Anmeldelse

Fire Emblem

Kva er det med fantastiske taktiske spel for tida? Knapt nok har nervane roa seg etter Disgaea: Hour of Darkness, før Fire Emblem dukkar opp. Frå skaparane av Advance Wars kjem enda eit turbasert "rollespel".

Side 1
Side 2

Våpentriangelets viktige sider Ein viktig del av alle kampane er våpentriangelet. Enkelt fortalt går det ut på at sverd slår øks, øks slår lanse, og lanse slår sverd. Om du kjem med ein riddar i skinnande rustninga, og tøffar deg med lansa di, kan moroa raskt bli over om du møtar ein mann med øks. Du får pluss eller minus på angrep avhengig av kva våpen du har. Derfor er det fint at mange av karakterane har to våpen. Til dømes riddarane som har både sverd og lanse. Konseptet med våpentriangel gjeld også for magi, der ein har eit liknande system. Mørk magi slår elementmagi, elementmagi slår lys magi, og lys magi slår mørk magi. Det er eit enkelt konsept som fungerar veldig bra.

Fire Emblem er eit fargerikt og variert spel når det kjem til det visuelle. Animasjonen er også imponerande når ein tar i betraktning kva som er mogleg å tyne ut av ein Game Boy Advance. Er det ein ting utviklarane har fått til, er det å demonstrere med animasjonane kva type dei forskjellige karakterane er. Ein stor og tung krigar bevegar seg sakte, men du kan føle styrka i både lydane som er brukt, og i måten han slenger våpenet mot fienden. Som den rake motsetninga har vi krigarar på hest. Hestane kastar seg fram og tilbake medan ein kamp pågår. Sidan alle kampar foregår i eit eige vindu, er det her ein får sjå det meste av grafiske prestasjonar. Resten av spelet består for det meste av kamp-kartet der ein flyttar alle figurar. Sjølv om dette ikkje er like imponerande som kamp-sekvensane, er det fint, fargerikt og lett å forstå.

Sjølv om lydkapasiteten på ein Game Boy Advance er ganske begrensa, har Intelligent Systems prestert å presse inn ein del kreative lydar. På same måte som grafikken får fram om ein karakter er stor og tung, eller liten og rask, gjer lyden akkurat det same. Musikken er uansett det beste kva lyd angår. Om det er mogleg å drømme seg totalt tilbake til tidleg nittital med alt som var av klassikarar på den tida, kjem du sannsynlegvis til å gjere det i den stund du set deg ned med Fire Emblem. Vakre og stemningsskapande melodiar ser ikkje ut til å ha nokon ende, og dei er framført med eit imponerande spekter av virtuelle instrument.

Konklusjon Fire Emblem gjer gjobben uforskamma bra. Det er eit til tider frykteleg vanskeleg spel (i alle fall om du gjerne vil unngå å miste folk), men det er også litt av poenget. Du er ein taktiker, du er i krig, og du må gjere ditt beste for at dette ikkje skjer. Kampsystemet er lett å forstå, og drar deg rett inn og gjer det vanskeleg å avslutte. Har du ein ven med GameBoy Advance og ein kopi av Fire Emblem, kan du også linke for litt fleirspelar-moro, noko vi ikkje hadde anledning til å teste med kun ein kopi av spelet. Om du er på jakt etter litt moro, eller mykje moro, vil du uansett finne det her. Det er eit stort og omfattande spel, som også kan gjerast om til lettfatteleg underhaldning om du manglar noko å gjere på. Enkelt og greit er det frykteleg god underhaldning.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden