Flashback-skaparens nye spel lanserast neste veke

I Subject 13 må du finne ut korleis du blei fanga i eit laboratorium.

I 1992 lanserte Paul Cuisset klassikaren Flashback. Det var eit sideskrollande eventyrspel fylt med fiendar og praktiske utfordringar. I hans nyaste spel blir det kanskje ikkje så mange fiendar, men praktiske utfordringar og gåter blir det nok av.

Cuissets ferskaste prosjekt heiter Subject 13, og i ei pressemelding får vi vite at spelet lanserast allereie neste veke den 28. mai for PC og Mac. Lanseringsdatoar for PlayStation 4- og Xbox One-versjonane vil bli avslørte seinare.

Fanga under jorda

Kan du finne vegen ut?

I Subject 13 tek vi på oss rolla som ein einsam og bitter fysikkprofessor som har isolert seg etter at forloveden hans blei drepen. Etter ei bilulykke vaknar han opp i eit underjordisk laboratorium utan å vite korleis han hamna der. Ei stemme snakkar til han, og kallar han Subject 13.

Subject 13 er eit eventyrspel der du i tredimensjonale miljø må bruke og manipulere gjenstandar for å finne ein veg ut. I tillegg til å analysere dei ulike områda du oppdagar, må du i tillegg finne ut korleis du hamna i laboratoriet, og kvifor du har blitt stengt inne.

Før Subject 13 får si lansering neste veke kan du vurdere eit gjensyn med Flashback som for eit par år sidan fekk ein nyversjon i Ubisofts regi.

Siste fra forsiden