Feature

Desse spela gler vi oss til i vinter

Om du ikkje hadde nok bryne deg på allereie, kjem litt til.

Jula er snart over oss, året er på hell, og med det er det tid for den tradisjonelle ettertanken. Korleis har året vore? Kva spel har eg eigentleg spelt? Og var det nokon som sette ekstra djupe spor? Vi kjem sjølvsagt med våre lister etter kvart, men før den tid må vi sjå tilbake på månaden vi nett har lagt bak oss.

Vi har fått nokre solide doser god underhaldning i november. Alt frå Death Stranding til Luigi's Mansion 3 og Need for Speed Heat har mora oss i alt frå heftige til moderate doser. Vi finn derimot òg den rake motsetning. Asterix & Obelix XXL 3: The Crystal Menihr har sett djupe spor av heilt feil slag, medan det høgt påkosta actioneventyret Star Wars Jedi: Fallen Order ikkje heilt levde opp til forventingane. I det minste var det betre enn The Last Jedi. Host. Snøft.

No skrur vi derimot kursen framover får å sjå kva vi har i vente resten av året, og tidleg neste år.

Phoenix Point

Plattform: Windows, Mac
Ute: 3. desember

Kan X-COM-skaparen gjenskape sin eigen magi?
Snapshot Games

Phoenix Point er eit taktisk strategispel frå skaparen av X-COM, og følgjer i same fotspor som den godt kjende serien. Her blir det turbaserte kampar mot romvesen som alle er ute etter å ta deg, og utviklarane lovar eit spel med ekstremt mange moglegheiter for å både utvikle soldatane dine, og å handtere hendingar på eit globalt nivå.

Vi startar med kommandoen over ein einsleg base, og steg for steg må vi ta over fleire område ved å jage bort romvesna. Dette blir derimot lettare sagt enn gjort sidan spelet byr på eit avansert system som heile tida tilpassar seg kva du gjer. Romvesna følgjer til dømes ein viss evolusjon der dei muterer og endrar seg for å betre kunne hamle opp med taktikkane dine. Sjølvsagt får du mykje spelerom sjølv for å kunne utvikle militæret ditt, samt forske fram ny teknologi.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Phoenix Point

Mosaic

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Linux
Ute: 5. desember

Mosaic har ein veldig særeigen stil.
Krillbite Studio

Det norskutvikla melankolispelet Mosaic har allereie vore ute på Apple Arcade ein månads tid, men sidan det no kjem til det meste anna av plattformer, tek vi det med. I dette spelet tek du på deg rolla som noko så spanande som ein heilt vanleg fyr i ei grå og trist verd der dei fleste bryr seg meir om mobiltelefonane sine enn dei bryr seg om kvarandre. Ikkje så ulikt vår verd altså. Vi tok ein kikk på det i fjor, og blei veldig nysgjerrige på å sjå meir:

«Det er alltid vanskeleg å anslå hva spel som Mosaic endar opp med å vere før ein har sett alt. Samtidig er det godt å slå fast at dei knappe 20 minutta vi fekk prøve gav meirsmak. Mest spanande blir det å sjå korleis Krillbite Studio skal skape ei engasjerende oppleving som balanserer mellom det melankolske og avbrekka frå denne melankolien, og kor mykje det ukjente har å by på utover dette.»

Les også
Anmeldelse: Warcraft III: Reforged

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mosaic

MechWarrior 5: Mercenaries

Plattform: Windows
Ute: 10. desember

Om du vil rocke rundt i massive robotar, er dette spelet for deg.
Piranha Games

MechWarrior-serien har hatt ei lang og til dels turbulent karriære der rettigheitane har gått frå selskap til selskap som om dei var ein del av ei gammal barneregle. Det nyaste spelet i serien byr på meir av det som har gjort serien populær. Her får vi ei rekke massive mech-robotar du kan setje deg inn i for å knuse fiendane du møter i ei lang rekke oppdrag. Oppdrag gjev løn for strevet, og løn gjev deg tilgang på ny maskiner du kan skru på og oppgradere for å tilpasse seg dine behov.

Vi blir lova mange moglegheiter og vil kunne tilpasse ei lang rekke maskiner, alt etter kva du treng. Nokre er store, trege og fullasta med tunge skyts, medan andre maskiner er lettare og raskare. Kva våpen du vil ha med deg er opp til deg, og god planlegging vil vere viktig for å effektivt kunne rydde vekk alle fiendane som står i din veg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på MechWarrior 5: Mercenaries

Dragon Ball Z: Kakarot

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 17. januar

No er det ikkje mykje som skil teiknefilm og spel.
Bandai Namco

Det har tatt si tid, men no er det snart duka for eit skikkeleg eventyr i Dragon Ball-Zuniverset. Dei fleste spela om Son Goku og gjengen har vore meir eller mindre reine slåssespel der fokuset har vore på metafysisk denging og ein og annan Kamehameha, men ikkje denne gongen.

Dragon Ball Z: Kakarot kjem frå CyberConnect2, eit studio som har perfeksjoner animespel gjennom ei rekke Naruto-spel. Her presenterer dei eit digert actionrollespel der du i tillegg til mange heftige kampar vil få utforske verda og leite fram utfordringane og sideoppdraga den har å by på, medan vi følgjer historia om Son Goku og alle dei sinte utfordrarande han møter på. Viktigast av alt er kanskje lovnaden om at vi skal få lov til å fiske. Jippi.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Dragon Ball Z: Kakarot

Journey to the Savage Planet

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 28. januar

Denne planeten er både vakker og sær.
505 Games

I det fargerike eventyret Journey to the Savage Planet får du jobben med å reise til ein nyleg oppdaga planet for å sjekke om dette moglegvis skulle vere ein grei plass for folk å bu. I grove trekk går jobben din ut på å kartlegge både flora og fauna på denne potensielt veldig farlege planeten, ei oppgåve som på papiret kanskje høyrest grei ut, men som i praksis garantert vil by på ei solid rekke med utfordringar.

For utviklarane bak Savage Planet har humor vore svært viktig, men ikkje humor slik du gjerne umiddelbart ser føre deg. Tenk heller i retning av korleis bruk av verkty, tilfeldige hendingar og fysikk kan skape kaotiske situasjonar der fiendar flyr, ting tar fyr, og kaoset er uunngåeleg. Spel blir ofte skildra som ei slags leikegrind, i dette spelet blir tull og tøys-varianten av leik tatt på ramme alvor.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Journey to the Savage Planet

Ein mild vinter

Vinteren byr på eit gjensyn med gamle kjente.
Square Enix

Vi har mykje spanande i vente i vintermørkret, og sjølv om dei verkeleg store titlane kanskje uteblir, får vi nok å ta tak i. Det er til dømes endeleg på tide for PC-publikummet å få kose seg i Halo-universet igjen. Førre gong var med Halo 2, men i desember lanserast Halo: The Master Chief Collection på PC, i første omgang med Halo: Reach. Resten av spela i pakka vil rulle ut i løpet av året som kjem.

Ein annan gammal slager som dukkar opp på nye jaktmarker er Neverwinter Nights: Enhanced Edition som tek turen til konsoll. Medan vi er inne på temaet «gamle spel på ny» passar det riktig så godt å ta med nokre andre gamle godsaker.

Ser du fram til å ta opp igjen denne klassikaren?
Blizzard Entertainment

Square Enix har litt gammalt nytt å by på i vinter, og startar med Star Ocean: First Departure R som dukkar opp på PlayStation 4 og Switch. På nyåret lanserer dei GameCube-slageren Final Fantasy Crystal Chronicles til nye plattformer, og det tolvte spelet i SaGa-serien, SaGa: Scarlet Grace: Ambitions dukkar opp på det meste som er å dukke opp på.

Enda fleire japanske spel får ny finstas når den gamle Sega Saturn-klassikaren Panzer Dragoon dukkar opp på Switch, og seinare PC, medan Wii U rollespelet Tokyo Mirage Session #FE kjem til Switch. Mest etterlengta av årets oppussingspropsjekt er likevel kanskje Warcraft III: Reforged som ventar lansering om ikkje så alt for lenge, sjølv om Blizzard ikkje vil vere stort meir presise enn det.

Eit par nyare spel kjem òg til nye plattformer. Det norskutvikla horrorspelet Moons of Madness får konsollansering på nyåret, Monster Hunter World-utvidinga Iceborne kjem til PC, medan Assassin's Creed-skaparens nye spel Ancestors: The Humankind Odyssey kjem til konsoll.

Arise blir i alle fall eit vakkert spel.
Piccolo Studio

Dei resterande spela vi har i vente er faktisk heilt nye. På den lista finn vi blant anna det spanande eventyret Arise: A Simple Story der du skal utforske ei verd skapt av minner. Hakket mindre sentimentalt blir nok actionspelet Darksiders Genesis som gir Darksiders-serien ein ny vri i et actionspel med fugleperspektiv.

Fugleperspektiv blir det ein del av i The Dark Crystal: Age of Resistance – Tactics òg. Dette spelet basert på det magiske The Dark Crystal-universet lovar taktikk i god gammal Tactics-tradisjon. Om du treng enda hjernetrim bør det glede deg at eit nytt spel i Dr. Kawashima's Brain Training-serien er på veg til Switch.

Meir trim skal det bli, men denne gong av det litt meir fysiske slaget i AO TEnnis 2, eit tennisspel basert på Australian Open. Skulle det høyrest heilt uinteressant ut kan det kanskje vere like greit å utforske ei spanande ny verd i Everreach: Project Eden.

Det var alt for i år. God jul og godt nytt år.

Siste fra forsiden