Feature

Desse spela gler vi oss til i november

Gjer deg klar, nå kjem eit skred av spanande storspel.

Hadde eg vore politisk korrekt hadde eg sikkert sagt noko slikt som at hausten er herleg, sidan det er så pent og alt det der. For å vere heilt ærleg er eg ein langt større fan av det late sommarliv, men det finnest definitivt ein god ting med mørke, regn og kald: Mange gode grunnar til å pakke seg inn framfor ein skjerm og nyte eit godt spel eller ti.

Atter ein månad er over. Som vanleg har vi fått ei solid dose spel å bryne oss på. Oktober i år har absolutt levert gode opplevingar. Vi har fått deileg skrekk og gru i Alien: Isolation og The Evil Within, og ein artig tur gjennom Tolkiens rike i Middle-earth: Shadow of Mordor. Sid Meier's Civilization: Beyond Earth levde ikkje heilt opp til forventningane, men rollespelet Legend of Grimrock 2 leverte absolutt varene. Heilt på tampen av månaden har vi òg fått det glimrande Sunset Overdrive frå Ratchet & Clank-skaparane hos Insomniac Games.

Sjølv med alle dei gode opplevingane vi har hatt i oktober, er dette berre opptakta til årets største spelmånad. Vi har uhorveleg mange storspel i vente, og vi kan ikkje gjere stort anna en å berre kaste oss ut i det. Lukke til med å få tid til alt!

Call of Duty: Advanced Warfare

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows PC
Ute: 4. november

Kan nye utviklarar sprøyte nytt liv i Call of Duty-serien?

At det kjem eit nytt Call of Duty-spel denne månaden burde ikkje kome som eit sjokk på nokon. Activision gjer sitt beste kvart år for å sørgje for at Call of Duty-serien framleis held på sin posisjon som den største lanseringa i tida før jul. I år er det nykomarane i Sledgehammer Games som står for utviklinga. Sjølv om dei er eit ferskt studio, har dei nok av veteranaer innanfor dørene sine, og dei har store planar om å setje sitt merke på spelet.

Vi blir lova dei største nyvinningane i serien så langt, der blant anna eit exoskjelett får mykje å seie for kampane. Med dette kan du hoppe høgre, hoppe kjapt til sida, samt slå i bakken med stor kraft. Skjelettet kjem i tillegg med fleire eigenskapar som bør by på litt krydder i kvardagen. Det kan gjere deg raskare, regenerere helsa di, eller gjere deg usynleg, for å nemne noko. Her ser alt ut til å vere klart for nokre intense kampar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Call of Duty: Advanced Warfare

Halo: The Master Chief Collection

Plattform: Xbox One
Ute: 11. november

Master Chief er tilbake i årets store samlepakke.
Microsoft

Kva seier du til alle spela om Halo-helten Master Chief på ei plate? Det er nøyaktig det vi får i Halo: The Master Chief Collection. Her får vi Halo 1-4 i høg oppløysing, med aller fleirspelarkarta som nokon gong er lansert til serien. I samband med 10-årsjubileet til Halo 2, har akkurat det spelet fått seg ei solid oppussing, og blir no spelbart med mykje lekrare grafikk. Vi tok ein kikk på samlinga tidlegare i år, og meinte den er ein draum for Halo-fans:

«Vi veit spela i Halo: The Master Chief Collection er av svært høg kvalitet, og det er all grunn for Halo-fans til å glede seg til november. Her får vi fire Halo-spel i ei pakke, og moglegheita til å spele kart og nivå frå kvart og eitt i akkurat den rekkefølgja du sjølv vil. Det er latterleg mykje innhald her. Med over 100 kart å velje mellom skal det godt gjerast å unngå usunt lange kveldar for alle dei som har sakna å spele dei gamle Halo-spela før nyare spel vridde på formelen og dytta inn nye element.»

Les også
Anmeldelse: Call of Duty: Advanced Warfare

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Halo: The Master Chief Collection

World of Warcraft: Warlords of Draenor

Plattform: Windows, Mac
Ute: 13. november

World of Warcraft får ny ekspansjon.

Sjølv om World of Warcraft ikkje på langt nær har like mange spelarar no som det hadde i glanstida, er det framleis millionar av folk som flokkar til Azeroth kvar dag. Med den komande ekspansjonen Warlords of Draenor følgjer vi orkesjefen Garrosh Hellscream tilbake i tid til før hendingane som starta kampen mellom menneska og orkane. Der tek han med seg teknologi frå framtida slik at orkane skal få eit stort overtak.

Warlords of Draenor blir den første World of Warcraft-ekspansjonen som ikkje byr på ein ny spelbar rase, men til gjengjeld aukast nivåtaket til 100, og spelarmodellane har fått seg eit grafisk løft. I tillegg vil spelarane få bryne seg på enda meir utfordrande raid. På toppen av dette vil spelarane no få byggje eigne garnisonar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på World of Warcraft: Warlords of Draenor

Assassin's Creed Unity

Plattform: Xbox One, PlayStation 4, Windows PC
Ute: 13. november

Assassin's Creed Unity skal bli det største spelet i serien så langt.

Eit nytt år, nye eventyr i Assassin's Creed-universet. I det første Assassin's Creed-spelet som sløyfar den førre generasjonen med konsollar kan vi vente oss eit solid grafisk løft der blant anna folkemengdene vil vere større enn nokon gong. Vi reiser til Frankrike og får ta del i den franske revolusjonen, noko som burde vere ei glimrande leikegrind for aspirerande snikmordarar.

Utviklarane lovar oss det største Assassin's Creed-spelet så langt. Vi blir lova hundrevis av oppdrag og aktivitetar å bryne oss på, der vi saumlaust skal kunne skifte mellom å vandre langs gater, springe langs hustak, og klatre inn i dei mange bygningane. Nytt for serien er ein fleirspelarmodus som let fire spelarar samarbeide om å løyse spelets mange oppdrag.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Assassin's Creed Unity

LittleBigPlanet 3

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3
Ute: 19. november

Alltid like fargerike LittleBigPlanet.

Heilt sidan det første LittleBigPlanet-spelet dukka opp i 2008 har Sackboy og dei kreative aktivitetane han har lete oss ta del i sjarmert spelarar verda over. Med LittleBigPlanet 3 har serien skifta utviklarar, men det ser ikkje ut til at vi har noko å frykte av den grunn. Sackboy har fått seg tre nye vener som alle byr på ulike eigenskapar, og då vi kika på spelet tidlegare i år likte vi i aller høgste grad det vi såg:

«Sackboys tre nye bestevener gjer sitt inntog med brask og bram, og som ei todimensjonal utgåve av det nyaste Super Mario-spelet har dei fire heltane både unik utsjånad og unike evner. Det fungerer overraskande bra, og sjølv om kravet til samarbeid er større enn nokonsinne har serien alltid vore på sitt beste når to eller fleire spelarar kjem saman med eitt mål for auget.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på LittleBigPlanet 3

Far Cry 4

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 20. november

Far Cry 4 tek oss med til isklade fjellstrøk.

Far Cry 4 held fram Ubisofts tradisjon med å ta oss til nye og spanande område i kvart spel. Vi har allereie utforske tropiske øyer og brennheite afrikanske sletter, og no er det tid for å ta turen til snødekte fjelltoppar. I Far Cry 4 set vi kursen mot regionen Kyrat i Himalaya, og tek på oss rolla som Ajay Ghale. Han får møte ei rekke utfordringar sidan han hamnar midt i ein borgarkrig der folket kjempar mot den despotiske og sjølvoppnemnde kongen Pagan Min.

Som i dei tidlegare spela i serien vil vi få bryne oss på store og opne område. I Far Cry 4 har likevel utviklarane stramma inn tøylene litt slik at historia og kva du gjer i spelet samsvarer betre. Døme på dette er korleis du i Far Cry 3 kunne vere under tidspress, men likevel stod fri til å utforske slik du ville.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Far Cry 4

Dragon Age: Inquisition

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 21. november

Val, konsekvensar og store dragar er noko av det DRagon Age: Inquisition har å by på.
EA

Med Dragon Age: Inquisition satsar BioWare på å ta det beste frå dei tidlegare spela i serien, og naturlegvis tilføre mykje nytt. Vi får fire rasar å velje mellom, og fokuset blir stort på å ha ei solid gruppe der alle krigarane har viktige posisjonar. Action blir framleis viktig, men det vil vere viktig å førebu seg godt til kampar, og posisjonere krigarane skikkeleg. Val og konsekvensar blir ein viktig del av spelet, og BioWare lovar å gje oss større innverknad på historia enn nokon sinne. I vår sniktitt var i spente på å sjå korleis det heile fungerer i praksis:

«Lovnadar om verkelege konsekvensar og levande univers høyrest vel og bra ut, men samtidig er eg nøydt til å sjå det i aksjon før eg lar meg overbevise heilt. Vil bjørnebestanden i spelet forsvinne om eg går inn for å knerte kvar og ein av dei? Har eg noko eg skulle ha sagt i forhold til historia sin gang? Dette er spørsmål som sit laust når eg tenkjer på Dragon Age: Inquisition, og eg kan nesten ikkje vente med å finne ut svara.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dragon Age: Inquisition

Geometri og fartsfantom

Tales of Hearts R gjev JRPG-fansen noko å stri med i haustmørkret.

Ingen månad er komplett utan ei god liste med spel attåt. Ved sidan av spela vi allereie har ramsa opp byr november på ein god bunke lovande titlar. Eller kvar seier du til det tredje spelet i den suverene Geometry Wars-serien? Om dette blir for sært for deg kan det godt mogleg passe med ein litt nostalgisk tripp med Tetris Ultimate. Er du hakket meir sportsinteressert bør Football Manager 2015 gi deg det du treng.

For musikarane lanserast Rocksmith 2014 Edition på Xbox One og PlayStation 4, men dette er ikkje det einaste spelet som får nye versjonar på nye plattformer denne månaden. Alltid like populære Grand Theft Auto får sitt første innslag på PlayStation 4 og Xbox One sidan Grand Theft Auto V lanserast i ny og lekrare versjon.

Middle-earth: Shadow of Mordor gjer det motsette, og etter lanseringa på PlayStation 4, Xbox One og Windows er det no tid for å gjere seg klar for lansering på PlayStation 3 og Xbox 360. Eit anna spel som gjestar dei same plattformene er Assassin's Creed Rogue, som gjev førre generasjon-spelarane utan nyare konsollar sjansen til å utføre nokre snikdrap i år òg.

Fans av japanske rollespel kan sjå fram til Tales of Hearts R på PlayStation Vita, medan gode, gamle Sonic er tilbake i Sonic Boom på Wii U og 3DS. Pokémon-elskarar får òg sitt å styre med sidan Nintendo lanserer nye og oppussa versjonar av Pokémon Ruby og Sapphire. På tampen kan vi ta med at Batman er tilbake i eit nytt LEGO-spel som lanserast på så og seie alt som finnest av plattformer.

Det var alt for denne månaden, vi håpar du kjem deg gjennom den med helsa i god forvaring.

Siste fra forsiden