Anmeldelse

Final Fantasy XI

To år etter Japan får vi endeleg sjansen til å gi oss ut på Square Enix sin online-versjon av Final Fantasy. Mange vil nok diskutere ganske heftig om denne tittelen burde ha eksistert, men dei bør kanskje prøve spelet før dei seier noko meir.

Side 1
Side 2
Side 3

Vana’Diel heiter verda i denne utgåva av Final Fantasy-serien, og forståeleg nok er det ikkje ei historie med romantiske undertonar vi får servert. Dei fire nasjonane Bastok, Windurst, San D’oria og Jeuno er i konstant krig med dei invaderande hordane av beastmen, og når du, som krigslysten eventyrar tek dine første steg inn i konflikta, må du etter kvart rekne med å bli ein stor del av kva som skjer.

Når du skal lage ein karakter har du fem rasar å velje mellom. Desse har alle sine spesielle område, men kan eigentleg brukast til alt. Rasane består av Hume, som er Vana’Diel sin versjon av menneske, Elvaan som er dine typiske alvar, Tarutaru som er små søte skapnigar godt anlagt for magi, og heilt til slutt Mithra og Galka. Desse to siste rasane er litt spesielle sidan du ikkje kan velge kjønn for dei. Mithra er ein rase beståande av kattekvinner, der menn er eit sjeldant syn du sannsynlegvis aldri vil oppleve. Galka er ein rase av tvekjønna krigsmaskiner. Deira maskuline framtreden gjer det også forståeleg at mange trur dei berre er menn.

Få valg Det er litt skuffande at du har så få valgmoglegheiter når du skal lage ein karakter. Du kan velje mellom rasane, tre forskjellige høgder, og åtte forskjellige ansikt for kvart kjønn. Du har ingen individuelle valg, om du til dømes vil ha eit ansikt med ei spesiell hårfrisyre. Naturleg nok endar det opp med ganske mange kloner. Visse ansikt blir meir populære enn andre, og eit lag med i tre-fire heilt like karakterar er ikkje uvanleg.

Sjølvsagt har du ein del klassar, eller jobbar, å velje mellom, men dette er faktisk det du treng å bekymre deg minst for når du set i gong. Ved å reise til huset ditt, som blir styrt av ein moogle, kan du skifte jobb når du vil. Dette er veldig praktisk om du skulle finne at du verkeleg hatar den jobben du starta med. Seinare i spelet, nærmare bestemt nivå tretti, kan du få tilgang på nye jobbar. Haka ved dessa jobbane er at du må byrje på nivå ein igjen, men gevinsten er ofte stor, eller kva seier du til å vere summoner og mane fram store monster og skapningar kjent frå samtlige Final Fantasy-spel?

Spesielle kontrollar Eg vil på det sterkaste anbefale at du har manualen innan kort rekkevidee før du set deg inn i Vana’Diel og alt denne verda kan tilby. Du skjønar, det kan vere ein frustrerande prosess å prøve å lære seg kontrollsystemet til Final Fantasy XI for aller første gong. Ingenting er slik du forventar det skal vere. Forhåpentlegvis vil du etter ei kort stund innsjå at det eigentleg er latterleg enkelt. Med ei hand på kvar side av tastaturet har du full kontroll. Når du styrer karakteren din kan du bruke mus og tastatur, eller du kan velje å bruke kun tastaturet, og alle bevegelsar blir styrt med NUM-paden. Det meste er lagt opp slik ut du knapt nok treng flytte på fingrane for å gjere det meste.

Square Enix har implementert eit kampsystem som kan verke litt treigt i byrjinga, men som kan bli intenst og nervepirrande så snart du kjem deg inn i ei erfaren gruppe. Du kan lagre ferdigheiter og magi til snarvegar (Ctrl+(1-9) og Alt+(1-9)), og samtidig legge til ein kommentar som følgjer med (sjå for deg at nokon kastar Cure på gruppa medan dei seier "rest well my friends"). Dette blir kalla "macro", og du kan lage "macro" for kva det måtte vere. Om det er ein beskjed om at du treng helse, eller at du er klar for kamp igjen. Det sparar deg for litt tid om du ligg dårleg an i ein kamp, og ikkje har anledning til å knote på tastaturet.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden