Feature

Desse spela gler vi oss til i juni

Skyting og action i alle regnbogens fargar.

Montasje Gamer.no

Ein svært uvanleg vår er i ferd med å ta slutt, skjønt, så frykteleg uvanleg har den vel ikkje nødvendigvis vore for alle oss som likevel likar å bruke ein del tid framfor skjermen. Litt solid underhaldning har månaden bydd på. Vi fekk eit herleg nytt XCOM-spel i form av Chimera Squad, samt eit strålande gjensyn med den gamle beat-em-up-serien Streets of Rage. Månadens kanskje pussigaste spel er derimot Maneater, eit underhaldande eventyr der du tek på deg rolla som ein mannevond hai som et badeturistar til frukost og andre haiar til kvelds.

No skal vi derimot over på årets første sommarmånad, og her kjem noko mange har venta på. Vi hiv oss ut i det.

Valorant

Plattform: Windows
Ute: 2. juni

Valorant tar opp kampen mot CS:GO
Riot Games

Studioet bak det banalt populære MOBA-spelet League of Legends har endeleg byrja å finne på nye ting, og eitt av dei nye prosjekta deira er skytespelet Valorant. Her lovar Riot Games ein haug med spenstige figurar som skyt kvarandre i ein kakafoni av lys og farge. I Valorant skal fem spelarar ta med seg ei bombe for å ta knekken på fem andre spelarar. Her blir det mykje action, mange våpen, og vi likte det vi såg då vi testa betaen:

«Eit konkurranseskytespel handlar først og fremst om skyting – og det fungerer særs godt så langt. Ein del må finjusterast for å gjere nokre ferdigheiter og kartflaskehalsar mindre frustrerande, men til å vere ein betatest, er dette ein lovande start. Eg har stor tru på at Valorant kan bli ei av årets definerande konkurranseopplevingar.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Valorant

Desperados III

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 16. juni

Gledeleg gjensyn med gamle western-heltar.
THQ Nordic

Desperados-serien hausta på tidleg 2000-tal solid popularitet med si blanding av western og taktikk i sanntid. Desperados III tek stad før det første spelet i serien, og igjen møter vi vår helt John Cooper. Spelet lovar å by stor valfridom, og rikeleg med taktiske utfordringar å bryne seg på. Vi tok ein kikk på det i fjor, og likte det vi såg:

«Desperados III tek føre seg bakgrunnshistoria til John Cooper og fleire medlem av hans faste gjeng, som i seg sjølv bør vere spanande for fans av serien. Spe på med ulike taktiske sanntidselement frå klassikarar som Commandos, Shadow Tactics og sjølvsagt dei andre Desperados-spela, og dette lovar svært godt. Eg har berre sett ein ørliten del av opplevinga, men det var nok til å vekke appetitten. Det er rett og slett kjempemoro å ta i bruk figuranes ulike evner for å utføre oppdrag.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Desperados III

Les også
Anmeldelse: Command & Conquer Remastered Collection

The Last of Us Part II

Plattform: PlayStation 4
Ute: 19. juni

Ellie gjer seg klar for nye traumer.
Sony Interactive Entertainment

The Last of Us blei ein vanvittig suksess for Naughty Dog og Sony. Spelet sigla kjapt opp til å bli eit spel som ikkje berre bydde på solid gameplay, men og ei sterk og minneverdig historie, der hovudpersonane Joel og Ellie har sementert seg som nokre av dei sterkaste figurane i bransjen. I Oppfølgjaren får vi ta styringa over Ellie, og dette mødfører ei rekke endringar.

Ellie er mindre, lettare og smidigare enn Joel, noko som byr på heilt andre utfordringar og moglegheiter. Ho er kanskje ikkje like sterk som Joel, men ho kan snike seg og unngå fiendar lettare. Det kan kome godt med i ei verd som skal bli større og opnare enn kva den var i originalen. På toppen av det heile kjem ei historie som forhåpentlegvis lev opp til forventningane forgjengaren skapte.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Last of Us Part II

Disintegration

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 16. juni

Taktisk action i Disintegration.
Private Division

Disintegration er eit flunkande nytt skytespel frå bransjeveteranar som har hjulpe til med å skape både Halo- og SOCOM-seriane. Som du kanskje gjettar kan vi altså vente oss solide doser med action og skyting i førsteperson. Dette teamet ser derimot ikkje ut til å ha stor interesse av å lage ein blåkopi av det som er gjort før. I Disintegration tek du kontroll over ein svevande sykkel utstyrt med eit stort våpenarsenal.

Denne sykkelen kan byte mellom modusar som gjer den kjappare, sterkare og andre eigenskapar. Ved sidan av å styre ein svevande sykkel byr Disintegration på eit taktisk element der du får sende ut ordre og beskjedar til ei lita gruppe på fire soldatar. Utviklarane lovar ein robust einspelarkampanje, samt ein fleirspelarmodus der du får velje mellom fleire crew å ta kontrollen over.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Disintegration

Ninjala

Plattform: Switch
Ute: 24. juni

Fargerik action i Ninjala
GungHo

Nintendo Switch-eksklusive Ninjala skulle etter planen lanserast i mai, men blei utsett i siste liten. Dette spelet ser ut til å kunne bli ein potensiell Splatoon-konkurrent med sine fargerike, stilrike figurar, og actionbaserte gameplay. I Ninjala deltek du i kampar på nett i eit spel der hovudingrediensane er tyggegumma og ninja. Vi møter ein haug med kule kids som tygger tyggegummi for å bli ninjaer. Gummien kan bli til ei lang rekke forskjellige våpen du i tur kan bruke for å denge laus på motstandarane med.

Spelet legg ein del fokus på å la spelarane kjapt og effektivt navigere seg gjennom dei ulike karta, og du kan spele aleine mot røkla, eller som ein del av eit lag. Om Ninjala kan ta opp kampen mot Splatoon gjenstår å sjå, men potensiale har det i pose og sekk.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ninjala

Moro i solsteiken

Knus vondskapens EDM-musikk med rock!
Metronomik

Det er godt å ha noko å bure seg inne med om du ikkje trivst godt i sola, og juni 2020 byr på litt å bryne seg om du vil slå i hel tid. Vi har til dømes eit par samlingar med klassiske strategispel som bør kunne by på eit saftig nostalgisk gjensyn. Kven seier du til Command & Conquer Remastered Collection, der fleire av dei originale utviklarane bak serien har pussa opp Command & Conquer og Red Alert?

Blir det litt for hektisk passar det kanskje betre med Anno History Collection. Her får vi ein heil haug med Anno-spel i høgre oppløysning og betre stabilitet.

Meir moro av eldre dato blir det når vi får eit gjensyn med Spongebob Squarepants i SpongeBob SquarePants: Battle for Bikini Bottom – Rehydrated. Som om det ikkje var nok får vi enda ei samling gamle spel Samurai Shodown NeoGeo Collection, i godt selskap med PC-versjon av det nyaste Samurai Shodown-spelet.

Meir gammalt på ny blir det når Burnout Paradise Remastered landar på Switch, i godt selskap med Switch-versjonen av The Outer Worlds.

Omsider kjem vi til nokre nye spel, og her finn vi nokre interessante ting. Ta til dømes actionspelet No Straight Roads der du ved hjelp av rockens heilage kraft skal knuse det vondskapsfulle EDM-imperiet. Endeleg noko som gir meining.

Den kanskje rake motsetninga finn vi i Beyond Blue, eit spel der du skal utforske det vakre havet. Ei moglegvis rolegare utgåve av det over gjennomsnittet blodige haispelet Maneater.

Om du er fan av japanske spel får du litt å godte deg med i juni. Ys: Memories of Celceta kjem til PlayStation 4, The Legend of Heroes: Trails of Cold Steel III kjem til Switch, medan Little Town Hero kjem til PlayStation 4.

Om du no sit der og har sett gjennom alt vi har ramsa opp berre for å innsjå at det manglar ein særs viktig ingrediens; sykkelen, er det ingen grunn til å fortvile. I juni får vi ikkje berre eitt, men heile to sykkelspel i form av Pro Cycling Manager 2020 og Tour de France 2020.

Det var det for denne månaden. God speling.

Siste fra forsiden