Feature

Desse spela gler vi oss til i november

Vil årets største spel innfri forventningane?

Montasje, Gamer.no

Då er vi her igjen. Årets påstått skumlaste månad er ved vegs ende, og årets stort sett travlaste spelmånad er i ferd med å vakne. Vi legg bak oss ein månad med gode opplevingar i svært ulike format. The Coalition demonstrerte at dei absolutt er dei rette folka til å ta Gears of War-serien inn i framtida, medan Nintendo viste at dei framleis kan å lage sukkersøt underhaldning med Paper Mario: Color Splash.

Vi har faktisk fått eit solid norsk spel denne månaden. Det absurde spelet Manuel Samuel fekk vår testperson til å le godt. Litt mindre latter blei det i Mafia III, men grei underhaldning var det likevel.

Men no er det på tide å finne ut kva du skal handle i julegåver til dine næraste og kjæraste dette året.

Call of Duty: Infinite Warfare

Endelaus krigføring i Call of Duty: Infinite Warfare.
Activision

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 4. november

Spelserien som gjer kunst i å få krig til å høyrest meir pompøst ut for kvart år som går, er naturlegvis tilbake i år også. Denne gong tek vi turen til verdsrommet der nye trugslar herjar. Jorda er tom for ressursar, og menneska har vore nøydde til å sjå utover for å halde seg i live. Her finn vi sjølvsagt ei rekke lumske folk som berre tenkjer på seg sjølv. Game of Thrones-kjekkasen Kit Harrington dukkar opp i ei rolle, noko sintare enn vi er vande med å sjå han.

Folk flest bryr seg nok ikkje om slikt, og vil heller vite kva den uhyre populære fleirspelarmodusen har å by på. Utviklarane lovar at spelet byggjer vidare på rørslesystemet frå tidlegare spel, medan fokuset på taktisk manøvrering blir stort. Dei populære zombiene er òg tilbake, men her skal det ha skjedd store endringar sidan førre gong.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Call of Duty: Infinite Warfare

Tyranny

I Tyranny har vondskapen vunne før du har starta.
Paradox Interactive

Plattform: Windows, Linux, Mac
Ute: 10. november

Du har sikkert høyrt det før. Eit knippe eventyrarar endar under svært spekulative samantreff opp med å reise ut for å redde verda frå eit vonde som truar med å øydeleggje alt alle held kjær. Ikkje no lenger! I Tyranny, det ferskaste rollespelet frå Obsidian Entertainment, har vondskapen allereie vunne. Utviklarane imponerte stort med sitt retrorollespel Pillars of Eternity, og etter vår sniktitt har vi trua på at dei kan gjere det igjen:

«Obsidian har forstått at det finnest eit sterkt publikum for desse spela og dei veit kva opplevingar dette publikummet ser etter. Spesielt utgangspunktet i Tyranny er svært interessant, sidan dei fleste rollespel handlar om kampen mellom det gode og det vonde. Å sjå korleis historia vil fortsette etter at vondskapen sigrar er kjempespanande, og du som spelar vel sjølv korleis du vil forholde deg til dette.»

Les også
Anmeldelse: Dishonored 2

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tyranny

Dishonored 2

Kan Dishonored 2 toppe forgjengaren?
Bethesda

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 11. november

Dishonored blei ein stor hit etter lansering, der blandinga mellom både sniking og action enda opp som ei herleg oppleving. Dishonored 2 lovar å byggje vidare på dette, og vil gje spelaren stor valfridom i nøyaktig korleis han eller ho vil handtere dei ulike utfordringane som dukkar opp gjennom historia.

Denne gong har utviklarane spolt tida 15 år framover, og igjen møter vi Corvo Attano. Han er derimot ikkje aleine, og du kan velje mellom å spele som Corvo, og dottera hans Emily Kaldwin. Ho var berre eit lite born i det første Dishonored-spelet, men er no ei fullvaksen kvinne med sine eigne og unike eigenskapar. Kven du vel å spele som skal påvirke historia, men det vil og dine val og handlingar undervegs i spelet gjere.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dishonored 2

Watch Dogs 2

Meir hacking får vi i Watch Dogs 2.
Ubisoft

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 15. november

Watch Dogs blei kanskje ikkje heilt det spelet mange hadde håpa på, men det blei likevel ein stor suksess for Ubisoft. Spelet var faktisk så populært at det på den tida enda opp med å bli den største nylanseringa nokon sinne. Under utviklinga av Watch Dogs 2 har Ubisoft lytta til kritikken det første spelet fekk, og satsar på enda større suksess når dei introduserer oss for ein ny by, ny hovudperson, og mange nye utfordringar. Vi var optimistiske etter å ha kika på det:

«Det ser ut til at Ubisoft har tatt mange skritt i riktig retning med Watch Dogs 2. Spelet verkar lysare og litt mindre alvorleg enn sin forgjengar, og tårnklatringa frå tidligare spel er endeleg ein saga blott. Verktya du har tilgjengeleg gjev deg langt meir fridom til å takle alle situasjonar akkurat slik du vil, med fleire moglegheiter for å hacke ting i omgjevnadane og manipulere dei på ulike måtar.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Watch Dogs 2

Pokémon Sun og Moon

Pokémon er alltid like populært.
Nintendo

Plattform: Nintendo 3DS
Ute: 23. november

Pokémon-franchisen fekk seg ein solid oppsving tidlegare i år då mobilspelet Pokémon Go blei lansert. Å jakte Pokémon blei den nye folkesporten, og sende både store og små ut på tur for å finne sjeldne skapningar. No er det derimot klart for eit nytt skikkeleg Pokémon spel, om ein får lov til å kalle det det. Pokémon-serien er først og fremst ei rekke japanske rollespel der du samlar rare skapningar for bruk i turbaserte kampar, og Pokémon Sun og Moon er ikkje noko unntak.

No reiser vi til den Hawaii-inspirerte øya Alola. Her finn vi eit mykje varmare klima enn kva vi har sett i tidlegare spel. Kvite strender, svaiande palmar, og steikjande sol blir heim for ei lang rekke nye Pokémon du kan samle og trene for å bruke i kamp. Om du er ein erfaren Pokémon-trenar, eller berre ein nysgjerrig fersking, vil du nok finne mykje å kose deg med her.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pokémon Sun og Moon

Final Fantasy XV

Heltegjengen er klar for eventyr.
Square Enix

Plattform: PlayStation 4, Xbox One
Ute: 29. november

Når det har tatt ti år å utvikle eit spel, bør resultatet bli bra. Spelet som starta livet som Final Fantasy Versus XIII, er endeleg klart for lansering, og du vil ikkje vere aleine om du har vanskeleg for å tru det. Utviklinga av Final Fantasy XV har vore lang, og ikkje heilt utan problem, men no er tida endeleg inne for det første nummererte Final Fantasy-spelet på mange år.

Vi møter den unge prinsen Noctis og venene hans som må reise ut på ei lang reise i ei ustabil verd. Spelet lovar større fridom enn noko Final Fantasy-spel har gjort tidlegare, og vil la deg fritt springe rundt i den store verda. Noko av det viktigaste i spelet er derimot dynamikken mellom dei fire hovudpersonane. Spelet har blitt skildra som ein heisatur med fire vener, med det unntak at denne heisaturen byr på action, mektig magi og store, farlege beist. Vi gler oss.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Final Fantasy XV

Ugler, skrekk og fotball

Norske Owlboy er endeleg ferdig.
Øyvind Steinkopf Sund/Gamer.no

November er ein stri månad med mindre du er den største stjerna på spelhimmelen. Å bli sett blant alle storspela er vanskeleg, og det er noko fleire og fleire utviklarar har tatt til seg i seinare år. Resultatet er ei liste med spel som er merkbart mindre enn dei fleste andre månader. Å konkurrere mot Call of Duty er for dei fleste det same som å gje opp før du har prøvd.

Vi finn likevel eit knippe spel som prøvar seg. Først og fremst finn vi norske Owlboy, eit sideskrollande plattformspel som gjennom den lange utviklingsprosessen har enda opp som ein skikkeleg publikumsfavoritt på indiescena. Vår anmeldar er også svært nøgd med spelet.

Noko heilt anna finn vi i Football Manager 2017. Her blir det, som du kanskje har gjetta, om å gjere å organisere fotballen på best mogleg måte.

Som dei fleste andre månader finn vi eit par gamle spel på nye plattformer. Først ut har vi Darksiders: Warmastered Edition. Dette er – som du kanskje skjønar – det aller første Darksiders, men i ei ny og hakket finare innpakning. For skrekkentusiastane får vi òg samlepakka Amnesia: Collection.

Heilt til slutt tar vi med eit par spel som ikkje har fått nøyaktig lanseringsdato, men som vil bli tilgjengelege i løpet av november, om alt går etter planen. Grøssarspelet Pathologic kjem i ny og oppussa innpakning denne hausten, og bør bu på litt god uhyggje for dei som likar det.

Er vi heldige får vi òg endeleg møte Clementine igjen, når sesong tre av Telltales The Walking Dead etter planen skal lanserast i november ein gong.

Det var alt for denne gong. Spel med måte.

Siste fra forsiden