Feature

Desse spela gler vi oss til i mars

Det blir heftig skyting, gotisk mørke og japansk fantasi i årets første vårmånad.

Atter ein månad er forbi, og vi har med stø hender styrt oss veg gjennom ein ny bunke spel. Februar har vore ein spanande månad. Vi fekk eit herleg gjensyn med The Legend of Zelda: Majora's Mask 3DS, og ein heilt ny versjon av 3DS-maskina attåt.

Monsterspelet Evolve imponerte oss med sitt noko uvanlege utgangspunkt der fire jegarar skal jakte eit stadig vaksande beist, men PlayStation 4-storspelet The Order: 1886 skuffa diverre stort, og leverte ikkje varene vi hadde blitt lova.

Det nyttar derimot ikkje å gråte over knuste speldraumar, og i staden ser vi framover. Årets første vårmånad er i ferd med å setje sitt preg på landet, og med det kjem nokre svært etterlengta spel, samt nokre veldig spanande prosjekt.

Ori and the Blind Forest

Plattform: Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 11. mars

Vakre Ori And The Blind Forest ser ut til å kunne trollbinde dei fleste.
Xbox Game Studios

Dette blendande vakre eventyret er inspirert av Disney-filmar og filmar frå japanske Studio Ghibli. Det er eit sideskrollande eventyr der vi tek på oss rolla som ei blanding mellom oter og kanin som raskt får eit nært forhold til ein mystisk skapnad. Vi tok ein kikk på det under E3-messa i fjor, og blei imponerte over kor vakkert det heile var:

«I over fire år har Moon Studio jobba med Ori and the Blind Forest, og det førebelse resultatet er absolutt slåande. Frå første augneblink grip verda deg og sug deg inn i det som etter alt å døme blir eit spel med mange visuelle krumspring. Dette er et slikt spel som understrekar kor mykje ein kan gjere med et halvstort utviklingsteam – studioet består nemleg berre av 8-9 kjernefolk, men skalerar opp og ned til om lag 20 personar når nødvendig.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ori and the Blind Forest

Battlefield Hardline

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 19. mars

Hard kriminell aktivitet i Battlefield Hardline.

I Battlefield Hardline blir krigsområda og soldatane byta ut til fordel for eit godt gammaldags basketak mellom politi og røvarar. Spelet blir utvikla av Dead Space-veteranane hos Visceral Games, og lovar å by på noko nytt for serien. Her skal dei to sidene av lova møtast i både gisselsituasjonar, bankran og andre storslagne kriminelle aktivitetar. Vi var positive etter å ha sett på det:

«Battlefield Hardline kan bli eit av dei første Battlefield-spela eg verkeleg likar. Etter mange års forsøk hadde eg nesten gjeve opp heile serien, men ein annan utviklar bak roret kan kanskje ha vore akkurat det skytespelentusiasten i meg trengte for å setje pris på massive fleirspelarkampar. Overgangen i tematikk, tempo og storleik kan også ha vore med på å gjere opplevinga meir appellerande.»

Les også
Anmeldelse: Final Fantasy Type-0 HD

Sjå bilete, les artiklar, og finn beste pris på Battlefield Hardline

Final Fantasy Type-0

Plattform: PlayStation 4, Xbox One
Ute: 20. mars

Final Fantasy-serien får sitt første spel på den nye konsollen.

Final Fantasy Type-0 blei først lansert i Japan i 2011 til PSP. Det spelet kom aldri til Europa, noko som ikkje var eit sjakktrekk om målet til Square Enix var å få blide fans. Fleire år seinare får likevel folket det dei vil ha, om enn i ei litt anna innpakning. Spelet har no blitt pussa opp både her og der, og blir i staden lansert på PlayStation 4 og Xbox One.

I spelet møter vi elevar ved ein militærskule, og må leggje ut på ei lang rekke farlege oppdrag. Spelet har ein mørkare tone enn mange andre Final Fantasy-spel, og viser krigens brutalitet på mange måtar. Heilt grelt blir det likevel ikkje, sidan vi til dømes vil få sjansen til å avle fram dei gule chocobo-fuglane serien er kjend for. Det spørst likevel om mange kjem til å kjøpe dette spelet først og fremst for å slå kloa i den medfølgjande Final Fantasy XV-demoen.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Final Fantasy Type-0

Bloodborne

Plattform: PlayStation 4
Ute: 25. mars

Bloodborne blir mørkt og utfordrane.
Sony Interactive Entertainment

For nokre år sidan gjorde japanske From Software stor suksess då dei lanserte Demon's Souls eksklusivt på PlayStation 3. Spelet blei ein så stor suksess at utviklarane braut frå Sony, og i staden utvikla Dark Souls-serien for fleire plattformer og eit større publikum. Med Bloodborne er dei tilbake i Sonys kjærlege armar, det blir eit spel i nøyaktig same gate som Souls-spela.

Bloodborne kastar derimot bort heile middelalder-settinga til fordel for ei mørk og gotisk verd der høge katedralar og mystisk måneskin set stemninga. Vi reiser til ein by der ein mystisk sjukdom har gjort folk om til monster, og vi kan vente oss eit utfordrande spel som garantert vil slå deg i bakken meir enn ein gong. Spelet ser ut til å bli kjappare enn sine forgjengarar, og droppar til dømes tunge skjold til fordel for hopp og sprett i retning bort frå fienden.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Bloodborne

Pillars of Eternity

Plattform: Windows, Linux, Mac
Ute: 26. mars

Pillars of Eternity lovar rollespeling i god, gammal stil.

Pillars of Eternity er ein Kickstarter-suksess frå rollespelveteranane hos Obsidian Entertainment. Målet deira var å lage eit spel i same gate som gamle Infinity Engine-spel som Baldur's Gate og Planescape: Torment. Det var det tydeleg at folk ville ha, for folkefinansieringa blei ein stor suksess, og neste månad er spelet som byr på djupe rollespelsystem i ei isometrisk verd lanseringsklart. Etter å ha sett på spelet meinte vi at Obsidian kunne vere på sporet av noko stort:

«Omgjevnadane du ferdast i er nydelege, kampane er utfordrande, og spelaren har stor valfridom til å spele på sin egen måte. Ikkje forvent å kunne klikke deg raskt gjennom dette spelet. Progresjonen er kanskje litt treg så ein må nok vere tålmodig i gjennomspelinga om ein ynskjer å få mest mogleg ut av spelopplevinga.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pillars of Eternity

Gamle spel på ny

Dante svinger øksa igjen.

Resten av spela som lanserast i mars byr på både gammalt og nytt. Drapsorgia Hotline Miami 2: Wrong Number kjem garantert til å provosere mange, men om du heller vil ha noko hakket meir uskuldig kan du vurdere å prøve deg på berg og dalbane-spelet ScreamRide der målet er å skremme så mange personar som mogleg. Eit anna alternativ med litt fart og galskap er oppfølgjaren til det snodige skatespelet OlliOlli.

Om zombier er di greie kan det sikkert passe godt med Zombie Army Trilogy der vi får heile tre zombiespel basert på Sniper Elite i ei pakke.

Bygyggjarane bør halde eit vakent auge med Cities: Skylines. Det spelet vil by på avansert fysikk som blant anna vil simulere ulike væsketypar. Skulle dette bli for stilleståande for deg kjem det likevel nokre svært actionfylte opplevingar din veg i mars.

Assassin's Creed Rogue får omsider lansering på PC, og i tillegg får vi to litt eldre titlar i ny innpakning. DmC: Devil May Cry blir lansert på Xbox One og PlayStation 4. Det same blir Borderlands-serien i ei samlepakke som gjev oss både Borderlands 2 og Borderlands: The Pre-Sequel.

Eventyrlystne kan prøve seg på PC-versjonen av det Zelda-inspirerte eventyret Oceanhorn: Monster of Uncharted Seas, medan fartsfantoma kan sjå fram til ei gratis Fast & Furious-utviding til Forza Horizon 2.

Det var alt vi fekk plass til denne gong. God speling, og sjåast om ein månad.

Siste fra forsiden