Feature

Desse spela gler vi oss til i mai

Med mai kjem sola, og med sola kjem ei svært variert samling spel.

Montasje, Gamer.no

Å seie at april månad har innfridd blir å ta litt hardt i. Nokre gode opplevingar har det blitt, men stort sett har spela skuffa denne månaden. Rare-veterane i Playtonic lova ein retur til gløymde gleder med sitt plattformspel Yooka-Laylee. Det vi enda opp med var eit upolert spel som spelte på nostalgi og lite anna. Vi fekk og eit gjensyn med den gamle musikktravaren PaRappa The Rapper denne månaden, men her fekk vi heller ikkje noko å skryte av.

Vi sit igjen med ei solid liste middemådige spel, men nokre perler har likevel dukka opp. Øvst på pallen sit det massive japanske rollespelet Persona 5 som diskar opp med funk-musikk og parallelle dimensjonar. Ei anna oppleving du definitivt bør få med deg er fascinerande og unike Night in the Woods. Blir det for sært har svenske Paradox levert ei knakande god utviding til strategispelet Europa Universalis IV.

Men no skal vi som vanleg sjå framover til grønare enger fulle av fuktig gras.

Prey

Stygt fall det der.
Bethesda

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 5. mai

Prey starta karriæra som eit tidleg skytespel på Xbox 360 der vi tok på oss rolla som ein amerikansk urinnvånar. Nye Prey har svært lite med originalen å gjere, og har vore gjennom ein lengre utviklingsprosess der serien både har skifta eigarar og utviklarar. Prey vil bli eit actionfylt eventyr med rollespelelement, og blir utvikla av studioet bak Dishonored-serien. Vi likte det vi såg då vi kika på det:

«Mysteriet om kva som eigentleg skjer på romstasjonen er per no det mest innbydande med Prey for meg. Utforskningsmoglegheitene og hemmelegheitane som kan avdekkast verker å gje spelet så mykje djupne som du berre vil. Prey pregast også av at det utviklast av Arkane Studios. Detaljrikdomen og moglegheitene til å interagere med praktisk talt alle gjenstandar bidrar til at dette er ei oppslukende oppleving.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Prey

World to the West

Som å sjå sola gå ned over ein norsk fjord.
Rain Games

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 5. mai

Det er alltid litt ekstra stas når eit studio frå Noreg gjer seg klare med eit nytt spel. Denne gong har vi all grunn til å glede oss òg. World to the West er den ferskaste babyen til Rain Games, gjengen som gav oss fanfavoritten Teslagrad. World to the West utspelar seg i same univers som Teslagrad, men dette blir likevel ingen oppfølgjar. Både sjanger og rolleliste er byta ut.

Gjennom spelet følgjer vi fire heilt ulike personar som må kome seg gjennom ei rekke utfordringar både ved å daske laus på dumme fiendar, men og ved å bruke hovudet litt. Spelet vil få mykje større fokus på historia enn Teslagrad, og utviklarane brukar no dialogar for å fortelje kva som skjer. Spelet blir tilgjengeleg både på norsk og engelsk, så dette kan bli kos for heile familien.

Les også
Anmeldelse: World to the West

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på

Injustice 2

Supermann er ikkje så snill som han vil ha det til.
Warner Bros.

Plattform: PlayStation 4, Xbox One
Ute: 16. mai

Mortal Kombat-studioet NetherRealm Studios gjorde stor suksess då dei bestemde seg for å prøve noko nytt ved å lage eit slåssespel basert på superheltane frå DC Comics-universet. Suksessen blei stor nok til å lage ein oppfølgjar, og det er det vi no er i ferd med å få. Denne gong får du byggje opp superheltane til å passe din eigen spelestil, noko vi fekk sett nærare på under E3-messa i fjor:

«NetherRealm Studios håpar at det nye «Gear»-systemet deira vil vere det neste skrittet framover for slåssespelsjangeren. Figuranes styrker og svakheiter forblir ikkje statiske, men veks saman med ferdigheitene dine medan du spelar. Slik kan du byggje deg ein figur som er tilpassa dine evner, samtidig som utsjånaden deira også veks og endrar seg.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Injustice 2

Fire Emblem Echoes: Shadows of Valentia

25 år og like ung.
Nintendo

Plattform: Nintendo 3DS
Ute: 19. mai

Nintendos Fire Emblem-serie har gjort det bra dei siste åra, og ei rekke nye spel er på veg. Neste år kjem eit Fire Emblem-spel til Switch og seinare i år kjem eit actionspel til same konsoll. Denne månaden kjem derimot eit Fire Emblem-spel av den gode, gamle sorten. Fire Emblem Echoes: Shadows of Valentia er ein ny versjon av det andre spelet i serien, og dette blir første gong spelet blir tilgjengeleg utanfor Japan.

Echoes vil naturlegvis halde fram ved det klassiske Fire Emblem-gamplayet. det vil seie at du flyttar deg på eit rutenett, og angrip fiendar med mekanikkar som kan minne mykje om stein, saks, papir. Naturlegvis vil spelet bli meir avansert enn som så, og Nintendo har modernisert det 25 år gamle spelet for å passe dagens publikum.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Fire Emblem Echoes: Shadows of Valentia

Rime

Pent blir det, men blir det bra?
Tequila Works

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 26. mai

Ein gong for lenge sidan var Rime eit eksklusivt PlayStation 4-spel som skulle vise at Sony, dei hadde taket på indieutviklarane. Fire år seinare har utviklarane fått tilbake rettane til spelet, og det blir lansert til langt fleire plattformer enn opphaveleg planlagt. Dette er uansett noko som verkeleg ser ut til å vere ein positiv ting.

Rime er eit spel som umiddelbart vekkjer assosiasjonar til Team ICOs klassiske spel ICO. Vi spelar som ein ung gut som vaknar på ei aude øy. Der må du løyse mange utfordringar, og bruke dei små grå for å finne vegen vidare i eit fargerikt og middelhavsinspirert øymiljø. For å overvinne utfordringane må du bruke både lys, lyd og tid.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Rime

Blodige draumar på fredag den 13

Greit. Vi må få elefanten ut av rommet med ein gong. I mai kjem Friday the 13th: The Game. Ja, du las riktig. No kjem spelet der du i rolla som ein maskert galning skal drepe unge, pene, lettare avkledde jenter (og gutar). Det er vel strengt tatt alt vi treng seie om det.

Drømmefall Kapitler kjem til konsoll denne månaden. Om du enno ikkje har fått med deg den spanande historia til Ragnar Tørnquist er dette ein god sjanse til å unne seg sjølv nettopp det.

Han i maska? Det er deg.
Gun Media

Treng du litt meir action kan godt mogleg det blodige retroskytespelet Strafe vere tingen for deg. Blir det for lettvindt er The Surge absolutt verdt å sjekke ut. Dette er eit nytt rollespel frå gjengen bak Dark Souls-inspirerte Lords of the Fallen. Den viktigaste skilnaden frå førre spel er at dei no taklar eit science fiction-univers. Vanskeleg blir det nok.

På den hakket meir fargerike fronten finn vi japanske Akiba's Beat, samt den høgst Ratchet & Clank-inspirerte actionplattformaren Skylar & Plux: Adventure on Clover Island. Treng du hakket djupare gameplay kan godt mogleg Disgaea 5 Complete vere tingen for deg når det landar på Switch denne månaden.

Fleire fargar, dei beste faktisk, finn vi i slåssespelet Guilty Gear Xrd REV 2. Det einaste som toppar fargane i dette spelet er det uovervinnelege namnet. Konkurransen er likevel sterk frå den regjerande meisteren Ultra Street Fighter II: The Final Challengers. Eit spel som skal lanserast på Switch så snart PR-teamet har funne ut korleis tittelen skal få plass på boksen.

Før vi ror oss bort frå den japanske fargepaletten må vi ta med actionrollespelaren Ys Origin som dukkar opp på Vita i mai. Med det tek vi årene fatt og ror mot vest der vi finn Lock's Quest. Dette er eit for tenåringane eldgammalt spel som først blei lansert på DS. Ikkje 3DS altså, men DS. Dette spelet tek det naturlege steget vidare, og lanserast på Xbox One, PlayStation 4 og PC.

Eit anna spel som tek eit stort steg er Starpoint Gemini Warlords som tek spranget ut frå Early Access, til full lansering. Det einaste som kan toppe det må vere kortspelet The Elder Scrolls: Legends som lanserast på Mac.

Det var alt for denne gongen. Hugs D-vitamin.

Siste fra forsiden