlet Nexus gav oss fantastisk action, men ei tarveleg historie som ingen ende ville ta. Eit av dei mest spanande spela var godt mogleg spelbyggarspelet Game Builder Garage frå Nintendo.

Og med det ser vi framover mot kva årets potensielt varmaste månad har å by på på spelfronten.

Monster Hunter Stories 2: Wings of Ruin

Plattform: Switch
Ute: 9. juli

No skal du ikkje berre jakte monster, du skal ri på dei òg.
Capcom

Etter Monster Hunter World har Monster Hunter-serien fått seg ein solid oppsving i vesten, ein marknad Capcom lenge sleit med å få med på moroa. Serien byr som regel på samarbeidsmoro for opp til fire spelarar der målet er å jakte stadig større og villare monster, men med 3DS-spelet Monster Hunter Stories frå 2016 gjekk Capcom i ei noko anna retning.

Spelet, og den komande oppfølgjaren hentar inspirasjonen sin frå dei klassiske japanske rollespela. Her skal du ut på eventyr i ei fargerik verd der du framleis må kjempe mot monster, men samstundes skal du prøve å temje dei, og bli ven med fleire av dei. Vi kan vente oss i stor verd å utforske, mange oppdrag å snappe opp, samt ein haug med monster å bryne seg på i spelets turbaserte kampar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Monster Hunter Stories 2: Wings of Ruin

F1 2021

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 16. juli

Denne månaden blir det fart og spenning for motorentusiastane.
Codemasters

Det finnest ein drøss med bilspel der ute, men det er vel ikkje mykje tvil om at det er rally og feite bilar som jamt over tek fokuset. Formel 1 er derimot ingenting å kimse av, og er ein motorsport med lang fartstid. Den trauste F1-serien er tilbake i å igjen, og i denne utgåva satsar utviklarane på å gje spelaren mykje valfridom for å nå måla sine. Vi kika på spelet for litt sidan, og likte godt det vi såg:

Les også
Anmeldelse: The Legend of Zelda: Skyward Sword HD

«Formel 1 er kanskje for dei spesielt interesserte, men i F1 2021 er mykje lagt opp til at også dei uerfarne får ha det moro med bilsporten. Oppdaterte køyremekanismar, eit fornya fokus på innleving gjennom diverse modusar som forteljings- og karrierevegane, og nye moglegheiter for fleirspelar med vener og ukjente kan ppne opp for ei heilt ny bilverd. I tillegg skal du få køyre side om side med diverse legender frå Formel 1-verda.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på F1 2021

Death's Door

Plattform: Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 20. juli

Death's Door byr på sjarme og mørke om kvarandre.
Devolver Digital

Death's Door er det nyaste spelet frå gjengen bak Titan Souls, og denne gongen skal du spele ei kråke viss jobb er å sanke døde sjeler. Fullt så enkelt blir det naturlegvis ikkje, og spelet byr på mykje action i eit spel som blandar sjarmen frå gamle Zelda-spel, med action av nyare dato. Vi tok ein kikk på spelet etter årets E3-messe, og var svært så gira på å få sjå meir:

«Med Death's Door har Acid Nerve skapt ei oppleving som er langt meir overkommeleg enn den andelige forgjengaren Titan Souls. Sistnemnde hadde framleis sine eigne positive sider, men frustrasjonen som gjerne førte med gjentatte dødsfall mot same fiende er kraftig redusert i Death's Door. Verda er flott, med varierte omgjevnadar å bevege seg gjennom, morpsame figurar å støte på og ulike fiendar å bekjempe. Kampsystemet er enkelt å forstå, og sjefskampane er passe utfordrande utan at dei nokon gong følesy urettferdige.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Death's Door

The Great Ace Attorney Chronicles

Plattform: PlayStation 4, Switch, Windows
UTe: 27. juli

På tide å ta turen tilbake til rettssalen.
Capcom

Ace Attorney-serien var lenge ein av Capcoms aller største suksessar. Serien starta livet sitt på GameBoy Advance i 2001, og gjorde raskt stor karriære på Nintendo sine små konsollar, der serien har fått ein heil haug med innslag. Konseptet er både uvanleg og såre enkelt. Du spelar ein advokat som skal prøve å få klientane sine fri.

I The Great Ace Attorney Chronicles får vi to spel i ein, når to spel som aldri kom ut frå Japan omsider kjem til resten av verda. Her reiser vi tilbake i tid, og får bryne oss som advokat i den viktorianske tida i både England og Japan. Som vanleg i serien må du etterforske, etablere fakta, og føre ei skikkeleg rettssak, ikkje berre for å få frikjent din eigen klient, men òg for å finne den rette lovrytaren. Spelet lovar ein haug med ekstramateriell, og bør vere midt i blinken for fans av serien.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Great Ace Attorney Chronicles

Samurai Warriors 5

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Switch, Windows
Ute: 27. juli

Det blir eksplosiv action i velkjend stil i Samurai Warriors 5.
Koei Tecmo

Warriors-serien har gjort større og større internasjonal suksess dei siste åra, og eit internasjonalt publikum har i større og større grad fått smaken for urealistiske kampar der fiendane flyr berre dei ser deg. Mykje av suksessen kjem frå ei lang rekke spel basert på kjende seriar som Dragon Quest, Zelda og Persona for å nemne noko, og Koei Tecmos eigne seriar har nesten hamna litt i skuggen.

I år er derimot Samurai Warriors-serien tilbake. Der Dynasty Warriors byr på kinesisk historie, hentar Samurai Warriors i staden inspirasjonen sin frå Japans eiga historie. Samurai Warriors 5 vil vere ein ny start for serien, og vil by på ny historie og ein heilt ny visuell stil. Gameplayet vil vi derimot lett kjenne igjen. Det er framleis snakk om å kaste seg inn i store flokkar med hundrevis av soldatar berre for å slenge dei rundt som dei små nikkedokkene dei er.

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Samurai Warriors 5

Alt som ein gong var

CrisTales byr i det minste på ein visuell stil utanom normalen.
Modus

Månaden held som vanleg fram med spel som får nytt liv på nye plattformer. Nydelege A Plague Tale: Innocence kjem til neste generasjon. Det same kan vi på sett og vis seie om den artige orkeslaktsimulatoren Orcs Must Die! 3 endeleg sluttar å vere Stadia-eksklusivt.

Vidare finn vi ein solid bunke spel på nye plattformer. Den visuelle detektivnovella The Silver Case kjem på Switch, og det same gjer The Legend of Zelda: Skyward Sword. Det japanske actionrollespelet Ys IX: Monstrum Nox kjem til Switch og Windows, medan fjorårets herlege Trials of Mana kjem til mobilar. Ein hakket meir uventa nyversjon er Akiba's Trip: Hellbound & Debriefed som byr på ei oppussing av det første spelet i serien.

Microsoft Flight Simulator får omsider ei etterlengta konsollansering, med kultklassikaren The World Ends With You får ein etterlengta oppfølgjar.

I det heseblesande spelet Boomerang X skal du bruke ein boomerang til så og seie alt, medan vi i Last Stop skal spele som tre ulike figurar som må handtere ei overnaturleg krise. Kriser blir det sikkert òg ein del av i CrisTales spel inspirert av klassiske japanske rollespel.

Om du vil ha meir rollespel byr Fuga: Melodies of Steel på taktiske kampar med atropomorfiske kattar og hundar i hovudrollene. For eit hakket meir retroinspiret innslag i spelbiblioteket byr Blaster Master Zero 3 på sideskrollande action i pikselgrafikk.

Til slutt tek vi med Tribes of Midgard, eit vikingspel der su skal rotte deg saman med andre spelarar, byggje basar og motstå angrep frå jotnane.

Det var alt for no, nyt sommaren.

Siste fra forsiden