Feature

Prey: PC vs. PlayStation 4 vs. PlayStation 4 Pro

– Prey er eit av årets best optimaliserte spel

Arkane Studios gjer opp for feila i Dishonored 2.

Prey har vore ute nokre dagar no, og har blitt møtt med gode tilbakemeldingar frå kritikarane. Etter Arkane Studios fiaskolansering av Dishonored 2 på PC var mange skeptiske til det nye Prey-spelet, men det verkar som utviklaren har levert.

Spelet tar bruk av CryEngine-motoren, som er best kjend frå Crysis-spela. Prey har kanskje ikkje like imponerande grafikk som Crysis, men har likevel ein heilt spesiell utsjånad. Nett som i inspirasjonskjelda BioShock, er fokuset meir på å levere ein kunststil med særpreg, enn å vise fram fotorealistisk grafikk.

Prey er ute på Xbox One, PlayStation 4 og PC, og me vil sjå litt nærmare på dei to siste plattformene i denne saken.

Jamn yting på konsoll

Det er ein smule skuffande at biletefrekvensen er låst til 30 på tvers av alle konsollane, men til gjengjeld er ytinga solid. Sjølv på Xbox One, den klart svakaste konsollen, ligg biletefrekvensen meir eller mindre konstant på 30. Riktig nok er oppløysinga noko lågare på Xbox One, som teiknar spelet i 1600x900, mot PlayStation 4 som har ei oppløysing på 1920x1080.

ProDame PS4Dame
PlayStation 4 Pro til venstre, standard til høgre.

Eg har slitt med å telje piksel i spelet, så eg er noko usikker på kva oppløysing spelet køyrer i på PlayStation 4 Pro. Det kan sjå ut som Pro-versjonen køyrer i 1440p grunna den litt forbetra teksturkvaliteten, men det kan òg kome av betre teknikk for teksturfiltrering, så dette blir spekulering for augeblikket. Utviklaren har ikkje sagt noko spesifikt om Pro-utgåva enno, så her må me nesten berre vente på stadfesting frå Arkane Austin. Ulikheitene er i alle fall forsvinnande små, og eg merka knapt noko forskjell både på ein 22"- og ein 55"-skjerm anna enn litt skarpare teksturar. Det er først når ein samanliknar med PC-versjonen at ein merkar forskjellar, og sjølv der er det ikkje så veldig mykje å peike på før ein skrur opp til 4K.

ProHelo PS4Helo
PlayStation 4 Pro til venstre, standard til høgre.

Prey fekk ein demo til konsoll i forkant av sleppdatoen, som hadde trøbbel med input-etterslep på PlayStation 4. Utviklaren har tatt tak i dette, men det verkar framleis som Xbox One-kontrollen har litt kjappare respons.

«Artifacting» har òg vore eit problem med spelet, og det er framleis til stades. Ein legg ofte merke til skimrande piksel på kantar. Problemet finst på alle plattformene, men er merkbart verre på konsoll – og kan bli ganske irriterande. Spesielt i opningssekvensen der ein flyr over ein by, ser ein dette veldig godt langs kantane av skyskraparane. Helikopterrotoren på bilete over skildrar viser det klart, som neppe blir betre kombinert med dårleg rørsleuskarpleik.

Spelet har heller ikkje fått støtte for HDR, som er skuffande med tanke på kor mykje arbeid utviklarane har lagt i å bruke grafikken for å byggje opp den dystre stemninga i Prey. Fargebalansen har mykje å seie for stemning.

Roting med konfigurasjonsfiler på PC

PC-versjonen kjem som ei positiv overrasking etter Dishonored 2. Spelet er godt optimalisert for alle ulike typar maskinvare, og sjølv billige skjermkort vil kunne presse biletefrekvensen opp mot 60 i 1920x1080 med innstillingane på «Very High». Testar viser at kort som NVIDIA GTX 1050 vil halde seg godt over 60, mens AMDs RX460 ligg rundt 50. På den andre enden av skalaen vil biletefrekvensen med kort som GTX 1080 og 1080Ti vere opp mot 150. Det er altså fint mogleg å skru opp til både 2560x1440 og 3840x2160 utan å ha det dyraste skjermkortet.

ProLeiligheit 480490_20170508002737_1
PlayStation 4 Pro til venstre, PC («Very High», 1080p) til høgre.

Frå mine testar vil biletefrekvensen omtrent doble seg frå «Low» til «Very High», og forskjellane i visuell kvalitet er ikkje all verda heller. «High» verkar som det beste å sikte for viss ein har eit svakare system, så framt ein går inn på dei avanserte innstillingane og endrar kantutjamninga til «FXAA». Det vil føre til minimal forskjell i biletekvalitet frå «Very High», saman med ein solid auke i biletefrekvens.

Dessverre er det avgrensa kor mykje ein kan tilpasse inne i spelet, for innstillingsmenyane i Prey er av det skuffande slaget. Det er ingen slider for synsvinkel, få moglegheiter for endring av grafikk og ingen måte å fjerne lås på biletefrekvens. Dette er heldigvis relativt enkelt å fikse, ved å gå inn i konfigurasjonsfilene til spelet.

PS4Gras 480490_20170508003016_1
PlayStation 4 (standard) til venstre, PC («Very High», 4K) til høgre.

Standardsynsvinkelen er sett til 85, men ein kan skru denne heilt opp til 120. For å endre på dette, må du gå inn på: Brukar\Lagra Spel\Arkane Studios\Prey og opne «game.cfg». Søk på «cl_hfov» og sett det til verdien du ønskjer. Her er det òg mogleg å skru av lås på biletefrekvens («sys_MaxFps = X») og å fjerne rørsleuskarpleiken frå spelet (legg til «r_motionblur = 0» i dokumentet).

Det er ikkje mogleg å skippe introfilmane til spelet, og dei kjem kvar gong du opnar det. Eg blei særs irritert av dette, så viss du ønskjer å fjerne desse, kan du gjere det.

Konklusjon

Grafikkmenyen til Prey er ikkje nemneverdig omfattande.
Mikkjell Lønning/Gamer.no

Prey er utan tvil eit av årets best optimaliserte spel. Me skulle gjerne sett ei oppdatering til PlayStation 4 Pro med HDR, mindre input-etterslep på PlayStation 4 og ein betre innstillingsmeny på PC, men det er generelt sett lite å klage på. Det er veldig små forskjellar mellom plattformene anna enn synsvinkel og biletefrekvens, så det er vanskeleg å kjøpe feil her. Det er ein stor fordel med høgare biletefrekvens i eit spel med presise skytemekanikkar, men med nesten feilfri yting på konsoll kan me garantere for ei jamn oppleving av spelet med kontroller òg.

Vår anmeldar hadde mykje positivt å seie om Prey, og meinte at sjølv om spelet kunne vore litt meir nyskapande, gjer det tinga sine veldig godt »

Siste fra forsiden