Feature

Reisebrev: E3 2010, dag 3

For ein dag!

Søvn er for pyser og folk med øyreproppar av betong.

LOS ANGELES (Gamer.no): Skal ein prestere godt i løpet av ein lang dag med konstant vandring mellom den eine båsen med interaktiv underhaldning etter den andre, er det fleire ting ein bør ha i baktankane. Først og fremst er det ein god plan å ha gode sko å gå i. For det andre bør ein hugse å presse inn tid for i det minste eitt måltid kvar dag, og sist men ikkje minst gjeld det å få nok søvn.

«Det dura som om nokon pressa eit trykkluftborr mot tinningen min.»

Sistnemnde har vist seg å bli eit problem.

Natt til onsdag blei det vi på godt norsk kan kalle eit helvete på jord for meg. Ein gong mellom klokka fire og fem på natta vakna eg av eit vanvittig bråk. Det dura som om nokon pressa eit trykkluftborr mot tinningen min, og i nokon som kan minne om vill panikk kasta eg meg mot vindauget for å sjå kva pokker dette bråket kom av.

Nede på gata, sju etasjar under oss, såg eg fem eller seks svære køyretøy som på verst tenkjeleg tidspunkt fann det for godt å pusse vegen. Her skulle alle restar av støv og sand sopast opp, fullstendig utan omtanke for dei stakkars sjelene som er dumme nok til å prøve å sove på denne tida av døgnet. Lettare desillusjonert og ute av stand til å forstå kva meininga med dette var stod eg og kika tafatt ned på galskapen, før eg vonbroten og fortvila kraup tilbake til sengs. Der låg eg og stira i taket medan eg tenkte på korleis denne dagen skulle gå om eg ikkje fekk meg i alle fall ein time til med søvn. Lettare trist var eg.

Omsider stoppa duren, men før eg rakk kjenne glede velle over meg blei duren erstatta med ei gravemaskin som sette i gong med å rive opp vegen! Er det mogleg?

Eg gløtta over på Lasse som komfortabelt låg i ei sjarmerande fosterstilling medan han sutta på tommelen. Det var både søtt og brutalt frustrerande på same tid.

Lester Speight som spelar Augustus «Cole Train» Cole i Gears of War plaffar laus med Cliffy B i bakgrunnen.

Ei overdose «fun»

Mangel på søvn gjer noko med deg, og i dag har eg ein mistanke om at dette på trass av den skrekkelege natta på ein eller annan måta presterte å gjere meg veldig glad. Eg var så nedbroten av søvnmangel at eg tippa over til den andre sidan av skalaen.

Grunnen til denne teorien er at eg sit med ei sterk kjensle av at omlag alt eg har sett på i dag var heilt fantastisk. Kvart spel var det beste i verda, og sjølv om eg overdriv ganske hardt no, er det ikkje til å legge skjul på at eg har hatt ein herleg dag på messa. Eg har snakka med Warren Spector og funne ut kva han meiner om «modne» spel, Ico, og god speldesign. Eg har sett Rage og spelt Hunted: The Demon's Forge. Front Mission Evolved har gjort meg svært positivt overraska, og Ghost Trick frå Capcom har gitt meg ein total bakoversveis det kjem til å ta dagar å få tilbake på eit normalt nivå.

Som om ikkje det var nok har eg sprunge rundt i Dead Rising 2 kun iført grøne støvlar, hotpants, ei flanellskjorte knyta rett under brystvortene, og ein søt liten stråhatt medan eg knerta zombier med serveringsfat. Det er slikt som får deg til å flire som ein ung tenåring med ein pubertal og lite utvikla sans for humor, før du stolt gløttar frå side til side for å sjå om nokon andre har sett den fabelaktige motesansen din.

Lasse, mannen som kan

Lasse har ikkje gjort det stort verre. Han har blant anna snakka med legenden Dave Grossman frå Telltale Games, eit møte eg personleg ser på som ein total fiasko sidan Grossman i følgje Lasse ikkje ville kome med noko konkret informasjon om det eg har omdøypt til «The Game of the Forever», Jurassic Park-spelet frå Telltale Games.

Utover det har han sett på Motorstorm 3 og spelt All Points Bulletin saman med dei godt tatoverte jentene i Suicide Girls. Krabaten frå Trøndelag kunne i tillegg skryte stort over at Gray Matter-aktuelle Jane Jensen komplimenterte han for gode spørsmål. Den særs fotogene fyren har i tillegg fotografert seg sjølv saman med ingen ringare enn Ice-T. Møtet mellom verdas kanskje to viktigaste personar skjedde under eit Microsoft-arrangement der Lasse og Ice-T vandra hand i hand medan dei flørta med kjendiser som Cliffy B og Peter Molyneux.

Lasse og Ice-T (Lasse til venstre, altså).

Vi runda av dagen med ein triveleg tur på pizzarestaurant saman med Tormod og Kjersti frå Spillverket. I løpet av middagen sladra vi om tjukt og tynt og konsumerte varierte former for pizza du aldri vil finne i Noreg, samt all den væske vi ikkje hadde fått i oss i løpet av ni slitsame dagar på messegolvet.

Det er kanskje ikkje så lett å forstå akkurat det her, men å kome seg gjennom ein heil dag med det eine spelet etter det andre er hardjobbing. Ikkje berre skal du navigere gjennom ein jungel av lys, skjerande høg lyd, kulissar og halvnakne bimbojenter i plastrustning, men du skal fordøye og sortere alle inntrykka òg. Ein kjem omsider til eit punkt der det blir fullstendig overbelastning, og det er lett å bli så mentalt utmatta at ein berre vil vekk.

Å setje seg ned med eit godt måltid og hyggeleg selskap kjem då akkurat som bestilt.

Sjåast i morgon.

Siste fra forsiden