Feature

Spillåret 2017 - Mikkjell Lønning

Desse ti spela ser Mikkjell mest fram til i 2017

Me har mykje interessant i vente.

Mikkjell gleder seg blant annet til Star Citizen.
Privat, Cloud Imperium Games
1: Side 1
Side 2

OVERKILL's The Walking Dead

Sjanger: Zombie-skytespel
System: PC, moglegvis konsoll
Utviklar: OVERKILL Software
Kjem: Antakeleg i 2017

Den offisielle traileren er det einaste me har sett av spelet enno, og den er vel mildt sagt kryptisk.

Ein kan ikkje akkurat seie at det er mangel på zombiespel. Underteikna har saman med venegjengen pløya gjennom eit utal av zombiespel med samarbeidsmodus, som Dead Island-serien og Dying Light. Sjølv om dei kan vere god underhaldning, er dei neppe kjende for høg kvalitet. Sjølv The Walking Dead-universet har fått fleire eigne spel, deriblant den store fiaskoen frå utviklar Survival Instinct. Eg lengtar etter eit skikkeleg zombieskytespel som faktisk held ein viss kvalitet, som er meir enn ei samling av flosklar. Det er allereie sju år sidan Left 4 Dead 2 kom ut.

Med OVERKILL Software bak spakane, trur eg det er gitt at me får ein givande samarbeidsmodus. Utviklarens spel Payday 2 er eit glimrande samarbeidsspel, ein endelaus kjelde til moro blant vener som har vore kontinuerleg under utvikling sidan slepp. Eg kan ikkje kome på noko anna samarbeidsspel eg har brukt så mykje tid på. Tanken på at det skal kome eit zombiespel frå den same utviklaren fyller meg med glede. Her kjem det til å bli mykje moro.

Det hadde sjølvsagt vore kjekt om ein kunne fått eit spel i sjangeren med god historie òg, men det ser ut som ein må klare seg med eventyrspela frå Telltale Games for dette førebels. Me har ingen detaljar om OVERKILL's The Waling Dead, men det er sannsynleg at det blir eit reint fleirspelarspel, på same vis som Payday-serien.

Når Washington fell til zombieapokalypsen ein eller anna gong i 2017, er eg og venane mine klare. Ver så snill OVERKILL; ikkje svik oss.

Fallout 4 VR

Sjanger: Rollespel
System: HTC Vive
Utviklar: Bethesda
Kjem: Ein gong i 2017

Slik kan Fallout 4 sjå ut med VR-modifikasjon, men oppløysinga er elendig.
Vorpx

Eg må innrømme at eg ikkje heilt klarte å kome meg inn i Fallout 4. Dette har nok litt med at eg var ein smule lei av spel med open verd når det kom i slutten av 2015. Eg tusla rundt i nokre timar, før eg la det frå meg og fekk tilbake pengane frå Steam. Spelet klarte ikkje fenge meg.

I Virtual Reality derimot, trur eg saken blir ein heilt annan. Den fremste grunnen til at eg kjøpte meg HTC Vive, var nettopp for å prøve spel som The Elder Scrolls V: Skyrim i VR. Det er ikkje offisiell VR-støtte til Skyrim, så opplevinga er ikkje heilt den store slik den er no. Men eg trur det hadde vore fantastisk viss det hadde blitt bygga til VR, som Fallout 4 skal bli.

Det største problemet med spel som blir tilpassa til VR, er låg oppløysing. Spel som The Solus Project, Project CARS og The Vanishing of Ethan Carter VR har fått ei slik behandling, og verkar interessante på overflata. Likevel klarer eg rett og slett ikkje å sette meg inn i dei, for utsjånaden er heilt håplaus. Den einaste måten ein kan spele dei på, er med oppskalering, og då går biletefrekvensen til pokkers.

Skal ein overføre eksisterande spel til VR, må det gjerast skikkeleg. Det har Bethesda ressursane til å gjere, både for Fallout 4 og for DOOM.

Les også
Anmeldelse: Divinity: Original Sin 2

Star Citizen

Sjanger: Romskytespel, romhandelssimulator
System: PC
Utviklar: Cloud Imperium Games
Kjem: Beta i løpet av 2017

Gary Oldman har vore stemmen til fleire spelkarakterar oppgjennom åra. Meir av dette, takk.
Cloud Imperium Games

Gary Oldman, Mark Hamill, Mark Strong, Liam Cunningham, Rhona Mitra, Gillian Anderson, Andy Serkis og John Rhys-Davies. Då eg først så desse namna saman, tenkte at eg dette må bli ein helsikens dyr Hollywood-film. Men nei, dette er skodespelar-lista til Star Citizens einspelarkampanje, Squadron 42. Berre skodespelarane aleine ville ha vore nok til å få meg til å kjøpe spelet, uansett om forteljinga er elendig eller ikkje.

Det er likevel ikkje berre einspelaren som er interessant. Star Citizen vil vere delt i to modusar; Squadron 42 og Persistent Universe. Fleirspelarmodusen lar ein utforske universet i romskip, som i spelet er eit direkte uforståeleg stort område, liknande det me fekk i No Man's Sky.

Star Citizen har ingen formell sleppdato, og vil nok ikkje få det med det første heller. Det blir litt på kanten å ta med spelet i denne samanhengen, men betaperioden vil kome i løpet av 2017, og den skal visstnok inkludere einspelaren. Spelet har allereie mykje innhald i alfa-fasen, og med Squadron 42 som antakeleg kjem i løpet av året, får me nok å halde på med.

Marvel's Guardians of the Galaxy

Sjanger: Eventyr

System: PC, Xbox One, PlayStation 4, iPad

Utviklar: Telltale Games

Kjem: Første episode i slutten av 2017

Guardians of the Galaxy kan bli ein morosam affære.

Det har blitt ganske mange spel frå Telltale Games dei siste åra. Nokre har vore veldig bra, andre ikkje fult like så. Batman-spelet til dømes, var ei relativt skuffande oppleving. Det var ikkje dårleg, men ikkje spesielt minneverdig heller.

Guardians of the Galaxy er Telltale Games sitt nyaste prosjekt. Me får enno eit superheltunivers, denne gongen frå Marvel. Etter korleis utviklaren handterte Batman burde eg ha låge forventingar, men Guardians of the Galaxy vil nok bli ei mykje mindre høgtideleg forteljing. Eg vil tru at dette kjem til å bli noko liknande Telltale Games sitt Borderlands-spel, som var veldig god underhaldning. Det var ingen revolusjonerande historie, men ei gjennomgåande morosam forteljing som haldt meg klistra til skjermen.

Kjemien mellom Laura Bailey og Troy Baker var som vanleg solid, og dialogane verka truverdig og naturlege. Eg ser for meg at desse to kjem tilbake i Guardians of the Galaxy, og at dei held fram som dei alltid har gjort.

I dette universet speler humor ein mykje større rolle enn det gjer hos Batman, og utviklaren veit korleis dei skal få oss til å le. Det kjem dei til å gjere igjen.

Eitr

Sjanger: Isometrisk actionrollespel
System: PC og PlayStation 4
Utviklar: Eneme Entertainment
Kjem: Ein gong i 2017

EITR er utruleg skjønt.
Eneme Entertainment

Eitr har vore på radaren min i nokre år no. Som tilhengar av Dark Souls-serien, følgjer eg nøye med på alt som kan sjå ut som ein spirituell oppfølgjar av noko slag. EITR er tungt inspirert av serien (og Diablo), og vidarefører mange av dei same ideane.

Spelet byggjer på norrøn mytologi, der protagonisten er ei skjoldmøy som må reise gjennom dei ni rika på jakt etter løysinga på eit mysterium. På vegen møter ho mektige krigarar og monster, som me må hjelpe ho med å nedkjempe. I sann Dark Souls-stil, er vanskegraden brutal. Frå det me har fått sjå av spelet på YouTube, verkar det faktisk enno vanskelegare enn inspirasjonskjelda.

Det som interesserer meg mest med spelet, er kanskje grafikken. Det er noko med det enkle visuelle preget, som er både fargerikt og tona ned på same tid, som dreg meg inn. Eg kan ikkje unngå å tenkje at Dark Souls ville vore glimrande med eit slikt artistisk preg. Dette er moglegvis det vakraste isometriske spelet eg har sett.

Fingrane mine klør etter å få prøve ut dette spelet. Det har vore utsatt nokre gongar no, så eg håpar verkeleg at 2017 blir året me får spele Eitr.

Andreas Klebo-Espe har òg laga ei liknande liste. Ser du fram til nokre av dei same spel som oss?

1: Side 1
Side 2

Siste fra forsiden