Anmeldelse
topp

Fire Emblem: Radiant Dawn

Den er rett og slett nydeleg. Denne flotte og fargerike introduskjonsfilmen vi blir servert før vi eigentleg går i gang. Vi møter våre nye vener for første gang i ein film som verkeleg viser kor flott det kan sjå ut når erkejapansk teiknestil blir overført til tredimensjonal animasjon.

Se trailer fra spillet

Vis større

Teaser: Fire Emblem: Radiant Dawn


Hjartet søkk difor ganske kjapt når ein brutalt og omsynslaust får sjå kor stygt dette spelet eigentleg er. Dette ser ikkje ut som eit Wii-spel. Det hadde ikkje sett bra ut på GameCube heller. Det minnar mest om noko vi kunne ha sett for ti år sidan. Sjølv om grafikken kanskje ikkje er det viktigaste i eit spel som Fire Emblem, gjer det absolutt ingenting om vi i det minste får ein pen ting å sjå på. Men akk, slik skal det ikkje bli. Vi må leve med blodfattige modellar i eit landskap svoltefora på liv. Det er grått og trist uansett kva fargar utviklarane skulle ha spytta ut i teksturane.

Stereotypar i fritt fall

Den makelaust uinspirerte historia i Fire Emblem: Radiant Dawn blir presentert gjennom bakgrunnsbilete. Bakgrunnsbilete med papirmodellar på. Når to personar snakkar saman, ser du to livlause teikningar i framgrunnen. Om ein person forlèt samtala til fordel for ein anna, vil du få sjå ein ny papirmodell på oppslagstavla. Bortsett frå nokre lepper som går opp og ned, er dei ikkje animerte heller. Det fungerte på Game Boy Advance. Det fungerte eigentleg godt på PlayStation òg, men ikkje på ein moderne konsoll i 2008. I ei tid då spel som Lost Odyssey tek historieforteljing til nye høgder, då held det ikkje.

Det er døvt! Det er tregt, kjedeleg og totalt uinteressant. Det finnest ikkje engasjerande, og når historia desse håplause segmenta gjer eit umotivert forsøk på å fortelje er like meiningslaus som den er her, bryr du deg ikkje. Du kunne ikkje brydd deg mindre. Du kunne ikkje brydd deg mindre om spelet sitt tapre forsøk på å ta opp til dømes rasisme, du kunne ikkje brydd deg mindre om den fryktelege militærstaten som brutalt herskar over folket, og du bryr deg enda mindre om dei som prøvar å forandre på dette.

Dramatiske konsekvensar

Det interessante med historia er at den ikkje betyr noko som helst for Fire Emblem: Radiant Dawns fantastiske underhaldningsverdi. Den er heilt og haldent uvesentleg. Alt historia er der for, er å gje deg ein grunn til å gå ut i kamp. Fire Emblem-serien har alltid handla om kamp. Det har alltid handla om å setje dei riktige krigarane på riktig stad. Det handlar om å tenkje før du handlar. Viktigast av alt: Om nokon døyr, er dei borte for all tid.

Fire Emblem: Radiant Dawn handlar om strategi. Dette er eit turbasert strategispel som slektar mykje på taktiske rollespel som til dømes Final Fantasy Tactics. Du flyttar krigarane dine på eit rutenett, og om du er ein nærkampskrigar angrip du horisontalt eller vertikalt. Driv du heller med magi eller bogeskyting kan du skyte diagonalt i tillegg. Dette er utgangspunktet. Den enkle fasaden. Fire Emblem er likevel alt anna enn enkelt. Med mindre du spelar på den lettaste vanskegrada vil du oppleve eit spel som sparkar deg bak til du ligg nede, og sender gjentekne olbogar mot skrittet ditt til du spyttar blod.

Vanskegrada kan vere ganske brutal. Du veit sjeldan kor sterk du eigentleg er, og må i staden tenkje nøye over kva du gjer. Om du skal angripe ein fiende, nyttar det eigentleg aldri å ta ein sjanse. Ser du ein fiende blokkere vegen, bør du bruke trygge taktikkar. Send inn den kraftigaste du har, for om du ikkje drep ein fiende med eit angrep, vil fienden slå tilbake. Er du ein pusling (noko du ofte innser at du er), vil dette returangrepet slå deg i bakken med blodtørstig presisjon. Du er død altså. Spelet er over. Ikkje for deg, men for soldaten som måtte bøte med livet. Spelet går sin gang, men du står kanskje igjen utan ei viktig brikke i kampen for siger.

Ta deg i akt

Det er ikkje berre smart å vere forsiktig, du vere forsiktig. Berre noko så enkelt som å angripe ein fiende med feil våpen kan vere fatalt. I spelet går alt i trekantar. Kvart våpen er både sterkt og svakt mot eit anna våpen. Til dømes vil eit sverd vere å føretrekke i kampen mot ei øks. Skal du ta nokon med sverd vil det hjelpe å ha ei lanse, men om du kjem med lanse vil fyren med øksa sjå sin sjanse. Det same gjeld med magi, dei forskjellege formene er både svake og sterke mot andre, og dette tvingar deg til å konstant tenkje langsiktig.

Kanskje ser du ein fiende stå eit stykke unna. Du må ikkje berre tenkje på kven du skal bruke for å drepe han. Du må i tillegg tenkje over kven av dei andre fiendane som kan drepe din soldat om du rykkjer fram. Du blir tvinga til å studere det totale biletet heile tida. Du må bruke tid før du handlar, og dette er noko av det som gjer spelet svært vellukka. Det tek kanskje tid å pønske ut den perfekte planen, men når du endeleg greier det, breiar ei fantastisk kjensle seg over kroppen. Ofte må du prøve ut eit oppdrag nokre gongar for å finne den rette vinkelen å angripe problemet frå. Dette er på ingen måte ein negativ ting. I staden for å bli konstant oppgitt over å dø, blir du bestemt på å finne ut korleis eit oppdrag skal løysast.

Den beinharde utfordringa betyr at du kjem til å måtte bite i deg eit dødsfall mykje meir enn ein gong. Gjerne vil det same oppdraget sende eit sviande nederlag din veg gjentekne gongar, og då står du ovanfor eit enkelt val: Skal du halde fram med dei som står igjen, eller skal du byrje på ny? Eit enkelt spørsmål kanskje. Det er eit spørsmål du blir oppfordra til å gi eit minst like enkelt svar på ved ein praktisk lagringsfunksjon, som let deg lagre spelet når du skulle ynskje.

Dette byr likevel på ein del hovudbry. Tidlegare i serien kunne du aldri lagre eit oppdrag, om nokon døydde som du ville behalde, måtte du finne deg i å starte på ny. Ein lagringsfunksjon kjem difor godt med. Det store spørsmålsteiknet er kvifor vi får lov til å lagre, men ikkje å lett hente fram igjen lagringa. Spelet held alltid fram om nokon døyr, med mindre ein av nøkkelpersonane for eit oppdrag blir drepen, då er spelet slutt. Slik sett er det betre om viktige personar døyr, for då kan du enkelt starte på ny. Døyr ein ubetydeleg magikar, må du enten slå av maskina, eller hoppe ut i Wiis hovudmeny for å starte om att. Dette er eit svært tungvindt opplegg utviklarane burde ha gjort noko med.

Kontroll til fingerspissane

Trass i eit keitete lagringssystem, er det svært mange element her som gjer spelet til ei fryd å spele. Ikkje berre får du forskjellege typar soldatar som alle kan brukast effektivt, men du kan til ei viss grad justere dei. Til dømes vil du kunne fordele ekstra erfaringspoeng mellom oppdraga. Om ein av soldatane dine til dømes manglar berre nokre få erfaringspoeng for å nå eit nytt nivå, kan du spytte inn dei poenga han manglar før neste oppdrag. Dette er òg nyttig for meir enn berre å kome seg eit nivå høgre opp. Fire Emblem har eit nivåsystem som oppgraderar kvar karakter til ein ny og kraftigare klasse når dei når nivå 21. Ved å bruke desse ekstra erfaringspoenga, kan du lettare nå desse klassane tidleg.

I tillegg kan du byggje eigne våpen. Dette kjem ofte svært godt med sidan alle våpen og gjenstandar berre kan brukast eit gitt tal gangar før dei blir øydelagde. Dette er likevel berre ein av måtane du kan skaffe soldatane dine betre utstyr på. Du har sjølvsagt den obligatoriske butikken, men i tillegg til dette kan du banke på dører medan du er på oppdrag, eller du kan opne kister. Eit anna alternativ er å få med seg dei forskjellege samtalene personane i spelet kan ha mellom oppdrag. Her gir dei av og til utstyr til kvarandre som du lett kan få bruk for i kamp.

Konklusjon

Fire Emblem: Radiant Dawn er eit flott eksempel på at skinnet kan bedra. Det ser definitivt ikkje pent ut, men det er eit fantastisk spel som utfordrar deg i mykje større grad enn kva du kanskje er vand med. Dette spelet er ingen dans på roser. Du må tenkje nøye gjennom kva du gjer, elles vil du raskt sjå at den ein gong så store og flotte hæra di skrumpar inn til ein patetisk liten bande. Om det er god strategi du er på jakt etter, og ikkje blir livredd om du ser grafikk frå førre århundre, har du ein sikker vinnar i Fire Emblem: Radiant Dawn. Det er djupt, omfattande, og kjem til å okkupere livet ditt i svært lang tid.

Vurdering


Fire Emblem: Radiant Dawn Wii Wii 8/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 14. mars 2008
  • Plattform: Nintendo Wii
  • Utgiver: Nintendo
  • Utvikler: Intelligent Systems

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen