Feature

Desse spela gler vi oss til i november

Den største haustmånaden veltar snart over oss.

Og med det var det gjort. Merkeleg kor fort tida går, ikkje sant? Rocktober er over, og storsatsingar som Dishonored, Resident Evil 6 og Forza Horizon har glidd av radaren over spel vi ser fram til. Har det vore ein solid månad? Javisst. Alt har kanskje ikkje overbevist i like stor grad, og spesielt Fable: The Journey er eventyrserien sin så langt største nedtur, men kven bryr seg eigentleg når ein kan kose seg i det fabelaktige Dishonored?

Slikt småpjatt har vi uansett ikkje tid til. Det er duka for den mest tettpakka månaden i året, og i dei komande vekene har vi latterleg mykje å glede oss til.

Køyr på!

Wii U er snart på plass!

Wii U

Plattform: Nei, gjett då. Ute: 30. november

Vi startar like godt med slutten, for ein gongs skuld. Sjølv om lanseringa av Nintendo sin nyaste konsoll skjer på den siste dagen i månaden, er dette definitivt blant årets største hendingar. Det er alltid slik når nye konsollar landar i fanget på oss. Vi blir som små born kvar gong. Vi må lukte på, smake på, trykke på, og sjå om den overlev eit fall frå andre til første etasje. Vi kan ikkje hjelpe for det, det ligg i naturen vår.

«Kva er spesielt med Wii U?» lurer du kanskje på. Den byr kanskje ikkje på eit grafisk løft i forhold til PlayStation 3 og Xbox 360, men som vanleg for Nintendo byr den på nye måtar å spele på. Vi får ein handkontroll med trykkfølsom skjerm, og vi har allereie sett denne kome til god nytte i spel som ZombiU og New Super Mario Bros. U. Mest av alt gler vi oss likevel til å ein gong i framtida få spele eit Zelda spel i den herlege høge oppløysninga Sony og Microsoft introduserte for konsollpublikumet for ein mannsalder sidan.

I samband med lanseringa av Wii U dukkar det sjølvsagt opp nokre spel som skal vise oss kva Wii U er god for. Vi tek ein kikk på nokre av spela som dukkar opp på lanseringsdagen.

Er du klar for nye hopp og plattformsprett?

New Super Mario Bros. U

Plattform: Wii U Ute: 30. november

Som seg hør og bør dukkar ein av Nintendo sine populære maskottar opp i eit flunkande nytt spel. Denne gong er det Mario som er tilbake i New Super Mario Bros. U. Dette blir tradisjonell sideskrolling av den gode gamle sorten, men med ein vri. Opp mot fire spelarar kan plukke opp ein Wiimote for å styre Mario, Luigi og fleire heltar frå soppriket over skjermen. Utover dei som spelar med Wiimoten kan ein ekstra spelar plukke opp Wiipaden for å hjelpe eller frustrere dei andre spelarane.

Med skjermen på Wiipaden kan du trykkje inn plattformer akkurat der du vil. På denne måten kan du lage nye vegar for spelarane, eller øydeleggje alt. Det kjem vel strengt tatt berre an på kor god ven du eigentleg er.

Les også
Anmeldelse:

Les meir om New Super Mario Bros. U

Glade zombiedagar i ZombiU.

ZombiU

Plattform: Wii U. Ute: 30. november

Dette grøssarspelet frå Ubisoft satsar på å gjere alt det Resident Evil-serien har slutta å gjere; skremme livskiten av deg. Her er det ikkje snakk om å skyte ned hordar av zombier med maskingevær. Her må du fint ta til takke med ein kjepp, ei jernstang, eller andre provisoriske våpen. Du må liste deg gjennom mørke område og berre håpe at ingen zombier ser deg. Om du blir biten og døyr startar du om igjen som ein ny person.

Noko av det mest interessante med ZombiU er korleis Wiipaden blir brukt. Heile inventaret har blitt lagt til den vesle skjermen. Om du skal skifte våpen, finne ein gjenstand eller gjere andre praktiske oppgåver som krev ein kikk i sekken, må du sjå vekk frå TV-skjermen og ned på Wiipaden. Det er eit lite, men fascinerande trekk som kan bidra til at du aldri føler deg heilt trygg.

Les meir om ZombiU

Sosial moro i Nintendo Land.

Nintendo Land

Plattform: Wii U. Ute: 30. november

Nintendo Land er strengt tatt ikkje eit spel. Det er i staden ei samling med fleire ulike småspel som alle byr på ulike utfordringar. I The Legend of Zelda: Battle Quest kan du til dømes gå på tokt i Zelda-universet saman med nokre vener. Her kan fire spelarar bruke skjold og sverd for å kjempe mot fiendar, medan ein femte brukar Wiipaden til å skyte med pil og boge.

I Luigi's Ghost Mansion spring opp mot fire spelarar rundt med lommelykt for å finne eit spøkjelse styrt av ein femte spelar med Wiipad. Alternativt kan du skyte ned romskip i Metroid-universet. Dette er berre nokre døme på kva Nintendo Land byr på, og alle dei små spela lovar å by på diverse attraksjonar som inneheld små doser med sosial moro. Om dette blir eit spel som kan nå same status som Wii Sports er kanskje tvilsamt, men eit moro konsept er det likevel.

Les meir om Nintendo Land

Utover desse eksklusive titlane kjem det etter kvart fleire Wii U-versjonar av komande spel, eller spel allereie lansert på andre konsollar. Av desse finne vi blant anna Batman: Arkham City: Armored Edition, Assassin's Creed III og ikkje minst Call of Duty: Black Ops II.

November er ein massiv månad, og no skal vi ta ein kikk på alt det andre som skjer i månaden for dei som ikkje kunne brydd seg mindre om kva Nintendo driv på med.

Kva er vel livet utan ein god tabell?

Football Manager 2013

Plattform: Mac, PC Ute: 2. november

Det er tid for å få orden på fotballen igjen, og om det er nokon som kan det, er det erfarne Football Manager-spelarar. Det ser ikkje ut til å vere dei heilt store endringane i år, men utviklarane har jobba med finpussen og spesielt korleis informasjon blir presentert ovanfor spelaren har fått ei overhaling.

Sjølv om grunnspelet kanskje ikkje byr på mykje nytt, betyr ikkje det at alt er som før. Det nye Football Manager-spelet kjem med ein heilt ny Classic-modus som byr på ein svært forenkla versjon av spelet der du ikkje må halde styr på like mykje som i det fulle og heile spelet. Mindre mail, mindre ansvar, mindre jobb, og forhåpentlegvis fleire resultat. Tida vil vise om denne forenklinga kan få fleire spelarar til å vise interesse for manager-arbeidet.

Les meir om Football Manager 2013

Eg seier som onkelen min: «WROM WROM!»

Need for Speed: Most Wanted

Plattform: PC, PlayStation 3, Vita, Xbox 360 Ute: 2. november

Etter suksessen med Need for Speed: Hot Pursuit er Criterion tilbake med atter eit Need for Speed-spel. I Most Wanted handlar det om å bli etterlyst. I ei stor og opa verd mange likar å samanlikne med Critetion sitt eige Burnout Paradise, kan du køyre rundt og kose seg i det tempoet du vil. Om du derimot skulle bryte lova kan du rekne med å få politiet på nakken.

Når dette først skjer blir heile opplevinga snudd på hovudet. Borte er den opne verda, borte er langstrakte vegar, og tilbake står vegsperringar og dritforbanna politifolk som ikkje skyr nokon midlar for å få lagt deg i jern. Om dette ikkje skulle vere nok byr Most Wanted på ei vidareutvikling av Autolog-funksjonen dei introduserte i Hot Pursuit. Du bør finne mykje å konkurrere med vener om altså.

Les meir om Need for Speed: Most Wanted

Kriminelt lekre Halo 4.

Halo 4

Plattform: Xbox 360 Ute: 6. november

Å seie det er skyhøge forventningar til Halo 4 er ikkje å overdrive. Ikkje berre er det eit lenge etterlengta gjensyn med Master Chief, men det er det første store Halo-spelet (med unntak av strategispelet Halo Wars) som ikkje er utvikla av Bungie. Microsoft har skrudd saman eit superteam av utviklarar, og satsar alt på at dette blir ein verdig start på ein ny trilogi om den store Xbox-helten.

Halo 4 plukkar opp tråden nokre år etter Halo 3, og i dette eventyret møter vi ein heilt ny fiende som lovar å by på mange nye utfordringar. Ved sidan av starten på ei ny historie om Master Chief får vi sjølvsagt ein robust fleirspelarmodus, men òg nye oppdrag for ein eller fleire spelarar i Spartan Ops. Om Halo 4 kan leve opp til forventningane vil berre tida vise, men vi ventar i spaning.

Les meir om Halo 4

Pang-pang i framtida er framleis pang-pang.

Call of Duty: Black Ops II

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360, Wii U Ute: 13. november

Det har nesten blitt tradisjon for Call of Duty-serien å knuse sine eigne rekordar. Black Ops II er ikkje noko unntak. Allereie i solid tid før lansering har det blitt førehandsspelt fleire kopiar av Black Ops II enn av fjorårets Modern Warfare 3.

I Black Ops II har Treyarch slutta å sjå tilbake i tid. No er det nær framtida som gjeld. Ved sidan av det som sikkert blir ein karusell av ein einspelarmodus, kjem fleirspelarmodusen med fleire oppdateringar. Det vil no bli mykje enklare å førebu seg på kamp sidan klassesystemet lettare kan konfigurerast slik du vil. Om verken kampanjen eller fleirspelaren skulle freiste deg, får vi sjølvsagt eit gjensyn med den populære zombiemodusen Treyarch introduserte i Call of Duty: World at War.

Les meir om Call of Duty: Black Ops II

Ein blir aldri for gammal for Disney.

Epic Mickey: The Power of Two

Plattform: Mac, PC, PlayStation 3, Xbox 360, Wii Ute: 18. november

Epic Mickey svara ikkje heilt til forventningane, men det lovar legenda Warren Spector og kompani å gjere noko med i Epic Mickey: The Power of Two. Om du nokon gong har tenkt tanken at det verkeleg hadde gjort seg med litt musikal i spela dine, får du endeleg draumen din oppfylt.

Som i det første spelet skal du bruke måling og tynner for å endre på verda. Det nye denne gong er at Mikke Mus sin slektning Oswald er ein spelbar karakter. I motsetning til Mikke spring han ikkje rundt med ein målingskost, men kan i staden skyte elektrisitet på både fiendar og gjenstandar. Sidan vi no får to heltar i hovudrollene kan to spelarar samarbeide om å utforske den fargerike Disney-verda fylt til randen med kjende, kjære og nokre mindre kjende Disney-figurar.

Les meir om Epic Mickey: The Power of Two

Spelindustriens største stilikon.

Hitman: Absolution

Plattform: PC, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 20. november

Dette har vi venta på. Agent 47 har vore borte alt for lenge, og no er det mykje som tyder på at han er tilbake i storform. Her blir det sniking av forhåpentlegvis beste sort, og stor valfridom til å gå fram slik du vil. Om du vil kle deg ut som ein narr for å lure folk inn ei felle kan du sjølvsagt gjere det, men om du heller vil skape ei lita ulukke som får ein bensinstasjon til å gå i lufta er dette sjølvsagt heilt opp til deg.

Eit nytt element for serien er Instinct Mode. Ved å slå på denne kan du gjennom eit slags røntgensyn sjå alle personar i området, og kvar dei er på veg. Kanskje gjer det ting lettare, men om det er ei solid utfordring du vil ha kan du alltids slå den av. Eit anna nytt element er den spanande contract-modusen der vener kan setje sine eigne krav for korleis eit brett skal løysast, før dei seinare utfordrar kvarandre.

Les meir om Hitman: Contracts

Fyren som vil gi deg ein leksjon i galskap.

Far Cry 3

PC, PlayStation 3, Xbox 360 Ute: 29. november

Det store spørsmålet heilt sidan kunngjeringa av Far Cry 3 har vore om du eigentleg veit kva definisjonen av galskap er. Eg kan ikkje seie eg er så skråsikker på akkurat det, men eg er rimeleg sikker på at eg kjem til å ha eit godt overblikk når eg er ferdig med Far Cry 3.

I Far Cry 3 er vi igjen på ei skummel øy ute i havgapet ein stad. Du har mista dama di, og må prøve å finne ho igjen. Det er lettare sagt enn gjort når øya er full av mentalt ustabile tullingar med våpen. Vi må med andre ord gjere det einaste fornuftige i ein slik situasjon; alliere oss med hakket (forhåpentlegvis) meir stabile folk, og ta opp jakta. Far Cry 3 lovar å blir eit sånn passe brutalt og forstyrrande spel. Det er berre å gle seg. Litt galskap må ein ha i desse hausttider.

Les meir om Far Cry 3

Klar for nye romeventyr?

Nesten i mål

Det er framleis ei lita stund igjen til jul, men det er lett å gløyme at november så og seie er den siste verkelege månaden for spellanseringar. Vi skal ikkje langt ut i desember før det heile seier stopp og dei fleste tek seg ferie. Naturleg nok er det eit hav av spel som skal ut i hyllene før den tid, og som vanleg har vi fleire spel å trekke fram enn dei vi allereie har nemnt.

Om du ikkje er ein stor fan av meir eller mindre realistisk bilkøyring kan du kose deg med LittleBigPlanet Karting på PlayStation 3. Dette fargerike spelet er godt inspirert av Mario Kart, og let mange spelarar skyte på kvarandre med diverse våpen frå ei lang rekke absurde køyrety. Eit anna noko Nintendo-inspirert spel er PlayStation All-Stars: Battle Royale. I dette slåssespelet møtast diverse PlayStation-heltar til heftige kampar.

Nokre av storspela i november får seg nokre portable kompanjongar. Epic Mickey får ein liten bror på 3DS i form av Epic Mickey: Power of Illusion, og Call of Duty tek turen til PS Vita i form av Call of Duty: Black Ops: Declassified.

Om det du treng er litt solid MMO-moro i rommet kan det kanskje freiste med Planetside 2. Om du derimot vil ha rollespela dine heilt for deg sjølv er det omsider klart for lanseringa av Baldur's Gate: Enhanced Edition. Om fart og spenning og svære robotar er meir du greie er det duka for eit gjensyn med Zone of the Enders i Zone of the Enders HD Collection. Treng du derimot litt dystert mørke riser vi tilbake til Silent Hill i Book of Memories.

Vi får håpe du får ein solid månad. Hugs å få minst fire timar søvn kvar natt, elles kan det bli vanskeleg å halde auga opne neste kveld.

Siste fra forsiden