Feature

Spelåret 2021 – Øystein Furevik

Her er spela Øystein gler seg til mest i 2021

Her er lista for dei som praktiserer sosial avstand både av og på nett.

Ubisoft, Privat, montasje Gamer.no
Side 1
Side 2

Halo Infinite

Sjanger: Action, skyting
System: Xbox One, Xbox Series S/X
Utviklar: 343 Industries
Kjem: Haust 2021

Eg blir alltid med Master Chief på nye eventyr.
Microsoft

Eg har blitt så pass gammal no at eg for ganske lenge sidan innsåg at eg eigentleg ikkje bryr meg så mykje om grafikk lenger, den kunstnariske stilen er for meg mykje viktigare. Eg var difor ikkje ein av dei som reagerte med avsky på gameplay-demoen vi fekk sjå frå Halo Infinite i fjor. For min del såg det ut som Halo. Og hei, eg likar Halo. Halo er moro, eg har syntest Halo er moro i snart 20 år no, så for all del, meir takk.

Med Halo Infinite lovar 343 Industries ei diger verd der du får hakket friare tøyler til å bestemme progressjonen enn kva dei tidlegare spela har bydd på. Akkuratt det er strengt tatt for min del sekundært, der eg klør i fingrane etter å kaste plasmagranatar på skrikande grunts igjen. At Joeseph Staten er tilbake om bord, lovar òg veldig godt for kva vi har i vente.

The Settlers

Sjanger: Starategi, simulator
System: PC
Utviklar: Blue Byte
Kjem: 2021

Eg er allereie sjarmert i senk.
Ubisoft

Heilt sidan eg såg eit bilete frå The Settlers i eit PC-blad ein gong tidleg på 90-talet har eg digga The Settlers. Eg likar spel i dei fleste sjangar, og mellom dei meir hektiske slaga er det få ting betre enn å setje seg ned og byggje opp eit velfungerande samfunn der alle gjer sine jobbar, og livet går sin gang. Det finnest mange spel som gjer liknande ting, men det er ingen som heilt har klart å knekke den koden som Blue Byte tidleg knekte med The Settlers.

Det er berre ein ting eg ikkje er så begeistra for, og det er kriginga, som mest av alt er ganske overflødig. Eg skjønar den må til, men forhåpentlegvis har ikkje denne biten så stort fokus når nybyggjarane kjemt tilbake ein gong i løpet av året.

Songs of Conquest

Sjanger: Strategi, taktikk
System: PC, Mac
Utviklar: Lavapotion
Kjem: 2021

Noko av det eg har gleda meg mest til på veldig mange år.
Lavapotion

Songs of Conquest er eit av desse mystiske spela eg strengt tatt veit svært lite om, men eg såg ein video for nokre år sidan, og sidan det har eg venta med lengsel og spaning. Dette spelet hentar inspirasjon frå dei gode, gamle Heroes of Might & Magic-spela. Du veit, dei som blei laga av New World Computing, før 3D tok over, og før Ubisoft av ein eller annan grunn omdøypte serien til Might & Magic Heroes.

Les også
Anmeldelse: Monster Hunter Rise

Her blir det strategi, bybygging, kriging mot alskens skapningar, og ikkje minst ein nydeleg grafikk som dreg den gamle pixelgrafikken frå spelets inspirasjonskjelder inn i moderne tid med eit lass av herlege triks og fantestrekar attåt.

Prehistoric Kingdom

Sjanger: Strategi, simulator
System: PC
Utviklar: Blue Meridian
Kjem: Q2 2021

Var det nokon som sa kylling?
Blue Meridian

Eg kan ikkje hugse ei tid der dinosaurar ikkje var noko av det viktigaste i livet mitt. Eg har alltid elska dinosaurar, eg vil alltid elske dinosaurar, og eg er evig takknemleg for å vere gift med ei dame som ikkje protesterer når eg fyller huset med digre dinosaurfigurar.

Den prekære mangelen på skikkelege dinosaurspel som ikkje baserer seg på min nemesissjanger; survival, gjer meg derimot svært trist. Difor blir eg ekstra glad av å tenkje på at snart kjem Prehistoric Kingdom ut i Early Access, noko som er nok for meg til å putte det på denne lista. I dette spelet skal du byggje din eigen dinosaurpark og fylle den med ein haug dinosaurar som verkeleg held seg tru mot vitskapen. Eg kan knapt vente til eg endeleg kan forme mine eigne fruktbare landskap og fylle dei med verdas vakraste skapningar.

Final Fantasy XVI

Sjanger: Rollespel
System: PlayStation 5
Utviklar: Square Enix
Kjem: 2021?

Ja men så klipp no den teite luggen, mann!
Square Enix

Eg må innrømme eg blei litt usikker på kva eg eigentleg såg på då Square Enix omsider kunngjorde Final Fantasy XVI. Først trudde eg det var ein ny ekspansjon til Final Fantasy XIV sidan det heile var veldig likt onlinespelet, før det sakte, men sikkert demra for meg at nei, dette var ikkje ein ekspansjon, dette var eit flunkande nytt spel.

Trass den idiotiske hårklippen til hovudpersonen gler eg meg noko enormt til å utforske denne verda, ri på chocobo-fuglar, og forhåpentlegvis møte ein moogle eller to, men det som verkeleg løftar dette opp på lista for meg, er kven som står bak. Spelet er produsert av mannen som orkestrerte relanseringa av Final Fantasy XIV, og regissert av mannen bak The Last Remnant, eit av dei tøffaste rollespela på Xbox 360. Dette må berre bli bra.

Eg skal innrømme det er litt ønsketenking å håpe på å få dette spelet i år, men dette teamet er kjent for å vere effektive, så fingrane, tæra, armar og bein er kryssa.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden