Førsteinntrykk

Førsteinntrykk: Final Fantasy XIII

Fantasien er tilbake

Snart er det tid for å gløyme arbeid, skule og familieliv.

Hundar er godt kjende for å sniffe både kvarandre og folk i skrittet. Det er som om nasa deira er ein magnet mot framande kjønnsorgan. Sjølv om dette kanskje for nokon blir ein litt kvalm og søkt parallell, meiner eg det beskriv mitt forhold til japanske rollespel ganske godt. Eg er som ein magnet mot dei, og berre ha dei. Eg har sikkert like mange japanske rollespel eg ikkje har fått tid til å byrje på ein gong, som eg har avslutta, og om eg har eit stort og svakt felt, er det vel dette.

På same måte som hunden har eg noko eg blir tiltrekt av, men det betyr sjølvsagt ikkje at eg alltid likar det eg finn. Ein hund kan riste på hovudet av stygg lukt, og det kan eg òg. Poenget her er at eg ikkje klarar å dy meg likevel. Slik eg ikkje klarar å dy meg frå å bestille eit eksemplar av Final Fantasy XIII frå Japan sjølv om mitt vokabular på japansk stort sett stoggar ved fraser som Baka og Teme.

Pompøst og vakkert

Final Fantasy XIII kastar deg mildt sagt rett inn i det. Du er ein del av ei opprørsrørsle, og i rolla som Lightning dreg du med deg afroamerikanaren Sazh på eit rimeleg risikabelt oppdrag. Lightning er ein av dei første verkeleg «sterke» kvinnelege hovudpersonane i Final Fantasy-serien, og det er eit velkome avbrekk. Ho er sjølvsagt vakker, men ho er ikkje akkurat det vi kan kalle modellvakker, ei har ho eit stort frontparti. Sistnemnde er eigentleg ikkje noko Square Enix har hatt for vane å putte inn i Final Fantasy-serien, sjølv om det finnest eitt og anna unntak, men det er mange som likar å tru det.

Lightning har bein i nasa, og sjølv om ho er farleg tynn, er ho tydelegvis rimeleg maskulin. Ein ting er i alle fall sikkert, ho er hakket tøffare enn Sazh, som frå første sekund viser seg å vere eit panisk, og lettare komisk element i spelet.

Saman kastar dei to seg ut i kamp mot i rekke soldatar i noko som minnar sterkt om starten på Final Fantasy X. Du spring langs ei bru medan du konstant blir bombadert av fiendar. Det er mogleg å unngå fiendar om du vil, men i akkurat denne situasjonen blir det litt vanskeleg sidan brua er rimeleg trang.

Aktive kampar

Final Fantasy XII tok Final Fantasy-serien på heilt nye vegar. Borte var turbaserte kampar, og borte var fiendar som dukka opp frå laus luft. I tillegg hadde spelet eit veldig avansert system for å skreddarsy korleis alle medlem i gruppa di skulle oppføre seg.

Med Final Fantasy XIII går Square Enix på mange måtar tilbake til røtene. Du kan riktignok sjå fiendar før du hamnar i kamp, men kampsystemet er igjen turbasert. Dette betyr likevel ikkje at du kan nyte utsikta medan du kjempar mot ein gigantisk robottiger. Serien vidareførar «Active Time Battle»-systemet, og som i fleire andre Final Fantasy-spel vil fienden halde fram med å angripe om du ikkje gjer noko.

Eg skal ikkje gå i stor detalj om kampsystemet før vi kjem med vår fulle omtale i byrjinga av mars, men det er ein ting som er veldig tydeleg med det. Det er veldig kjapt, og om du tidlegare skulle meine at turbaserte kampar var trege og keisame, må du finne deg i å tru om igjen. I Final Fantasy XIII ser Square Enix ut til å på ein svært god måte blande sanntid og turbasert kamp i noko dei fleste bør kunne kose seg med.

Det er i tillegg ganske interessant at heile gruppa med krigarar får full helse etter kvar kamp. Det blir spanande å sjå kva dette vil bety for større utfordringar seinare i spelet, samt det totale forbruket av gjenstandar.

Les også
Anmeldelse: Final Fantasy XIII

Vakkert og polert

Folk kjem definitivt til å ha delte meiningar om den store plassen historia har fått i spelet. Det er ekstremt mange filmsekvensar, og i løpet av dei første timane har det ikkje gått mange kampane mellom kvart historiesegment. Personleg har eg ingenting i mot dette, men folk er forskjellige, og om du meiner lange historier høyrer heime på film, bør du styre langt unna. Dette spelet er ikkje for deg.

Om du alltid har sett pris på Square Enix sine historietunge spel, vil det derimot glede deg at dette ved sidan av Metal Gear Solid 4 og Uncharted-serien er blant dei spela eg har sett som dyttar mest realisme inn i andleta på personane. Det er vanvittig mange små nyansar og trekk å spore i løpet av ei samtale, og det gjer mykje for å bringe kvar person til live.

Grafikken er kanskje ikkje så vakker som dei første trailerane ville ha det til, og detaljnivået er – om vi ser bort frå dei spektakulære ansikta – ikkje noko som imponerer i samanlikning med andre spel av nyare dato. Det som derimot vil få hovuda til å snu seg er den fantastiske fargepaletten. Dette er eit spel som presterer å vere fargerikt og vakkert til og med i dei mørkaste og dystraste område. Om du skulle vere redd for enda eit brunt spel, kan du puste letta ut.

Presentasjonen er på alle måtar av klassisk Square Enix-kvalitet, og med eit etter alt å døme fantastisk lydspor på kjøpet, lovar det i aller høgste grad godt.

Konklusjon

Det er knapt ein månad igjen til Final Fantasy XIII endeleg når våre breiddegrader. Det har vore ei lang ventetid, men om dei første timane med den japanske versjonen er noko å døme etter, kjem det til å bli verdt det. Det er ingenting som ropar revolusjon i like stor grad som nummer tolv gjorde, det betyr fint lite for min del så lenge det vi får engasjerer.

Final Fantasy XIII går på mange måtar tilbake til kjerna av kva som er Final Fantasy, samtidig som det vågar å gjere ein del nye ting. Det har eit kjapt og ekstremt effektivt kampsystem, flott grafikk og fantastisk musikk. Om historia og kampsystemet utviklar seg i takt med kva som skjer i løpet av dei første timane, er det all grunn til å glede seg.

Final Fantasy XIII kjem i salg 9. mars, for Xbox 360 og PlayStation 3.

Siste fra forsiden