Feature

Desse spela gler vi oss til i september

Nostalgiske reiser og banale mengder våpen står på programmet denne månaden.

Montasje, Gamet.no

For ei tid vi nett har lagt bak oss. Ein kokande sommar full av både herlege og elendige spel. Det har vore ei sann berg- og dalbane som har leika med kjenslene våre. Vi får frå blodige skuffelsar som Oninaki og Man of Medan, til herlege opplevingar som Control og Fire Emblem: Three Houses.

Vi har fått artig skyting if Wolfenstein: Youngblood og Ion Fury, samt mykje more med Mario Maker 2. Det har vore ei god tid altså, men no er den over, hausten ligg framfor oss, og vi vender skuta mot nokre av årets største spel.

Gears 5

Plattform: Xbox One, Windows
Ute: 10. september

Kait Diaz er Gears-seriens nye ansikt utad.
Microsoft

Gears-sagaen har rulla og gått i ei årrekke no, og med Gears 5 får vi ikkje berre eit lite namneskifte, men òg det som blir lova å bli det aller største spelet i serien så langt. Vi følgjer Kait Diaz, ein av hovudpersonane i Gears of War 4, som reiser ut på ei jakt for å finne ut meir om både seg sjølv og Locust-horden. Med seg på laget har ho kameratane hennar frå Gears of War 4, samt sjefen sjølv, Marcus Fenix.

Dette blir det andre Gears-spelet frå The Coalition, og vi kan vente oss eit solid fokus på historie, men òg sjølvsagt på ein robust fleirspelarmodus. Vi kan vente oss dei typiske modusane, ein opprusta Horde-modus, samt nykomaren Escape. Her skal spelarane kome seg ute før det er for seint. Som om det ikkje var nok får Escpae-modusen ein kartbyggjar som let deg lage dine heilt eigne utfordringa.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Gears 5

Greedfall

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 10. september

Greedfall ser ut til å by på ei vakker og eksotisk verd.
Focus Home Interactive

Greedfall er eit rollespel frå franske Spiders, eit studio som tidlegare har gjeve oss litt knirkete, men tematisk interessante spel som Faery: Legends of Avalon, og Of Orcs and Men. I Greedfall tek vi turen til eit verd inspirert av 1600-talet, krydra med magi og fabeldyr. Eit øyparadis er nyleg oppdaga, og du tek på deg rolla som ein av kolonistane som tek turen din for å byggje nye heimar.

Velkomsten du får der blir ikkje varm. Du kan riktignok alliere deg med snillare artar, men du kan og velje å slå deg saman med dei som helst vil plyndre øya. Konflikter oppstår når framande folk kjem og tek seg til rette der andre bur, og mykje av spelet vil bli via å navigere mellom konfliketene som oppstår. Utfordringar kan løysast med både vald og diplomati, og kva du endar opp med å gjere kan få store ringvirkningar.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Greedfall

Les også
Anmeldelse: Borderlands 3

Borderlands 3

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 13. september

Borderlands 3 lovar stor doser galskap og kaos.
Gearbox

Borderlands-serien starta med strofa «fleire våpen enn innbyggjarar i Nederland», men serien har vakse til å bli mykje meir enn det. Eit massivt og våpenarsenal i evig endring er berre bakteppet for ein serie med samarbeid, galskap og humor i fokus. Det svært etterlengta Borderlands 3 ser ut til berre by på meir av det same, berre mykje penare, og mykje, mykje større. Vi likte det vi såg då vi fekk kike litt på det.

«For ein som kanskje ikkje har spelt Borderlands-serien så mykje som han har blitt oppfordra til å gjere var det svært enkelt å sette seg ned med Borderlands 3, og lysta på å halde fram skytinga – og å høyre dei svært gode og kraftige lydane – måtte ikkje akkurat tvingast fram. Grafikken er betre enn nokon gong, våpna fleire og moglegheitene djupare.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Borderlands 3

The Legend of Zelda: Link's Awakening

Plattform: Switch
Ute: 20. september

Ein gammal klassikar i flott, ny drakt.
Nintendo

The Legend of Zelda har fått seg ein solid oppsving med det enormt populære spelet Breath of the Wild. I så måte passar det eigentleg veldig godt å vende blikket tilbake mot det som ein gong var. Link's Awakening var i si tid eit spel til gode, gamle GameBoy, men i haust får vi ein ny og lekker versjon som satsar på å la nye og gamle spelarar få erfare klassikaren. Vi blei overbevist då vi fekk sjå nærare på nyversjonen:

https://www.gamer.no/artikler/sniktitt-the-legend-of-zelda-link-s-awakening/467897

«Etter å ha spelt dei fire har-du-sett-ett-så-har-du-sett-alle-unnskyldningane av nokre tempel i Breath of the Wild, kjennest det som å kome heim når eg stig inn i Tail Cave i Link’s Awakening. Musikken, stemninga, alt stemmer. Her er det låste dører, kart og kompass og et nytt våpen å finne som ein må bruke for å nå slutten av tempelet. Det er dette eg spelar Zelda-spel for.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på The Legend of Zelda: Link's Awakening

Code Vein

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 27. september

Code Vein byr på ei hakket meir fargerik vri på Dark Souls-formelen.
Bandai Namco

Om du elskar pryl, har tøffa deg opp med Dark Souls-serien, synest det er for lenge sidan Sekiro: Shadows Die Twice, og for lenge til Elden Ring, er kanskje Code Vein spelet for deg. Dette spelet frå Dark Souls-utgjevar Bandai Namco satsar på å by på mykje av den same, blodharde utfordringa, medan utviklarane har gjort ein heil del grep for å få spelet til å stikke seg ut.

I første rekke finn vi grafikken som tek på seg eit noko tradisjonelt anime-preg, men under panseret finn vi mykje anna. I dette historiedrevne spelet kan du alliere deg med ei rekke datastyrte krigarar som hjelper deg på vegen, i tillegg kan du spele saman med vener på nett, og endre karakteroppsettet ditt når som helst. Det kan bli nyttig sidan Code Vein lovar å by på ei usympatisk utfordring.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Code Vein

Nattmat

Det er ein heil del ekstra godbitar i vente for dei som ikkje heilt veit kva dei skal bruke tida si på no som kvardagen er tilbake. Vi får til dømes Catherine: Full Body, ein ny versjon av det småsexy eventyrspelet frå Persona-utviklarane. Fleire nyversjonar skal det bli. Final Fantasy VIII kjem endeleg til nye plattformer i ein oppussa versjon, og det gjer sanneleg Spyro òg, som dukkar opp på PC og Switch.

Vidare kjem hakk-og-slå-spelet Torchlight 2 til alt av konsollar, medan The Walking Dead-serien dukkar opp i ei komplett pakke. Skulle det freiste med eit vakker plattformeventyr kan Switch-folket glede seg over at det herlege eventyrspelet Ori and the Blind Forest kjem til Switch. Eit anna eventyr som kjem til Switch er det herlege rollespelet Dragon Quest XI: Echoes of an Elusive Age, som endeleg for eit orkestralt lydspor.

Det blir kjølig velkomst i Monster Hunter World: Iceborne.
Capcom

For mange er det nok likevel noko heilt anna som verkeleg freistar i september. Ein heil bunke med gamle rollespelklassikarar er på veg til konsoll. Det er nokre år sidan Beamdog restaurerte gamle Baldur's Gate no, men i september kjem både det, Baldur's Gate II, Icewind Dale og Planescape: Torment til konsoll.

Nokre nye spel skal det òg bli. det klassiske slåssespelet River City Ransom får ein oppfølgjar i River City Girls, medan Dark Souls-inspirerte The Surge òg får eit nytt kapittel. Enda meir action blir det når det suverne monsterslaktspelet Monster Hunter: World endeleg får ei etterlengta utviding i Monster Hunter World: Iceborne.

Treng du enda fleire utfordringar ventar det mørke og sideskrollande eventyret Blasphemous, og Switch-actionspelet Daemon X Machina.

I år som i alle år blir det sjølvsagt mykje fotball på hausten, og som alltid møtest FIFA og PES til kamp. PES 2020 og FIFA 20 lovar begge å by på mykje moro for dei som diggar ball, og med det takkar vi for oss for denne gong.

Siste fra forsiden