Feature

Den norske skjermkortmarknaden

Prisane går nedover, men ein ny generasjon er på horisonten

Me har tatt temperaturen i skjermkortmarknaden.

Mikkjell Lønning/Gamer.no

– Dette er jo ei god utvikling, og det verkar som prisane er på rett veg, seier Are Vittersø, noregssjef i pristenesta Prisjakt.no.

Sidan førre gong Gamer.no skreiv om prisnivået på skjermkort, i august, har prisane vore på fallande kurs. Det er framleis langt igjen til prisnivået slik det var før starten av 2020, men me er i det minste på veg nedover.

Me har invitert dei to prissamanlikningstenestene Prisjakt.no og Prisguiden.no til å legge fram litt statistikk for oss. Tala deira korresponderer med ein topp i juni, der Prisjakt kan røpe at prisnivået i snitt var 50 prosent høgare enn prisane i januar.

Begge tenestene viser til at det har vore ein nedgang i pris sidan toppen i juni, men det er nokre skilnadar mellom tala deira.

Oppgang i september, ned i oktober

Grafen til Prisguiden.no (som du ser under) viser òg at prisen klatra i slutten av september.

OPP I SEPTEMBER: Prisane er ned frå toppen, men gjekk litt opp i september igjen, ifølgje Prisguiden.
Prisguiden

– Etter pristoppen i juni, ser me at prisane har gått noko tilbake i juli og august, før dei auka i september. Ein av årsakene kan henge saman med meldingar om leveringsproblem i halvleiarteknologi i tida framover. Vårt inntrykk er likevel at lagerbehaldningane er ein del betre no enn dei var før sommaren, og me håpar at butikkane har fleire skjermkort på veg inn på lager i tida framover, seier Amund Espelien, dagleg leiar i Prisguiden.no.

Førre veke gjekk AMD-sjef Lisa Su ut med ein teori om at mangelen på halvleiarar vil runde av i andre halvdel av 2022, som kan ha noko med dette å gjere. Samstundes har andre analytikarar peika på at det kan gå endå meir tid.

Statistikken frå Prisjakt.no, som er nokre dagar ferskare, viser at utviklinga snudde i starten av oktober igjen.

GODE NYHEITER: Grafen til Prisjakt viser ein nedgang i oktober igjen. Desse tala er frå juni i år til og med 5. oktober.
Prisjakt

– Prisane på skjermkort har no starta ei søkkande trend. Ut ifrå grafane våre ser ein at det skjedde eit skifte ganske nøyaktig 1. september. Då gjekk prisane ned fem prosent, og har fortsett nedover til sju prosent no i oktober, samanlikna med prisen 1. juli, seier Vittersø.

Vittersø fortel at prisnivået no er 40 prosent høgare enn januar-prisane. Det er framleis mykje, men det er i alle fall mindre enn i sommar.

Mindre press, men framleis få kort

Les også
Hva koster det å bygge en PC med PlayStation 5-krefter? 

Tala til Prisguiden.no viser at etterspurnaden for skjermkort var klart størst i slutten av 2020 og starten av 2021, og er omtrent halvert sidan då. Det kan tyde på at det bør vere enklare å få tak i kort i dag.

Men det er framleis høg etterspurnad.

Espelien syns det er verd å merke seg at prisnivået i snitt låg på rundt 6000 kroner frå januar 2019 fram til september 2020. Den nye generasjonen med skjermkort sat ein ny prisstandard, seier han. Per september 2021 låg snittet på 11.800 kroner.

Dette kan nok ha ein del med introduksjonen av modellar som AMD Radeon 6900 XT og Nvidia RTX 3090, som er ein klasse over dei tidlegare toppskjermkorta – med endå høgare pris. Det har vore nokre slike kort i tidlegare generasjonar, som Nvidia sin Titan-serie, men dei har ikkje vore på langt nær like populære. Dette har nok difor løfta snittprisen ein del, spesielt då dei nye skjermkorta har kome i langt fleire tredjepartsvariantar.

STOR VARIASJON: Denne grafen viser prisveksten frå januar 2020 til oktober i år. Med dette perspektivet er det vanskeleg å gjere gode kjøp i dag.
Prisjakt

Generelt sett har prisane vore høgare for kvar generasjon som har kome. Når det i tillegg kjem ein cocktail av høge kryptovalutaprisar, enorm etterspurnad og mangel på halvleiarar, har prisane eksplodert.

Prisjakt ser òg at etterspurnaden held seg oppe til trass for prisane.

– Skjermkort er framleis eit populært søk hos oss. Frå og med 1. juli og fram til starten av oktober, så auka skjermkort-søk med 43 prosent samanlikna med same periode i fjor. Det verkar ikkje som mangelen og prisane har skremt kjøpsinteressa vår, seier Vittersø i Prisjakt.

– Med tanke på merkevare, verkar det som Gigabyte har tatt ein mykje større del av kaka, og dei siste tre månadane har Gigabyte sine kort vore mest populære. Dei har tatt over førsteplassen frå ASUS, medan MSI held tredjeplassen, seier Vittersø til slutt.

Nye skjermkort i 2022

Det er bilindustrien som har kjend mest på mangelen av halvleiarar, men det har ikkje vore enkelt å få tak i verken spelkonsollar eller skjermkort.

Ryktebørsen seier at Nvidia siktar seg inn på å skifte ut dagens kort med Super-versjonar i januar 2022, saman med slepp av RTX 3090 Ti. Og deretter blir det sannsynlegvis ein heilt ny generasjon frå både Nvidia og AMD til hausten igjen.

Gamer.no har kontakta Nvidia for ein kommentar om dette, men dei vil førebels ikkje seie noko om saka.

Det er umogleg å vite heilt sikkert om mangelen på halvleiarar og det høge prisnivået heng med så lenge som til neste generasjon, så ein kan ikkje gjere så mykje anna enn å krysse fingrane. Produksjonskapasiteten skal auke til neste år, og det kan hjelpe ein del. Men me veit at det er folk som har venta på skjermkort i over eit år no, og det er nesten slik at ein like godt kan avbestille og heller kjøpe neste generasjon igjen.

Prisguiden.no er en kommersiell partner av Gamer.no. De leverer oppdaterte priser, prisvarsling og produktinformasjon. Du kan lese mer om Prisguiden her »

Siste fra forsiden