Feature

Desse spela gler vi oss til i mars

Det er på tide med ein ferie til varmare strøk, mykje varmare strøk.

Ein noko tørrlagd vinter (i alle fall på spelfronten) er snart over. Vi har ikkje fått frykteleg mykje å kose oss med, og mykje av det vi har fått har på ingen måte levd opp til det som kan kallast forventningar. PlayStation 4-eksklusive Dreams er fascinerande, men ikkje eit konsept for alle. Det digre actionrollespelet Dragon Ball Z: Kakarot var lett å gløyme, og Wacraft III: Reforged gjorde oss litt forbanna over kor lettlurte Blizzard ser ut til å tru vi er.

Det er best å berre legge det bak seg, for no startar ein vår som godt mogleg kjem til å gå ned i historiebøkene. Ei flodbølgje av store, spanande spel er på veg innover land denne våren, og vi startar hardkøyret i mars med alt frå beinhard action til vakre eventyr.

Ori and the Will of the Wisps

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 11. mars

Ori tek deg med til ei vakker fantasiverd.
Microsoft

Ori and the Blind Forest landa med eit brak i 2015. Det hinsides nydelege «Metroidvania»-eventyret frå Moon Studios overbeviste stort med herlege kontrollar, ei nydeleg verd og mange fantastiske utfordringar. Med oppfølgjaren satsar dei på å ta det enda nokre hakk vidare, og vi var overbeviste om at dette kan bli enda betre enn det første spelet etter at vi tok ein kikk på det.

«Dersom du likte Ori and the Blind Forest har du god grunn til å setje oppfølgjaren på ønskelista for neste år. Faktisk trur eg også The Will of the Wisps kan overbevise nokre av dei som ikkje var så begeistra for det første spelet, takka vere spelets enda meir presise og dermed mindre frustrerande plattformaction. Sjølv om eg ikkje fekk sjå noko av historia har utviklaren lova ei om mogleg enda meir emosjonell berg- og dalbane denne gongen – noko eg er sikker på at teamet kan levere.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Ori and the Will of the Wisps

Doom Eternal

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 20. mars

Eg banke den dusten her 1994, eller noko sånt.
Bethesda

Etter mange år med litt opp og ned har Doom-serien for alvor løfta seg sjølv opp til dei heftige høgder der den strengt tatt alltid har høyrt heime. Doom Eternal byggjer vidare på knallsuksessen Doom frå 2016, og gjev oss plenty med nye utfordringar, våpen og ikkje minst fiendar sterkt inspirerte av originalen frå dei første Doom-spela. Vi tok ein kikk under E3-messa og fekk blod på tann.

«Eg har testa ein god del spel på E3-messa i år, men eg kan seie utan den minste tvil at DOOM Eternal var det desidert mest moro å spele. Vekslinga mellom forskjellige våpen – som ein framleis aldri treng lade opp – Glory Kills, motorsaging, flambering og byksing via entrehake for å ta knerten på demonar store som små, blei aldri ei keisam affære under demoen. Ja, her er mange nye kule måter å gjere dette på, men spelet er framleis fint balansert når det kjem til vanskegrad.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Doom Eternal

Les også
Anmeldelse: Animal Crossing: New Horizons

Animal Crossing: New Horizons

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 20. mars

Det blir så fint atte.
Nintendo

I Animal Crossing-serien til Nintendo tek du på deg rolla som ein person som skal både dyrke mat, leite etter skattar, fiske og generelt leve livet blant ein gjeng menneskeliknande dyr. I Animal Crossing: New Horizons reiser du til ei aude øy, og der skal du, som Jakob Sande sa det, starte eit nytt og betre liv.

Nintendo legg opp til at du skal få akkurat den opplevinga du ynskjer deg, og du får sjølve velje kva øy du vil busette deg på, og du kan forme både verda og områda rundt deg for å passe din eigen stil. I starten vil du vere ganske aleine på øya, men etter kvart som du byggjer opp nye fasilitetar vil det kome stadig nye folk og dyr til, slik at du etter kvart endar opp med eit lite samfunn. For dei som skulle ynskje kan opp til åtte spelarar samarbeide om å byggje opp ferieparadiset.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Animal Crossing: New Horizons

Half-Life: Alyx

Plattform: Windows
Ute: 23. mars

Dette ser ut som trøbbel.
Valve

Det kan framstå mest som ein mannsalder at vi har venta på eit nytt Half-Life-spel. Når rett skal seiast er det vel strengt tatt Half-Life 2: Episode 3 folk har venta på, men ein forløpar med Alyx i hovudrolla fell garantert i smak likevel. Den store vrien med Half-Life: Alyx er at det er eit spel bygd opp utelukkande for VR, og du må dermed pent sjå deg nøydd til å anskaffe eit par VR-briller om du skal få ta del i moroa.

I spelet skal Alyx saman med sin far kjempe mot Combine-styrkene i City 17. Du vil få ei rekke skytevåpen som alle kan brukast med ei hand for at du skal ha fridomen til å bruke ei rekke ulike dingsar. Vi blir lova eit spel på omlag same storleik som Half-Life 2, noko som bør gje deg ei solid mengde timar i dette ekstremt etterlengta gjensynet med Half-Life-universet.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Half-Life: Alyx

Bleeding Edge

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 24. mars

Besta har lagt frå seg strikker.
Ninja Theory

Bleeding Edge er det ferskaste spelet frå Ninja Theory, studioet som har gjeve oss alt frå DmC: Devil May Cry til Hellblade: Senua's Sacrifice. Som tidlegare spel frå den kanten kan vi vente oss mykje action, men nytt denne gong er at dei i staden for ei oppleving for berre ein spelar, no lagar eit konkurransespel der målet er at to lag skal banke skiten ut av kvarandre. Vi kika på det under fjorårets E3-messe, og likte det vi såg:

«Bleeding Edge er definitivt eit konkurransespel, men likevel ei oppleving som verkar å avstå frå å ta seg sjølv seriøst. Ut frå det vi fekk sjå i Los Angeles er det også eit spel som set det å ha det morosamt ævst på prioriteringslista, til trass for at det å kjenne figurane inn og ut er viktig for å gjere det bra. Dette er utvilsamt ei spanande blanding, og vi storkoste oss under vår tid med spelet.»

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Bleeding Edge

Action og demonar

Nioh 2 lovar bank.
Sony

Det er mykje variert i vente i mars, og då er det like greit å byrje på byrjinga med det nye spelet frå skaparen av duedatingsimulatoren Hatoful Boyfriend. I Murder by Numbers skal du løyse mordmysterium medan du løyser talgåter for å finne nye svar. Enkelt.

Hakket mindre enkelt blir det når det tilsynelatande brutale actionrollespelet Nioh 2 slår frå seg. For dei som er glade i pisk på pung, er dette spelet å sjå etter denne månaden. Litt lågare intensitet blir det å finne i One Piece: Pirate Warriors 4. Her blir det likevel action i alle retningar medan fiendane flyg i hopetal.

Meir action blir det i My Hero One's Justice 2 som er basert på animerserien med same namn. Her får du spele gjennom høgdepunkta i serien, om du ikkje får nok med å sjå på den. Ei hakket meir brutal form for action får vi når det saftige Nintendo 64-spelet Doom 64 blir lansert på det meste som kan krype og gå av plattformer.

Om dette blir for intenst kan det kanskje passe med ein ny versjon av Pókemon Mystery Dungeon: Rescue Team DX. Om det heller ikkje skulle passe i skjemaet er kanskje den nye og overklokka versjonen av Persona 5 noko for deg. Her blir det ny hovudperson og mykje nytt innhald for dei som er klare for 120 nye timar med fantomtjuvane. Ta hjartet ditt, liksom. Nokre fleire spel som dukkar opp på nye plattformer er Saints Row IV: Re-Elected til Switch og norske Moons of Madness som kjem til Xbox One og PlayStation 4.

Eit temmeleg spanande spel som etter lang tid i limbo endeleg ser lansering denne månaden er Disaster Report 4 Plus: Summer Memories. Dette spelet om å overleve ei katastrofe blei i si tid lagt på is etter tsunamien som slo inn over Japan i 2011. Etter trykk frå fansen bestemde likevel utviklarane seg for å gjere ferdig spelet, og no er det klart for lansering.

Eit komplett temaskifte får vi i VR-spelet Down the Rabbit Hole der du skal hjelpe ei jente gjennom ei fantasifull og fargerik verd. Om du heller vil hjelpe eit heilt kongerike kan heller få køyrt deg i Yes, Your Grace, medan Mount & Blade-oppfølgjaren Bannerlord blir tilgjengeleg i Early Access.

Det var det for denne gong. God speling.

Siste fra forsiden