Feature

Desse spela gler vi oss til i oktober

Fargerike eventyr og stort tempo i årets skumlaste månad.

Montasje Gamer.no

Hausten er godt på veg, og vi er eit par steg nærare nye konsollar og nye opplevingar. Konsollkrigen er derimot allereie i gong. I september har vi gått mann av huse for å sikre oss ei førehandsbestilling, noko som blant anna førte til at PlayStation 5 blei utselt på berre 15 minutt. Microsoft svara med å kjøpe heile Bethesda med alle studioa som ligg i den staben, sånn berre for å demonstrere at i denne bransjen er det ingenting som er sikkert.

Vi har fått testa nokre spel mellom alle overskriftene, og blei skikkeleg skuffa over den såkalla oppussinga av Crysis. Det norskutvikla eventyret Embracelet kosa vi oss derimot skikkeleg med. Det same kan vi seie om den fantastiske grottefesten Spelunky 2. Vi brukte òg store delar av september med å storkose oss i Wastelands 3s dystopiske verd.

Men no er det atter tid for å sjå framover.

Crash Bandicoot 4: It's About Time

Plattform: PlayStation 4, Xbox One
Ute: 2. oktober

Blir dette månadens mest fargerike spel?
Toys for Bob

Crash Bandicoot var i mange år PlayStations svar på Super Mario. Pungdyret Crash bydde på heftige plattformeventyr i tre dimensjonar, noko som var rimeleg nytt på den tida han først dukka opp. Etter lengre tids fråvær dukka krabaten endeleg opp igjen for nokre år tilbake i ei samlepakke med restaurerte spel, og no er det endeleg tur for eit heilt nytt eventyr. Vi har tatt ein kikk på det, og gler oss stort:

«Utviklarane har verkeleg klart å fange essensen av den originale Crash Bandicoot-trilogien. Her får ein servert spanande og fargerike omgjevnadar over ein lav sko, samtidig som ein er nøydd å holde tunga rett i munnen for å takle spelets mange utfordande plattformsprang. Dette er spel der det er meininga at ein skal døy litt undervegs, før ein sakte, men sikkert byrjar å meistre dei ulike nivåa.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Crash Bandicoot 4: It's About Time

Star Wars Squadrons

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 2. oktober

Dette blir moro!
EA

Blant dei av oss som har levd ei stund vil eg tippe det er mange som har venta på dette. Endeleg får vi eit nytt spel der vi skal setje oss i cockpiten på eit romskip i Star Wars-universet. Etter ein trasig filmtrilogi frå Disney, blotta for hjartet som George Lucas klarte å dytte inn i til og med den dårlegaste Star Wars-film, er det endeleg på tide med noko som kan løfte motet til Star Wars-fansen.

Med Star Wars Squadrons får vi styre fleire av dei mange ikoniske romskipa frå Star Wars-universet. Her skal det jagast andre skip gjennom verdsrommet, og vi håpar på eit intens og actionfylt spel fylt med herlege romkampar. Vi får velje kva side av kampen vi vil spele på, både gjennom historia og diverse andre modusar. Om det heile blir like djupt og omfattande som legendariske Tie Fighter og X-Wing er heller tvilsamt, men det er lov å håpe.

Les også
Anmeldelse: Watch Dogs: Legions

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Star Wars Squadrons

Mario Kart Live: Home Circuit

Plattform: Nintendo Switch
Ute: 16. oktober

Mario Kart i levande live.
Nintendo

Eit av haustens, om ikkje årets, mest spanande spel er utvilsamt Mario Kart Live: Home Cricuit. Her får vi ikkje berre eit nytt Mario Kart-spel, men det heile skjer live, i stova di. Frå Switch-skjermen vil det heile utarte seg som ein ventar frå eit Mario Kart-spel, forskjellen er berre den at det du ser er filma med eit kamera montert på ein liten radiostyrt bil som du styrer med stikkene på kontrollaren din.

På golvet set du opp ei bane, og så er det berre å gasse på. Spelet fyller inn biletet frå kameraet med viktige detaljar sånn som kva runde du er på, kva våpen du har fått tak i, og kvar alle motstandarar er. Naturlegvis kan du spele mot andre som òg har ein liten bil, og det bør herske liten tvil om at det her har enormt potensiale for mykje høglydt galskap. Om spelet vil fungere i praksis, eller om dette blir ein såkalla one-trick-pony gjenstår å sjå, men vi gler oss til å finne ut.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mario Kart Live: Home Circuit

Watch Dogs Legion

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Stadia
Ute: 29. oktober

I Watch Dogs Legion blir det folket mot makta.
Ubisoft

Watch Dogs-serien held fram med å setje sitt blikk på overvakingssamfunnet, og i Watch Dogs Legion lovast vi at dei heile når nye høgder. Her byter vi ut den predefinerte hovudpersonen til fordel for ei verd der du kan rekruttere alle rundt deg. Alt frå hipp ungdom til gamle damer kan rekrutterast etter litt hacking på mobiltelefonane deira. Med eit solid lag fullt av folk med ulike sterke og svake sider, er det om å gjere motstand mot maktmisbruk frå styresmaktene. Vi har sett nærare på spelet, og såg mykje potensiale:

«Dersom Watch Dogs Legion klarar å levere på ambisjonane, kan dette bli eit temmeleg unikt sandkassespel. Og dersom Ubisoft skulle greie å nyansere og spinne ei interessant forteljing rundt den aktuelle tematikken kan vi faktisk ende opp med eit spel som klarar å gå linja mellom Watch Dogs ubehagelege påminning om kor nære eit overvakningssamfunn vi er, og Watch Dogs 2s meir lettbeinte tilnærming til private selskaps håndtering av personleg data. Vi får sjå.»

Sjå bilete, les artiklar og finn betse pris på Watch Dogs Legion

Remothered: Broken Porcelain

Plattform: Switch, PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 20. oktober

Remothered: Broken Porcelain blir nok ikkje ei triveleg oppleving akkurat.
Stormind Games

Det hadde blitt litt feil om vi hadde gått gjennom årets skumlaste månad utan å ta med eit av årets skumlaste spel. I år får skrekkfantastane litt å velje om, men om vi skal halde ein finger på kva som blir eklast, held vi ein liten ein på Remothered: Broken Porcelain. Berre namnet skapar ei kjensle av at dette blir ufyselege greier. Med Remothered: Broken Porcelain har utviklarane gjort fleire grep for å gjere serien tiltalande for både nye og gamle spelarar.

Vi reiser til eit vertshus fult av mange nifse mysterium og skumle utfordringar. Her skal vi i rolla som den unge jenta Jennifer helst snike oss rundt for å ikkje bli oppdaga av styggedomen som skjuler seg i skuggane. Her handlar det om å overleve, ikkje å ta opp kampen mot fiendar ansikt til ansikt. I staden skal du utforske vertshuset, løyse ei rekke ulike oppgåver og tankenøtter for å finne ein trygg veg vidare. Spelet vil ha eit solid fokus på å fortelje ei nifs historie, og vi får berre håpe det byr på solide doser iskalde grøss.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Remothered: Broken Porcelain

Noko for ein kvar

Blir det, eller blir det ikkje, Larian? Vi ventar.

Remothered: Broken Porcelain er ikkje den einaste skumle oppfølgjaren i oktober. Med Amnesia: Rebirth har dei originale utviklarane tatt serien tilbake for å produsere skumle opplevingar, og i The Dark Pictures Anthology: Little Hope kjem enda eit skrekkeventyr frå Supermassive Games.

Om du i staden ser fram til kva hausten har å by på for sportsfanatikaren er det EA vi må sjå til i år. Som vanleg kjem det nye utgåver av både FIFA og NHL.

Skulle dette vere heilt uinteressant kan det kanskje passe betre med ein kikk på actionspelet Foregone. I dette piksellerte og sideskrollande eventyret skal du redde byen Calagan ved å hogge ned mange pikselerte fantasyskapningar. Noko heilt anna får vi prøve oss på i Drone Swarm. Her får du styre ein sverm som består av heile 32 000 droner, og med dei skal du knerte fiendar i diverse galaksar.

Meir moro blir det i Super Mario Bros. 35. Dette Nintendo Switch Online-eksklusive spelet lar 35 spelarar spele Super Mario Bros. samtidig. Høyrest ut som ein solid fest.

Medan vi er i det fargerike hjørnet passar det å ta ein tur innom fargerike Ben 10: Power Trip. I dette eventyret skal Ben stoppe meistertrollmannen Hex. Eit anna fargerikt eventyr er det festelige Wii U-spelet Pikmin 3 som dukkar opp i ny og polert Switch-utgåve.

Framleis fargerikt, men med litt større fokus på taktikk blir det når Transformers: Battlegrounds dukkar opp. Dette er eit Transformers-spel sterkt inspirert av taktiske spel som XCOM, med turbaserte kampar og full pakke. Skal vi halde oss nokre sekund i det strategiske hjørnet passar det kjempegodt å nemne at den strategiske perla Age of Empires III får nylansering med betre grafikk og fleire andre justeringar.

Til slutt er det på tide å sjå litt nærare på kva rollespelarane har å kose seg med i oktober. Den japanske serien The Legend of Heroes: Trails of Cold Steel kjem med spel nummer fire, medan World of Warcraft får ei vitamininnsprøyting frå ekspansjonen Shadowlands.

Det store spørsmålet vi sit igjen med til slutt blir då føljetongen om Baldur's Gate III. Early Access-lanseringa har blitt utsett tre månader på rad no, seinast på tampen av september for å få ei utgjeving tidleg i oktober. Vi kryssar fingrane for at det dukkar opp snart, men vi har vel lært no at ein skal vere forsiktig med å håpe på for mykje.

Det var alt for oktober. Snakkast.

Siste fra forsiden