Feature

Kommentar: Revolusjon eller sleivspark?

Microsoft gjer ein heiderleg innsats for å skape det ultimate familieproduktet.

1: Side 1
2: Side 2

Nytt dashbord

Med Kinect kjem det samtidig nokre endringar til Xbox 360-dashbordet du ikkje får tilgang til utan Microsofts nye kamera. I staden for å la deg bruke Kinect til å manøvrere gjennom alt på maskina, har Microsoft i staden valt å lage ein eigen base for Kinect. Dette er ikkje den meste brukarvenlege måten å gjere ting på, og ser ikkje heilt kvifor det skulle vere noko problem å bruke henda til å navigere gjennom innhald på Xbox Live. Vi har enda opp med ei oppstykka maskin som ikkje gjer ein god jobb i å informere deg om kvar du må ha ein kontrollar eller ikkje.

Kinect er eit solid stykke teknologi

Om du startar opp Xboxen og vinkar litt med handa vil du bli dratt inn i Kinect Hub, som det heiter på fint. Her har du mykje færre val enn i Xbox-dashbordet, men dei er til gjengjeld skreddarsydd for å brukast utan ein knapp. Du kan velje å starte spel, gå direkte til Zune Marketplace, halde videosamtaler med Kinect, eller sjå litt på den reklamen Microsoft vil vise deg i dag. Ved å sveipe med handa kan du få opp fleire val som å sjå kva vener som er pålogga, sjekke achievements, eller kle opp avataren din. All kontroll skjer ved at du brukar handa di til å flytte eit handikon over skjermen. Vil du starte ein applikasjon er det berre å halde handa i ro over den ei lita stund.

Sjølv om Kinect Hub ikkje gjev deg mange val, er det ein fin måte å introdusere deg for korleis du skal navigere gjennom menyar utan ein handkontroll. Det tek naturlegvis lengre tid å gjere små ting ved å bruke rørsler, men det er samtidig noko veldig befriande ved å berre gå fram til TV-en, bli automatisk logga inn, og vinke seg fram til filmseksjonen om du er i humør for siste nytt frå Hollywood.

Zune Marketplace er strengt tatt den tenesta som har nytta best av Kinect om vi ignorerer alle spel. Store tydelege ikon gjer det veldig lett å navigere seg til forskjellige sjangrar, men det er når du først skal inn for nå sjå kva filmar som er tilgjengelege at moroa verkeleg startar. Går du inn i ein kategori vil du bli sendt til den første filmen i lista, og ein trailer startar automatisk å rulle i bakgrunnen. Ser den uinteressant ut kan du praktisk talt kaste den vekk ved å sveipe med handa. Slik kan du gå gjennom filmar og trailerar heilt til du finn noko du vil sjå. Om du ikkje vil sjå gjennom alt kan du sjølvsagt leite alfabetisk òg.

Amputert lansering

I det store og det heile er eg temmeleg imponert over kva Microsoft har fått til, men det er ein ting som ikkje er godt nok. Der USA får lov til å snakke direkte til Xboxen sin for å spele av filmar, eller som eit viktige element i fleire spel, kjem ikkje desse funksjonane til Noreg før til våren. Dette betyr altså at du ikkje får bruke stemma di i spel som er laga for det, eller bruke nokon Kinect-funksjonar som brukar lyd.

Kinect Adventures får du på kjøpet

Eg greier å vente, det er ikkje det, men når Kinect-kalibreringa sjekkar lydforholda dine og gjer det svært tydeleg at stemma di er viktig, kan eg sjå føre meg at mange vil stå igjen som store spørsmålsteikn over kva poenget med lydtesten var.

Dei fleste kan nok leve med å ikkje kunne snakke med Xboxen sin, men det blir verre for spel som brukar lyd i forskjellige element. Sjølv om vi ikkje kan snakke til Kinect, har det ikkje alltid blitt gjort nokon endringar i spela som tilseier dette.

I Kinectimals sitt tilfelle står eg igjen med ei kjensla av at sjølv om vi har fått eit veldig fint spel, manglar mykje av magien. I statane kan spelarane velje eit namn på kattungen sin, og bruke dette til å rope på den. Dette kan vi sjølvsagt berre gløyme, men det verste for Kinectimals (og alle dei andre lanseringsspela frå Microsoft) er likevel at ingen tok seg tid til å oversetje eitt av årets mest spanande barnespel til norsk. Alvorleg talt, når Sony kan oversetje Heavenly Sword og Resistance 2 kan Microsoft ta seg tid til spel som heilt tydeleg er laga med den yngre garde i tankane.

Konklusjon

Akkurat no er eg bada i mykje av den same kjensla Wii gav meg for nokre år sidan. Kinect er nytt, det er spanande, og sjølv om alt ikkje fungerer heilt knirkefritt, har eg enno til gode å møte ein vegg som seier stopp, og ber meg om å snu. Det viktigaste av alt er at eg ser veldig tydeleg at fullstendig rørslebasert speling absolutt har ein heim i den digitale kvardagen. Det er moro, det er befriande, og det er ekstremt intuitivt.

Les også
Anmeldelse:
Er dette framtida?

Teknologien byr derimot på sine utfordringar. For å fungere optimalt stiller Kinect større krav til romstorleik og lysforhold enn nokon konsoll har gjort før. Dei fleste vil nok klare å innrette seg utan dei heilt store problema, men eg tvilar ikkje på at dette vil bli eit bittert hinder for mange. Samtidig er det ein liten nedtur at vi i Noreg ikkje får tilgang på Kinects stemmegjenkjenning heilt enno.

Kinect er likevel eit stort steg framover. Det er ei heilt spesiell kjensle å sjå rørslene sine bli kopiert av eit spel. Dette er ein ny teknologi som byr på enorme moglegheiter, og mi einaste bøn til alle utviklarar er denne: Ikkje lag Kinect-versjonar av gamle spel. Lag noko nytt og spanande som aldri har vore mogleg før. Eg gler meg til å sjå kva vi får servert i framtida.

1: Side 1
2: Side 2

Siste fra forsiden