Førsteinntrykk

Skyrim og Doom

Storspela inntar Switch - me har testa to av dei

Bethesda og Nintendo skapar søt musikk saman.

Okei, så har du spelt Skyrim i 350 timar med seks forskjellige karakterar. Greitt, du har runda Doom på Ultra-Violence, kanskje til og med på Nightmare. Det er imponerande. Men har du gjort det på dass? Har du tatt ein glory kill på ein Hell Knight på bussen? Har du dragonshouta ein Draugr Overlord til Oblivion mens du sat på flyet? Vel, nå kan du det. For nå er me jaggu meg komne dit at Bethesda gir ut spel på ein Nintendo-konsoll.

Nødvendige nedgraderingar

Det er framleis enkelte kosmetiske bugs i Skyrim.
Bjarte Wathne Helgesen, Gamer.no

For å få det openlyse ut av verda med det same: Switch-versjonane av Skyrim og Doom er ikkje dei teknisk sett beste versjonane som er å finna på marknaden. Ikkje uventa er dette meir merkbart for Doom sin del enn for det nå seks år gamle femtekapitlet i Elder Scrolls-sagaen.

Id Software sitt dommedagshelvete på Mars er nemleg eit spel som både krev og er avhengig av at maskinkrafta heng med i svingane: Her må både haglesikte og demongnomar bevega seg glatt, jamt og nokolunde hurtig for at spelopplevinga skal få bestått. Dermed har porteringsmannskapet i Panic Button sett seg nødt til å ty til ein god del nedgraderingar på grafikken for at Doom skal vera spelbart i det berbare Switch-formatet.

På tide med ein glory kill her.
Bjarte Wathne Helgesen, Gamer.no

Ifølgje Digital Foundry køyrer Doom i om lag 30 bilder i sekundet og med ei oppløysing som for det meste ligg på rundt 600p, både i handhalden modus og i dock. Det er halvparten av bildefrekvensen du får på den litt meir muskuløse maskinkrafta til konkurrentane. Så viss forskjellen på 30 og 60 bilder i sekundet er avgjerande for deg, kan det henda du bør ty til andre alternativ for å få stilt hungeren din etter demonslakting.

Færre bugs enn før

Skyrim har på si side strengt tatt aldri vore eit spesielt kapabelt spel på den tekniske fronten. Bethesda sine open verd-spel har tradisjonelt vore mykje plaga av både ujamn bildefrekvens og bugs av ymse karakter, og dette var aller mest merkbart på PlayStation 3-versjonen av Skyrim. Grafisk ser Switch-versjonen ut til å vera ein mellomting mellom det Skyrim me såg på førre generasjon og den oppussa Special Edition-utgåva, som kom i fjor haust.

Nordlyset er framleis pent i Skyrim.
Bjarte Wathne Helgesen, Gamer.no

Speler du frå Switch-docken vil oppløysinga vera på 900p, mens i handhalden modus er den på 720p. Det betyr i reine ord at spelet ser heilt ålreit ut på ein relativt stor TV, mens det ser riktig så bra ut på den vesle Switch-skjermen, der pikslane naturleg nok er langt mindre og vanskelegare å få auge på. Verdt å nemna når me snakkar grafisk yting, er òg at det er ein del pop-up når du er ute på vandring i landskapet, så buskar og tre dukkar ikkje opp før du er relativt nære. Det er merkbart, men ikkje veldig enerverande.

Det ser dessutan ut til at dei gamle problema med bildefrekvens og speløydeleggjande bugs nå i all hovudsak er rydda opp i: Eg har til gode å oppleva at bildet hakkar overhodet, og eg har heller ikkje sett noko til større bugs enn at enkelte sommarfuglar heng som utstoppa i lufta, eller at eit trefat danderte seg pent gjennom armen til ein figur eg snakka med.

Dei same spela som før

Gode, gamle Whiterun.
Bjarte Wathne Helgesen, Gamer.no
Les også
Her er alle trailerne fra ukas Nintendo Indie World

Men kva så med sjølve spela? Vel, Skyrim er stort sett det Skyrim har vore i seks år nå: Det er ei stor og variert verd som du kan utforska så fritt som du berre vil, med eit rikhaldig arsenal av både reint fysiske og nokså metafysiske evner som du kan utfalda deg med og utvikla undervegs. Skyrim er, som alltid, proppfullt av alskens eventyr, i form av alt frå eld- og issprutande drakar, via «whodunnit»-mordmysterier, til drikkekonkurransar som sender deg til alternative dimensjonar. For meg er Skyrim ei av dei største og mest oppslukande spelopplevingane eg har hatt. Er du ein av dei uheldige få som ikkje har spelt det ennå, så gir eg Switch-versjonen mi aller, aller varmaste tilråding.

Og er du ein av mange som har kost deg med Skyrim før, er sjansen rett og slett overhengjande stor for at du vil kosa deg med det på Switch òg. Det er nok likevel ein sentral mangel for enkelte at Nintendo ikkje tilbyr støtte for mods. For den erfarne Skyrim-vandrar vil desse brukarskapte utvidingane av spelet naturleg nok kunna vera eit viktig argument, når ein allereie har brukt eit par-trehundre timar på å utforska vaniljeversjonen. Så dei som ikkje synst denne strekker til lenger, bør kanskje la det bli med dei to-tre versjonane dei utvilsamt allereie har kjøpt av spelet.

Som ein liten gjengjeldande bonus frå Nintendo har Skyrim òg blitt amiibo-kompatibelt. Amiibo-funksjonen finn du artig nok i menyen for magiske krefter, og den bruker du til å få magiske kister til å falla ned frå himmelen. Har du ein Link-amiibo, kan du vera heldig å få Link sin blå utkledning frå Breath of the Wild, eller til og med sjølvaste Master Sword. Med andre amiiboar får du meir generiske kister, gjerne med litt mat og ymse utstyr. Det kan dog vera litt lurt å tenkja over kor du bruker amiibo-funksjonen, for kistene du tryllar fram, blir ståande der dei landa, og dei kan du bruka til å lagra stashet ditt i.

Doom byr på mange herlege våpen.
Bjarte Wathne Helgesen, Gamer.no

Alt funkar

Doom er på si side ikkje like opent for ulike framgangsmåtar; her er det beinhard action, full fres og rett på sak med brutal nedsabling av demonar i ymse variantar. Spør du meg, vil eg seia at Doom er det beste og artigaste skytespelet som kom ut i 2016, og kanskje fleire år bakover i tid. Alt berre funkar: det heseblesande tempoet, den fantastisk responsive hagla, det breibeinte lydsporet, den nådelause «øydelegg alt»-mentaliteten til marinesoldat-helten vår, den overraskande kule historia: Alt er akkurat som det skal i ei verd der ingenting er som det skal.

Ikkje berre har Id Software kokt i hop eit spel som blei betre enn eg trur dei fleste forventa då det kom ut på vårparten i fjor. Dei har òg, med hjelp frå Panic Button, klart å få til ei portering til ein teknisk underlegen konsoll som fungerer betre enn det var grunn til å forventa. Sjølv spelte eg Doom på PlayStation 4 tidlegare i år, men eg koser meg faktisk vel så mykje med det på Switch. Det handlar litt om at det tekniske fungerer på eit nivå som gjer at du ikkje på noko tidspunkt blir dratt ut av spelopplevinga, samtidig som du har fordelen av å kunna ta spelet med deg når du går ut døra. Når me snakkar eit såpass nytt og krevande spel som Doom, så er det jammen ikkje rusk, berre det.

Doom er eit av dei beste skytespela på fleire år.
Bjarte Wathne Helgesen, Gamer.no

Konklusjon

Nintendo Switch har opparbeida seg eit svært godt rykte sidan maskina kom på marknaden i mars månad. Dette ser ut til å ha gitt gjenklang hos både utviklarar og utgjevarar, og stadig fleire av dei kastar seg nå på det berbare toget som Nintendo nærmast har hatt einerett på sidan dei ga ut Game Boy for snart 30 år sidan. Etter kva eg har klart å finna ut, er Skyrim og Doom dei første Bethesda-utgjevne spela på ein Nintendo-konsoll sidan Wayne Gretzky Hockey i 1988 (her er det lov å arrestera meg på feil!).

At stadig fleire blir med på leiken, betyr at Switch gjer noko som fungerer for folk. Det er nærliggjande å tru at det å kunna bruka konsollen i handhalden modus rett og slett er ei oppskrift på suksess. Eg kan ikkje seia anna enn at den oppskrifta har vore vellukka for meg òg. Difor vil eg avslutta med eit par-tre spørsmål du kan bruka som ein hurtigguide, både i tilfella Doom og Skyrim, og i liknande tilfelle framover: 1) Har du lyst til å kunna ta med deg desse spela på dass/buss/fly/tog/flytog? Ved ja: kjøp! Ved nei: 2) Har du spelt desse spela før? Ved nei: kjøp! Ved ja: 3) Vel, viss du har lese heile teksten over og heilt ned hit, er du kanskje på vippen likevel? I så fall: kjøp!

Siste fra forsiden