Feature

Desse spela gler vi oss til i november

Haustmørkret byr på mykje rart i år, frå dyrehage til okkult barnepass.

Året hellar mot slutt, kulda er her, og nokre av dei største titlane har allereie landa i terrenget. Etter nokre år med gradvis surare stemning ser det ut til at Call of Duty-serien er på topp igjen. Kanskje ikkje i originalitet sidan dei vel å kalle det nyaste spelet i serien nøyaktig det same som det kanskje best kjende spelet i serien, men ok. Joda, Activision har kalla det nyaste spelet Modern Warfare. Det er godt spelet er bra.

Oktober har bydd på ei rekke solide spelopplevingar. Microsoft er sikkert glade for at dei kjøpte Obsidian no som The Outer Worlds viser seg å vere eit kanonspel. Litt mindre happy er sikkert Activision som no ser at Bungie klarar seg veldig fint utan dei med den siste Destiny 2-ekspansjonen.

Enda meir moro fekk vi i det kreative spelet Concrete Genie, medan Ghost Recon Breakpoint og Code Vein skuffa stort. No er det derimot igjen tid for å sjå framover.

Planet Zoo

Plattform: Windows
Ute: 5. november

No kan du snart lage verdas beste dyrehage.
Frontier Developments

Dei fleste parkbyggespel nøyer seg som regel med å la deg snikre i hop nokre gjerder og stappe nokre dyr bak dei. Om dette er nok for deg har du mykje å velje i, men om du treng litt meir inngåande kontakt med dyra, er Planet Zoo kanskje spelet for deg. Spelet kjem frå dei erfarne folka hos Frontier Developments, og her finn vi folk som har jobba på alt frå Zoo Tycoon til Jurassic World Evolution.

I Planet Zoo blir vi lova dei mest truverdige og livaktige dyra du nokon gong har sett i eit spel. Kvart dyr er eit unikt individ som tenker, og knyter band til både andre dyr og menneskelege trenarar. Du må passe på at dyra dine har det bra for å få ein god dyrepark, men samtidig må du ikkje gløyme å lage ein fungerande park som tener nok pengar til at du kan drifte den. Om du ikkje vil ha noko styr blir vi og lova ein sandkassemodus der du fritt kan leike deg med spelets byggeverkty.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Planet Zoo

Death Stranding

Plattform: PlayStation 4
Ute: 8. november

Norman Reedus har ein av mange dårlege dagar.
Kojima Productions

Sagaen om Hideo Kojima er kanskje like dramatisk som spela han lagar. Etter ein klinsj med Konami, selskapet han tidlegare utviklar Metal Gear Solid serien for, enda han opp med å forme sitt eige studio som raskt blei hyra inn til å lage eit spel for Sony. Death Stranding blei namnet, og her får vi eit merkeleg og mørkt spel stappfult av Hollywood-kjendisar og bisarre påfunn i god Kojima-stil.

Kva spelet handlar om, og kva du faktisk skal gjere i spelet har vore store mysterium heilt frå start. I hovudrolla finn vi The Walking Dead-kjendisen Norman Reedus. Det einaste vi har blitt skikkeleg kloke på av det vi har sett så langt av spelet er at det blir ein del trasking i Death Strandings skumle verd. Heilt sikkert er det i alle fall at historia er viktig, og spelet byr på ein ekstra «superlett»-modus slik at folk som ikkje er vande med å spele spel skal kunne absorbere Death Stranding utan problem.

Les også
Anmeldelse: Pokémon Sword

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Death Stranding

Pokémon Sword og Shield

Plattform: Switch
Ute: 15. november

Pokémon er tilbake for alvor.
Nintendo

Eit nytt flaggskip i Pokémon-serien er nærast for raud dag å rekne for Pokémon-fansen, og årets Pokémon Sword og Pokémon Shield blir ekstra spesielt. Dette blir første gong på lang tid at serien verkeleg fornyar seg. Borte er det tradisjonelle fugleperspektivet, og tilbake sit vi med ei stor verd du kan bevege deg fritt rundt i. Vi reiser til den heilt nye regionen Galar der vi blant ann finn Wild Area, eit digert område du kan gå på oppdagingsferd i.

Ein ny region betyr samtidig ei lang rekke nye monster du kan fange. I tillegg får vi nye funksjonar du kan bruke i kamp. Dynamax er ein funksjon som let deg blåse opp monstera dine til det enorme, noko som naturlegvis vil gjere dei hakket meir robuste i kamp. Denne funksjonen kan òg brukast i fleirspelarmodusen som byr på Raid-kampar der opp til fire spelarar kan gå saman for å knerte kraftige monster.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Pokémon Sword og Pokémon Shield

Star Wars Jedi: Fallen Order

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, windows
Ute: 15. november

Her er din nye Star Wars-helt, Cal.
EA

Sei hei til Cal Kestis, den nye jedi-helten i Star Wars-universet. Star Wars Jedi: Fallen Order er eit actionspel i Star Wars-universet signert blant anna regissøren av God of War 3. Dette bør, om ikkje anna fortelje deg at vi i det minste kan sjå fram til heftig action. Det ser det i aller høgste grad ut til at vi får. I vår sniktitt lot vi oss begeistre over kul action og heftig akrobatikk.

«Om du har irritert deg over treg og stiv slåssing i Star Wars: Battlefront II, kan vi nokså trygt meddele at Fallen Order gjer en betre jobb med fektekunstane. Ut ifrå det vi fekk sjå, verkar det som at Cal er like akrobatisk som han er sterk, og kan både kaste og fekte med lyssabelen som om han var sjølvaste Obi-Wan, og bruke krafta til å trekke til seg og slenge vekk fiendar. Gjennom spelets ferdigheitssystem skal ein også kunne lære seg fleire måtar å bruke krafta på, noko som høyrest svært spanande ut.»

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Star Wars Jedi: Fallen Order

Shenmue III

Plattform: PlayStation 4, Windows
Ute: 19. november

Ryu er endeleg tilbake.
Deep Silver

Shenmue III er ein tittel få trudde nokon gong skulle sjå dagens lys. Det første spelet i serien var på den tida det dyraste spelet nokon sinne laga, men sidan verken det eller oppfølgjaren blei suksessane Sega hadde håpa på, blei det aldri noko meir. Det var ikkje før ein veldig vellukka Kickstarter-kampanje i 2015 at Shenmue-serien vakna til live igjen, og no sit vi her, fire år seinare, klare til å halde fram eventyret.

Som i dei to tidlegare spela møter vi igjen Ryo Hazuki. Han har reist til Guilin-området i Kina på jakt etter farens drapsmann. På ferda vil du måtte trene i dojoen, sparke nokre pøblar i trynet, men mest av alt utforske alt verda har å by på. Shenmue-serien er kjend for å by på ei overbevisande verd full av karakterar om område som verkeleg overbevisande og detaljerte. Om Ryu vil få has på målet sitt gjenstår å sjå, men vi kryssar fingrane for at det har vore verdt ventetida.

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Shenmue III

Gammalt, nytt og ny straumeteneste

Det var ikkje eit sekund for tidleg, men no er snart Kingdom Under Fire II her.
Blueside

Så godt som kvar månad får vi ei fin dose med spel som når nye plattformer. Viktigast denne månaden er utan tvil Red Dead Redemption 2 som endeleg dukkar opp på PC. Til PC kjem og klassikaren Age of Empires II i oppussa drakt. Det fantastiske strategispelet Civilization VI går derimot i ein heilt anna retning, og tek turen frå PC til Xbox One og Playstation 4. Det same gjer fantasyspelet Citadel: Forged With Fire. Før vi går over på nyare spel tek vi med at det gamle Super Nintendo-rollespelet Romancing SaGa 3 dukkar opp på så godt som alt som er av plattformer.

Resten av månaden er prega av ei rekke flunkande nye spel av svært ulik karakter. Ta til dømes Kingdom Under Fire II, eit spel eg vil tru få om nokon trudde skulle bli ferdig. Spelet er ein MMO-hybrid kombinert med gameplayet frå Kingdom Under Fire-spela til den originale Xbox-konsollen, og byr på både hærføring og heftig action.

Meir fantasi og action får vi i actionrollespelet Rune 2 der vi må gjere det vi kan for å redde verda frå Ragnarok. Redde verda blir heilt sikkert på agendaen i Terminator: Resistance òg. Sjølv om spelet kjem tett opp om den nye Terminator-filmen, skal dei ikkje ha noko med kvarandre å gjere bortsett frå å vere i same univers.

Hakket mindre dramatikk blir det nok i Need for Speed Heat, sjølv om farten der garantert blir høg og valmoglegheitene skal bli store. Valmoglegheiter vil det også bli rikeleg av i Sniper Ghost Warrior Contracts som let deg drepe fæle folk på oppdrag.

Asterix og Obelix på nye eventyr.
Microïds

Hakket mindre kynisk ser vi føre oss at livet i Jumanji: The Video Game blir, og vi ser fram til at det utelukkande er fokus på tullete moro i Asterix & Obelix XXL3: The Crystal Menihr.

Fleire fargrike opplevingar kan det sjå ut til at vi får i det spanande indiespelet Sparklite, der ein i nydelege pixelgrafikkområde skal knerte fiendar med ei lang rekke våpen og utstyr. Hakket meir nedstemt kan det sjå ut til å bli i PlayStation VR-spelet Golem. Her skal du i rolla som eit lite barn lære deg å styre levande steindokkar medan du lyttar til musikk frå Halo-komponist Marty O'Donnel.

Heilt til slutt kan det vere på sin plass å ta med ein liten sak frå Google som heiter Stadia. Dette er Googles svar på den komande straumekrigen, og her får du kjøpe spel som i alle andre digitale spelbutikkar, men i staden for å laste ned, installere, og ha dei til odel og eige på di eiga maskina, straumer du spela over nettet. Eit stabilt nett er med andre ord å anbefale, men til gjengjeld vil du få svært pene spel utan å måtte punge ut for kraftig maskinvare å spele dei på.

Kor godt det heile fungerer i praksis finn vi ut når Stadia lanserast 19. november.

Siste fra forsiden