Fleire Assassin's Creed-sidesprang i framtida

Ubisoft har planar om fleire sideskrollande spel om snikmordarar.

Sjølv om Assassin's Creed-serien først og fremst er kjent for store, dyre produksjonar på konsoll og PC, har vi likevel sett ei rekke mindre spel i Ubisofts leigemordar-univers. Assassin's Creed III: Liberation dukke til dømes først opp på PlayStation Vita, medan andre spel i serien har dukka opp på mobil og Nintendo DS.

Felles for desse spela er at ingen av dei har makta å bli populære nok til å etablere nye seriar. Det kan godt mogleg endre seg etter at Ubisoft lanserer Assassin's Creed Chronicles: China, eit sideskrollande actionspel der vi spelar som den kinesiske snikmordaren Shao Jun. Spelet vil bli tilgjengeleg som ein del av Ubisofts sesongpass for Assassin's Creed Unity, sjølv om det sannsynlegvis òg vil bli tilgjengeleg separat.

Fleire spel i vente

Assassin's Creed Chronicles: China byr på ein visuell stil inspirert av kinesiske måleri.

Til Eurogamer fortel Assassin's Creed Unity-regissør Alex Amancio at Ubisoft har planar om fleire spel i same stil som Assassin's Creed Chronicles: China:

«Vi likar den sideskrollande ideen svært godt. Det er litt som Mark of the Ninja, og vi ser på det som ein glimrande måte å utforske andre univers på. Det som er kult er at kvart av kapitla i dette spelet er skapt i ein kunststil som er representativ for tidsperioden det skjer i. Det er difor spelet til Shao Jun er presentert som om det var måla med kinesisk blekk.»

Kva meir vi har i vente vil ikkje Amancio ut med, men han fortel at når dei har karakterar og tidsepokar på plass, vil den visuelle stilen endre seg for å passe akkurat den karakteren.

Assassin's Creed Unity blir utvikla av britiske Climax. Det er berre eitt av tre Assassin's Creed-spel vi kan vente oss i nær framtid. 13. november lanserer Ubisoft ikkje berre eitt, men to nye spel i serien. Til Xbox One, PlayStation 4 og PC får vi Assassin's Creed Unity. Xbox 360 og PlayStation 3 får sitt eige spel i form av Assassin's Creed Rogue. PC-eigarane må derimot vente til neste år på dette spelet.

Siste fra forsiden