Feature

Nintendo DSi XL i hus

Kraftige minstemann

Har du dårleg syn? Blir ein vanleg DS for liten? Prøv størrelse XL.

Nintendo har hausta enorm suksess med sine maskiner denne generasjonen. Spøkane har rulla fritt på nettet om korleis Nintendo DS praktisk talt trykkjer pengar, og det er ikkje utan grunn. Wii sel framleis i bøtter og spann, og på mirakuløst vis presterer Nintendo å heile tida produsere nye versjonar av Nintendo DS som likevel klatrar høgt opp på salslistene. Ein kan byrje å lure på om kvar einaste person på planeten snart har fleire utgåver av maskina.

Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Fram til no har vi sett tre iterasjonar av Nintendo DS. Den første var eit klumpete leikety som ikkje hadde eit visuelt ytre i stil med kva ein forventar frå eit livsstilsikon. Mange hakk betre blei det då DS Lite dukka opp, ei mindre maskin med stilig design og betre skjermar. Atter ein ny versjon dukka opp i DSi, som gav eigaren et hendig kamera på konsollen, og ei maskin som var ytterlegare mindre i storleik. Det siste tilskotet i DS-familen er DSi XL, ei maskin som bryt trenden med at alt heile tida skal bli mindre (heldigvis spør du meg). DSi XL er på alle måtar større enn sine søsken, noko Nintendo promoterer hardt mot den eldre garde i Japan, som kanskje slit med å sjå kva som skjer på skjermen til ein vanleg DS godt nok.

Storleiken tel?

Eit anna salspunkt for Nintendo er korleis det vil bli mykje lettare å sjå kva som skjer om du berre kikar over skuldrene til den som har maskina i henda. For min eigen del høyrest dette ut som vidareutvikla kikar-mentalitet, og eg blir difor svært negativt innstilt til det. Det er likevel lett å skjøne kva Nintendo vil fram til. Ungar sit ofte og ser på kvarandre medan dei spelar, og med større skjermar blir det mykje lettare for alle å hengje med. Eit smart trekk for sosialisering blant dei yngre med andre ord.

Så korleis er Nintendo DSi XL i praksis? For å vere heilt ærleg må eg seie eg endeleg har ei maskin eg gjerne sit med i meir enn ein time om gongen. Eg har godt syn, men eg merkar godt med dei ordinære DS-maskinene at eg må halde maskina forholdsvis nær auga for å sjå alt så bra som eg vil. Dette blir anstrengande både for augene og for armane som ender opp i ein vinkel som etter kvart blir slitsam.

Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Skjermane på Nintendo DSi XL er 4,3 tommar, noko som vil seie at den er 93% større enn dei tidlegare skjermane. Det er nesten dobbelt så stort, og det merkast. Oppløysinga er riktig nok den same, og biletet blir difor blåst opp, men dette er ikkje noko som vil plage deg med mindre du er fast bestemt på å trykkje nasa inn i skjermen. Eg må faktisk seie at større skjermar får mange DS-spel til å sjå betre ut. Kvar detalj får meir plass, og dette dannar eit betre bilete. Pixlane blir sjølvsagt større, men aldri på ein slik måte at dei øydelegg biletet.

Ein stor fordel med større skjermar er at det no går heilt fint å leggje maskina ned i fanget, og likevel sjå heilt greitt. Eg skal sjølvsagt ikkje snakke for alle om akkurat dette, men for min del blir DS-speling mykje meir avslappande i XL-format. Eg kan slappe av i auga, eg kan slappe av i armane, og til dels kan eg slappe av meir i henda grunna maskina sitt større format.

Stort for store hender?

Eg er ein av desse personane med store hender. Blant oss finnest det ein del som lett får krampe, eller stive ledd om ein brukar maskiner eller kontrollar som ikkje er optimale reint ergonomisk sett. PSP, Nintendo DS og PlayStation-maskinene er alle format som gir meg smerter om eg spelar over lengre tid, og difor var dette kanskje det viktigaste punktet for meg når eg endeleg fekk DSi XL i hende.

Dei gode nyheitene er at ting er betre no. Eg kan spele i langt over ein time før eg merkar noko, der ein halvtime er nok til markante smerter i spesielt tommelen på ein vanleg DS. DSi XL er den klart beste versjonen på denne fronten. Fingrane får meir rom, du treng ikkje bøye ledda like mykje, og du kan ha eit lausare grep om maskina grunna den generelle storleiken.

Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Sjølv om maskina er godt nytt for oss med store hender, er det likevel ikkje lagt skjul på at det er den eldre garde som har vore i fokus hos Nintendo. Eit ledd i dette er ein ny penn som er forma som ein ekte penn. Ved sidan av maskina som har god stil i ein metallisk finish, er denne pennen rein plast, og bryt litt med det eksklusive inntrykket maskina elles byr på.

Ein større og betre penn er likevel godt nytt. Den er betre å halde i, og igjen resulterer det i betre komfort. Om du blir stiv og ledda av å bruke den ordinære DS-pennen (som framleis er med), er denne nye pennen eit godt alternativ. Den nye pennen har ikkje noko rom i maskina for grei oppbevaring, men den har eit hol i enden slik at du kan feste den til maskina med ei snor.

Respons ala Nintendo

Utover ei generell auke i storleik, er det ingenting nytt med Nintendo DSi XL. Innmaten er den same som i den ordinære DSi. Sidan maskina mi er av den japanske varianten, og språket ikkje kan endrast, er det uansett ikkje mykje eg kunne ha sagt om akkurat det.

Knappane er dei same herlege knappane vi kjenner frå før. Det er ekstremt god respons i dei, og den svake klikkelyden som kjem kvar gong du trykkjer inn ein knapp, er ei veldig god tilbakemelding på at det du gjer har ei effekt.

Eit stort spørsmål for mange er sannsynlegvis kor lenge batteriet kan halde ut med mykje større skjermar. Så langt er det etter forholda gode nyhende. Eg har klokka inn eit gjennomsnitt på omlag fem til seks timar effektiv speletid. Dette var med rimeleg grafikk-intense spel, og batteritida kan sikkert bli lengre ved bruk av lettare spel.

Foto: Øystein Furevik/Gamer.no

Konklusjon

For min del er dette den definitive versjonen av DS. Dei større skjermane gjer det til ei mykje betre oppleving å spele eit spel på den vesle maskina. Med nesten dobbelt så store skjermar som før, gir det nytt liv til dei gamle spela, og det blir omlag som om du skulle gå opp ti tommar i TV-storleik. Sjølve kvaliteten på biletet er kanskje ikkje betre, men storleiken gjer at dei små detaljane får meir rom, og såleis ser du lettare ting du kanskje ikkje såg før. Ein naturleg konsekvens er sjølvsagt òg at lita skrift blir lettare å lese, spesielt då for dei med dårleg syn.

Eg er like nøgd med storleiken på maskina. Med meir rom mellom knappane, og ei større flate å flytte dei over, blir det meir behageleg å spele i lengda. Mange vil sikkert seie at DSi XL er for stor til å ta med seg overalt, men om du har plass til ein Mac eller Netbook i bagen din, har du plass til ein DSi XL. Den er kanskje fysisk større, men når generell komfort på alle plan har vakse på same måte, er det ingen tvil om at dette er den så langt beste iterasjonen av Nintendo si vidundermaskin.

DSi XL kjem i sal førstkommende fredag, 5. mars.

Siste fra forsiden