Feature

Desse spela gler vi oss til i april

Gamle heltar vender tilbake.

Kollasj, Gamer.no

Med ei rykande fersk konsollansering bak oss, er det ingen tvil om at mars har vore ein bra månad i år. Nintendo Switch har vist seg å vere ei strålande lita maskin, sjølv om ikkje alle spela heilt møtte forventningane våre. Det store lanseringsspelet The Legend of Zelda: Breath of the Wild nådde til dømes ikkje heilt dei høgdene vår mann hadde håpa på.

Andre spel klarte seg mykje betre. Månadens store vinnarar må vel kunne seiast å vere Nier: Automata og Horizon: Zero Dawn som begge klaska til med høge poengsummar. Mass Effect: Andromeda leverte på si side solid underhaldning, sjølv om spelet ikkje var heilt av same kaliber som tidlegare spel.

Men no er det som så mange gongar før på tide å sjå framover.

Persona 5

Her blir det funk og galskap.
Atlus

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3
Ute: 4. april

Persona-serien til Atlus har gjennom ei årreke bygd seg opp til å bli ein av dei mest vellukka og kritikarrosa rollespelseriane frå Japan. Serien skil seg fullstendig frå det meste du finn på marknaden, og det einaste den eigentleg har til felles med andre spel i sin sjanger er eit turbasert kampsystem.

Som i tidlegare spel i serien skal du i Persona 5 ta på deg rolla som ein student ved ein skule i Japan. Om dagen må du gjere det du kan for å vere ein velfungerane elev, samt pleie forholda til venene dine. Om natta er du derimot ein maskert helt som kjempar mot det vonde ved å ta opp kampen mot demonar og utyske som herjar i underbevisstheita til folk. Atlus har gong på gong vist at dei kan levere suverent gameplay og drivande historier, og det er liten grunn til å tvile på at varene blir levert denne gongen òg.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Persona 5

Yooka-Laylee

Har vi eit nytt par med plattformheltar i vente?
Playtomic Games

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Mac, Linux
Ute: 11. april

Om du saknar plattform spel av den gamle sorten er Yooka-Laylee spelet for deg. Utviklarane er veteranar som tidlegare laga spel som Banjo-Kazooie hos britiske Rare, og med Yooka-Laylee har dei som mål å lage eit nytt spel i same gate. Med fargerik grafikk, leiken musikk og svært mange ting å samle på, skal du ikkje sjå bort frå at målet er nådd. Vår mann likte definitivt det han såg på E3-messa i fjor:

«Yooka-Laylee er som snytt ut av nasa på Banjo-Kazooie, men det var nok også det folk forventa då dei kasta pengar etter Playtonic Games. Musikken er klassisk Grant Kirkhope, figurane er søte og yndige, nesten alt som kan snakke har auge, fargane nesten sprett ut av skjermen og eventyret ser ut til å bli proppfullt av smådum humor og tullespråk.»

Les også
Anmeldelse: Full Throttle Remastered

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Yooka-Laylee

Full Throttle Remastered

Tidenes motorsykkelbarsking er tilbake.
Double Fine

Plattform: PlayStation 4, PlayStation Vita, Windows
Ute: 18. april

Det er ikkje ofte vi listar opp ein ny versjon av eit gammalt spel på toppen av denne lista, men vi er villige til å gjere eit unntak for Full Throttle Remastered. Dette er eit av dei absolutt aller mest ikoniske peik-og-klikk-eventyra frå 90-talet, og har ein heilt spesiell stad i hjarta til mang ein aldrande spelentusiast.

I spelet møter vi motorsykkelduden Ben Throttle. Denne barske karen endar opp i i ei lang rekke utriveleg situasjonar du naturlegvis må peike, klikke og rive ut hår for å kome deg heilskinna gjennom. Denne nye versjonen av Full Throttle byr på langt betre grafikk enn originalen, samt forbetra lyd. Om du spelte Day of the Tentacle Remastered er det ein solid peikepinn på kva du har i vente.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Full Throttle Remastered

Syberia III

Ventar eit nytt og vakkert eventyr?
Mïcroids

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows, Mac, iPad, Android
Ute: 20. april

For heile 15 år sidan fekk vi vårt første møte med advokaten Kate Walker. I det første spelet reiste ho til ein liten landsby i Frankrike for å få unnagjort oppkjøpet av ein leiketysfabrikk. Det som ventar ho er noko heilt anna. Etter å ha møtt ei rekke merkverdige personar, både levande og mekaniske, endar ho opp med å leggje ut på ei fascinerande og langstragt reise i eit gammalt tog.

I det tredje Syberia-spelet møter Kate Walker Youkol-stammen i Siberia, og endar opp med å leggje ut på ei ny reise der ho vil møte mange merkelege folk og skapningar. Vi kan igjen vente oss eit spel med stort fokus på både historia, samt å skulle løyse ei rekke ulike gåter. Om det har vore verdt å vente over ti år på eit nytt spel i serien gjenstår å sjå, men vi kryssar fingrane.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Syberia III

Outlast 2

Du må rekne med at dette blir ganske utriveleg.
Red Barrels Games

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 25. april

I skrekksuksessen Outlast frå 2013 såg du verda gjennom kameralinsa til Miles Upshur. Han tok på seg jobben med å finne ut kva som eigentleg skjedde på sinnsjukehuset Mount Massive Asylum. Om du er ein av dei som spelte Outlast treng eg vel knapt seie meir om kva som gjekk føre seg der.

Som du kanskje skjønar møter vi ein heilt ny hovudperson i Outlast 2, samt nye område, sjølv om verda er den same. Du får i tillegg behalde kameraet, berre for å gjere opplevinga ekstra triveleg. Utviklarane påstår at dei vil sende spelarane til ein stad der det å bli galen er det einaste sinnsfriske du kan gjere, samt at spelaren helst skal lide seg gjennom spelet. Dette har inspirert oss i Gamer.no til å dele ut gratis klemmar til dei som skulle ynskje det i april.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Outlast 2

Smågodt til folket!

Du er viking, og du er sint. Nok sagt.
N-Gon Entertainment

Som vanleg finnest det mange fleire spel som skal dyttast ut til folket. Først finn vi ei skikkeleg rollespelperle som kjem tilbake i ny drakt denne månaden. Klassikaren Planescape: Torment har fått seg eit nytt strøk med beis, og vil kunne spelast på nye og moderne plattformer. På tide, seier vi.

Kor mange som eigentleg har venta på at skytespelet Bulltstorm skulle pussast opp er litt usikkert, men om du vill ha det, så får du det i april i Bulletstorm: Full Clip Edition.

Om du enno ikkje har fått nok av gamle spel, har vi meir å velje i. Capcom Lanserer The Disney Afternoon Collection. Her får vi gjensyn med gamle plattformklassikarar som TaleSpin, Snipp og Snapp, og ikkje minst DuckTales. Om du ikkje var heilt om bord med nyversjonen av DuckTales som kom for nokre år sidan, får du originalen her.

Treng du enda fleire gamle spel har vi eit siste alternativ. Mario Kart 8 Deluxe til Nintendo Switch. Har du enno ikkje spelt denne fantastiske perla av eit spel, bør du sjå å få ut fingeren.

No skal vi derimot over på nye ting. Vi finn blant anna Mandate of Heaven-utvidinga til Europa Universalis IV. Denne gongen skal vi til Kina og Japan.

Om den verkelege verda blir litt grå og trist kan det kanskje heller freiste med ein tur inni Marvels populære superheltuinvers. I april gjer eventyrekspertane hos Telltale Games seg klare til å sleppe første episode av Marvel's Guardians of the Galaxy: The Telltale Series.

Treng du litt meir action enn eventyrspel plar by på, kan kanskje litt hopp, slask og dask passe når du kan kaste rundt deg med fiendar i Dragon Quest Heroes II. Om dette òg er for tafatt, kan du skyte folk i fleisen i Sniper: Ghost Warrior 3.

Framleis for dårleg? Kva med å leike viking i førsteperson i VR-spelet Viking Rage? Om det ikkje held, bør du moglegvis vurdere å finne deg ein ny hobby.

Det var det for april, sjåast i mai!

Siste fra forsiden