Feature

Desse spela gler vi oss til i juni

No blir det romkrig, verdskrig, krig mellom dimensjonar, og ikkje minst krig mot zombier.

Våren har nådd sin ende, og med det har vi fått servert ei real kraftpakke av ein spelmånad. Ei rekke strålande spel har gleda oss denne månaden, og høgst oppe på den lista finn vi det avsluttande kapittelet om Nathan Drake i Uncharted 4: A Thief's End. Side om side med eventyr og skyting finn vi det glimrande strategispelet Stellaris frå svenske Paradox.

Skyting og strategi har vore eit gjennomgangstema i mai. Skytespelsjangerens kanskje største ikon fekk eit nytt og ikkje minst heftig tilskot i form av Doom. Om du heller vil ha meir strategi leverte Creative Assembly absolutt varene med si blanding av Warhammer-universet og Total War-serien. Skulle du ynskje både skyting og strategi i ei og same pakke er den taktiske perla Valkyria Chronicles absolutt verdt ein kikk.

Men no er det tid for eit blikk retta mot det vi har i vente i vekene som ligg framfor oss.

Hearts of Iron IV

Er du klar for litt beinhard strategi?
Paradox Interactive

Plattform: Windows
Ute: 6. juni

Om det er beinhard og ufyseleg detaljert krig du er på jakt etter, treng du ikkje leite lengre enn til Hearts of Iron IV. Oppfølgjaren til eit av våre favorittspel frå 2009 lovar å plassere oss midt i ein krig, med nok makt til å forme den i mange ulike retningar. Krigføring, ressurssanking, bygging av infrastruktur, samt diplomati er berre nokre av dei mange tinga du må ha kontroll på når vi igjen vender snuten mot andre verdskrig. Vi tok ein prat med utviklarane i fjor haust:

«Ved å ta med seg erfaringane frå dei tidlegare utgjevingane i serien, samt det dei har lært frå dei nyare titlane Crusader Kings II og Europa Universalis IV, er svenske Paradox Interactive fast bestemde på å servere oss den mest omfattande andre verdskrig-opplevinga som er å få – samt gjere det heile ein smule meir tilgjengeleg for dei som ikkje har 15 timar å sette av til å lære seg «the basics of the basics».»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Hearts of Iron IV

Mirror's Edge: Catalyst

Faith er tilbake!
Electronic Arts

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 9. juni

Mirror's Edge var eit spel som kom og forsvann i eit rimeleg høgt tempo. Dei som spelte spelet blei stort sett forelska i det hurtige og akrobatiske gameplayet sett frå første person. Problemet var berre at spelet ikkje nådde ut til fullt så mange som EA hadde håpa på. Det tok difor ein solid porsjon med år før fanfavoritten rørte på seg igjen. Om vi skal legge vår lit til det vi fekk testa under E3-messa i fjor, har vi derimot skikkelege godsaker i vente:

«Korleis spelet styrast fekk vi eit svært godt grep om, og dette er heilt klart meir av det som gjorde Mirror's Edge til Mirror's Edge: Presis styring, oppfordring til stor fart og småklønete nevekampar pregar opplevinga. Springinga er og forblir hovudfokuset, og dette følest framleis bra, med raude punkt i dei vakre omgjevnadane som intuitivt leiar veg.»

Les også
Anmeldelse: TurnOn

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mirror's Edge: Catalyst

Umbrella Corps

Umbrella Corps set deg inn i kamp mot både menneske og vandrande lik.
Capcom

Plattform: PlayStation 4, Windows
Ute: 21. juni

Resident Evil-serien har hatt både oppturar og nedturar gjennom si tjue år lange karriere. Umbrella Corps ser ut til å hente inspirasjon frå ei av seriens mindre heldige stunder – Resident Evil: Operation Raccoon City, men vi får satse på at utviklarane har lært sidan den gong. Som i Raccoon City er Umbrella Corps eit spel med fokus på samarbeid og fleirspelar. Her skal to lag møtest til strid i diverse område, og må kjempe mot både eit blodtørstig lag, samt blodige lik som vandrar rundt og leitar etter hjernemasse.

I staden for å kaste spelarane ut i store og omfattande område, vil Umbrella Corps først og fremst by på små kart der risikoen for å møte motstand rundt kvart hjørne er høg. Spelet nyttar i tillegg eit dekningssystem som framhevar ting du kan gøyme deg bak.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Umbrella Corps

Tokyo Mirage Sessions #FE

Tokyo Mirage Sessions #FE blir nok månadens særaste spel.
Nintendo

Plattform: Wii U
Ute: 24. juni

Dette blir godt mogleg månadens merkelegaste spel. Tokyo Mirage Sessions #FE blei først introdusert for verda som Shin Megami Tensei X Fire Emblem, og skulle bli eit rollespel som blanda to populære japanske seriar. Det vi har enda opp med er eit uhyre fargerikt spel der vi tek styringa over ein gjeng frå eit talentbyrå som må kjempe mot skapningar frå ein anna dimensjon.

Spelet skiftar mellom å la deg spele i dagens Tokyo med fleire reelle lokasjonar. Ved sidan av dette må spelaren reise gjennom fiendtlege labyrintar der han eller ho må kjempe mot alskens stygge kryp. Her vil figurar frå Fire Emblem-serien sigle inn for å bli om til våpna dine. Om dette ikkje høyrest absurd ut på nokon måte, er Tokyo mirage Sessions #FE laga akkurat for deg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tokyo Mirage Sessions #FE

LEGO Star Wars: The Force Awakens

LEGO Star Wars: The Force Awakens satsar på å tvinge fram ein latter.
Warner Bros.

Plattform: PlayStation 3, PlayStation 4, Vita, Xbox 360, Xbox One, Wii U, 3DS, Windows
Ute: 28. juni

I og med at LEGO-spel renn over oss som kundar på H&M ved lanseringa av ein ny kolleksjon, er det ikkje så ofte vi tek med LEGO-spel i denne oversikta. I år stiller derimot ting seg litt annleis sidan det er LEGO Star Wars: The Force Awakens vi snakkar om. Det er Star Wars, treng vi seie meir?

LEGO Star Wars: The Force Awakens vil først og fremst ta deg med på ei munter reise gjennom den nyaste Star Wars-filmen, men kanskje enda meir spanande er korleis spelet vil utvide historia, og fortelje oss om ting som skjedde før filmen. Blant anna korleis C3PO fekk sin raude arm. Attpåtil får spelet eit sesongpass som blant anna vil gje deg forklaringa på korleis Poe Dameron kom seg heilskinna frå ei krasjlanding.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på LEGO Star Wars: The Force Awakens

Plattformaction og ei reise til mars

I We Happy Few er det ikkje lov å vere deppa.
Compulsion Games

Juni ser ut til å ha mykje rart å by på ved sidan av dei spela vi allereie har lista opp. TurnOn er til dømes eit snodig eventyrspel der du får jobben med å slå på straumen i ein by, samt hjelpe folk med å problema dei møter.

For spelaren med sans for mord og mysterium kan kanskje det komande detektivspelet Sherlock Holmes: The Devil's Daughter vere av interesse. Her blir det gåter, action og utforsking i mørke London. Spelet skulle eigentleg vere ute i mai, men møtte på ei lita utsetjing, vi får tru utviklarane held seg til skjema denne månaden.

The Technomancer er eit actionrollespel frå franske Spiders. Tidlegare har dei skapt dei trivelege rollespela Faery: Legends of Avalon og Of Orcs and Men, for å nemne noko. I The Technomancer reiser du til mars, og må naturlegvis denge laus på ei rekke fiendar.

Om dette ikkje skulle pirre interessa di kan vi i staden føreslå Mighty No. 9. Dette spelet frå Mega Man-skaparen Keiji Inafune har hatt eit lang og vanskeleg utvikling sidan det blei finansiert gjennom Kickstarter. No ser det derimot til at alt er på stell, og det blir spanande å sjå om Inafune framleis har teken på plattformaction.

We Happy Few er eit ganske så spesielt spel, og kjem frå utviklarane bak det noko polariserande spelet Contrast. Her reiser vi til ein fiktiv versjon av England i 1964. I denne verda skjedde så forferdelege ting under andre verdskrig at folk tyr til det narkotiske stoffet Joy for å gløyme alt det fæle som skjer i livet. Du spelar derimot ein person som styrer unna slike stoff, og det gjer deg til ei målskive.

Heilt til slutt tek vi med sykkelspelet Le Tour de France 2016. Om du meinar sykling skjer best frå sofakroken, er dette spelet for deg.

Det var det for denno gong. God speling.

Siste fra forsiden