Feature

Desse spela gler vi oss til i september

Nokre gongar er det vakkert å like spel. August har vore ein slik periode, der vi har fått kose oss med nokre opplevingar vi aldri vil gløyme. Vi testa til dømes The Forgotten City, eit eventyr så bra at vi gav det full pott. Nesten like bra gjekk det med roadtrip-spelet Road 96, og det fantastiske og høgst ambisiøse strategispelet Humankind. Som om det ikkje var nok, fekk vi endeleg Psychonauts 2 denne månaden, eit spel som innfridde forventningane, og vel så det.

Etter ein travlare sommar enn normalt, er det no tid for å gje oss i kaste med årets første haustmånad. Om vi skal døme etter den, kan det bli mange, lange kveldar med spanande spel i vente.

Tales of Arise

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Windows
Ute: 10. september

Tales of Arise satsar på å bli ein ny start for serien.
Bandai Namco

Heile seks år har gått sidan det førre spelet i Tales of-serien, og med god grunn. At denne japanske rollespelserien hadde stagnert er det ingen tvil om, men no har utviklarane tatt seg god tid for å revitalisere serien, og gje oss det mest ambisiøse spelet i serien så langt. Vi får ein ny grafisk stil, og ei svær verd å utforske. Vi tok nyleg ein nærare kikk på spelet, og likte det vi fekk prøve:

«Ein rundt 40 minutt lang testversjon er sjølvsagt ikkje nok til å skape eit solid bilete av eit spel som mest sannsynleg vil bikke 40-50 timar med lette. Det er likevel nok til å slå fast at dette er både ei radikal endring for serien, utan at den går heilt ut på utrygt farevatn. Seriens DNA er absolutt til stade, om det så er i kampane, eller verda du vandrar i, men det er eit spel som prøvar å nå ut litt breiare enn den snevre båsen seiren hadde køyrt seg inn i.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Tales of Arise

Life is Strange: True Colors

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox One, Xbox Series S/X, Stadia, Windows
Ute: 10. september

Ny tettstad betyr nye mysterium.
Square Enix

Life is Strange-serien byrjar å få god fartstid etter kvart, og ikkje utan grunn. Utviklarane traff ei nerve hos folk som ville ha gode eventyr, kanskje utan alle dei intense actionsekvensane som pregar mange spel. I dette kapittelet er det Before the Storm-utviklarane hos Deck Nine som står ved spakane. Vi møter den unge jenta Alex Chen som reiser tilbake til heimbyen sin for å finne ut kven som drepte bror hennar. I vår sniktitt skildra vi det som når Twin Peaks møter tenåringsdrama, og var veldig klare for å sjå meir:

«Det er vanskeleg å seie noko bastant om Life is Strange: True Colors utan å ha sett seg bak spakane sjølv, men ut ifrå den begrensa demonstrasjonen vi har sett, er det mykje som tyder på at også dette blir ei dramatisk og interessant forteljing. Eg likte mykje av det Deck Nine leverte i Before the Storm, og ser ikkje bort ifrå at dei er inne på noko følelseslada snadder også her.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Life is Strange: True Colors

Les også
Anmeldelse: Kena: Bridge of Spirits

Deathloop

Plattform: PlayStation 5, Windows
Ute: 14. september

Det blir mykje heftig action i Deathloop.
Arkane Studios

Å leve ein dag eller ei bestemt lengde tid om att og om att til ein endeleg klarar å bryte tidssløyfa er eit kjent tema frå underhaldningsverda. Det er derimot ikkje så frykteleg ofte vi ser det i spel, men det satsar Arkane Studios på å gjere slutt på med sitt nyaste spel Deathloop. Her må du gå gjennom tidssløyfa til du finn den rette vegen ut, og etter det vi fekk teste å døme, er dette ei vinnande oppskrift:

«Alt vi har sett frå Deathloop til no har imponert valdsamt, og etter å ha tilbragt nokre timar på Blackreef sjølv er jeg veldig spent på å sjå kva meir som skjular seg på øya. På sitt beste er Deathloop eit av de aller kulaste skytespela eg har spelt i nyare tid, med eit kjempestilig kampsystem og stor fridom til å velje korleis du vil spele. Det er forfriskande å sjå nokon lage eit stort og omfattande spel ut frå eit konsept som dette, og det passar ypparleg med utviklarens «immersive sim»-aktige designfilosofi.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Deathloop

Kena: Bridge of Spirits

Plattform: PlayStation 4, PlayStatoin 5, Windows
Ute: 21. september

Kena: Bridge of Spirits blir smellvakkert.
Ember Lab

I smellvakre Kena: Bridge of Spirits møter vi vi den unge jenta Kena som legg ut på reise for å fjerne dei vonde kreftene i skogen, og gje nytt liv til ein gammal landsby. Ho er ein guide som hjelper avdøde personar med å finne fred, og reise til den andelege verda. Så enkelt er det likevel ikkje. Det er ikkje alle avdøde personar som vil reise frå det materielle plan, og desse må ein overbevise, gjerne med fysisk makt.

Med seg på eventyret har Kena ei stadig større samling med små, svarte lodottar som går under namnet Rot. Desse gjev Kena nye eigenskapar og hjelper ho med å få den gamle landsbyen tilbake til live igjen. Kena: Bridge of Spirits er eitt av dei første PlayStation 5-spela som blei avduka, og ser ut til å bli eit blendande vakkert spel som blir noko av det næraste vi har kome å få ta steget inn i ein virtuelle Pixar-film.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Kena: Bridge of Spirits

New World

Plattform: Windows
Ute: 28. september

Kan New World bli det nye store MMO-et?
Amazon

I New World reiser vi som namnet hintar om til ei ny verd. Denne nye verda er full av magi og ukjende under, og der skal du skape deg eit namn, og finne deg til rette hos ein av tre fraksjonar. Spelet hentar ikkje berre inspirasjonen sin frå kva andre MMO-spel har gjort før, men og mykje frå survival-sjangeren som har vakse seg stor dei siste åra. Av spesiell interesse er kampsystemet som satsar vel så mykje på action, timing og posisjonering, som på kva nivå du er og taktikkane du brukar.

Amazons store MMO-satsing skulle eigentleg ut på tampen av førre månad, men blei utsett heilt i siste liten fordi utviklarane ville ta seg tid til å gjere nokre endringar etter tilbakemeldingane frå spelets lukka testperiode. Der hadde ein million spelarar klokka inn repsktable 25 millionar timar. Vi får satse på at utviklarane har fått luka ut det meste av rusk og er klare for å opne slusene denne månaden.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på New World

Snadder på rekke og rad

Det blir mykje svidd gummi i WRC 10.
Nacon

September anno 2021 er ein noko uvanleg månad, av den enkle grunn vi ikkje kan sjå fram til eit lite skred av gamle titlar i litt ny innpakning. Det meste av resterande spel denne månaden er flunkande nye opplevingar, og vi hiv oss rett i det.

Lost Judgement er oppfølgjaren til Judgement, eit sidespor til den populære Yakuza-serien til Sega. Der Yakuza no har gått frå å vere actionrollespel, til å by på turbaserte kampar, er Judgement-serien ein arvtakar for actionbaserte kampar. Om det blir halvparten så bra som Yakuza: Like a Dragon, har vi snadde i vente.

For meir action kan du kanskje bryne deg på det fargerike snikespelet Aragami 2, eller det intense og strategiske skytespelet Lemnis Gate. Action av ein heilt annan sort får vi med villmannskøyring i WRC 10, medan NBA 2K22 byr på det nokon kanskje vil meine er ei meir sivilisert sportsform.

Om djevelske og skumle ting er meir di greie, kan du sjå fram til oppussingsprosjekter Diablo II: Ressurected, som gjev oss den gamle klassikaren i litt modernisert drakt. Fleire skumle opplevingar fåt vi i Chernobylite og The Medium som kjem til PlayStation 5.

Sjarmerande pikselgrafikk i Eastward.
Pixpil

For lystigare opplevingar kan det vere ein idè å sjekke ut det fargerike Kitaria Fables, eller den imponerande pikselgrafikken i Eastward. Fleire unike visuelle stilar finn ørkenlandskapa i Sable, samt det franske, japanske rollespelet Astria Ascending, som har fått drahjelp av ein prominent Final Fantasy-skribent.

For noko heilt anna, kan du slappe litt av med å levere post i eventyret Lake, eller eventuelt det musikalske plattformspelet The Artful Escape der du tek på deg rolla som ein musikar. For noko enda særare kan du moglegvis ta ein kikk på Skatebird, eit spel der fuglar leikar seg med, vel, skateboard.

Meir moro skal det bli. Sonic Colors er tilbake i Ultimate, format, og du veit kva det betyr. Litt oppussingar her og der, men mykje det same. Mykje det same blir det vel på sett og vis i WarioWare: Get It Together! òg, men mest i den forstand at meir av det same betyr meir utforutsigar galskap.

Til slutt tek vi med at Hideo Kojima ikkje hadde tøyler frie nok under utviklinga av Death Stranding, og denne månaden lanserer Death Stranding Director's Cut.

Det var alt for denne gong. God Speling!

Siste fra forsiden