Blogg

Framtida til spelindustrien

2005 er lagt bak oss, og eit nytt år ligg å ventar. I det fjoråret er oppsummert og arkivert, er det på tide å sjå framover på kva framtida kan bringe, på godt og vondt.

Bare for å gjere ein ting klart, eg har ikkje tenkt å ta for meg enkelte spel og andre spesifikke hendingar i denne bloggen. Derimot har eg tenkt å sjå litt på dei store linjene. Det er spesielt undergangen for spel som vi kjenner det i dag som vil vere eit sentralt emne.

Kommentatorer i NRK-studio under Battlefield 2-finalen i høst

Men for å begynne med litt lystigare ting. Eit høgdepunkt for mange hausten 2005 var då NRK sendte ein Battlefield 2 kamp direkte. Rett nok vart den sendt på nett-TV, men dette er uansett eit framsteg. Litt meir internasjonalt kan eg nemne at MTV så smått har begynt å sende E-sport. Det at så store TV-kanalar sender dataspeling direkte, tyder på at dette begynner og bli meir allment akseptert. Vi har enda litt fram før vi er på høgde med enkelte asiatiske land, men kanskje vi ein gong kan kome dit vi og? Det første steget er i alle fall tatt.

Nok om det positive, det er på tide å sjå på ein del truslar mot spelindustrien. Eit av fjorårets største namn for alle spelinteresserte er Jack Thompson – en hyggeleg amerikanar som skal redde oss mot alle dei fæle spela som gjer oss alle om til gale massemordarar. Thompsons stadige søksmål mot spelindustrien har heldigvis ikkje ført fram, enda. Problemet er at ein gong vil truleg eit søksmål gå igjennom. Når den dagen kjem vil det lønne seg å vere advokat. Det kjem truleg til å bli ein eksplosjon av søksmål. Alt som er gale her i verda vil bli forklart med alle dei fæle spela som er på marknaden. Lille Ole drap ikkje hunden sin med vilje, det var Nindendogs som ikkje lærte han korleis han skulle passe på ein hund.

Mange søksmål vil truleg bli avslått, men har eit først blitt godkjent vil fleire følgje etter. Dette kjem til å koste spelutviklarane dyrt. Dei spelutviklarane som ikkje går konkurs vil satse på ufarlege titlar. Med fare for å skilje seg ut kan ein ikkje sjå bort frå enda mindre kreativitet ein det vi har i dag. Ein kreativ advokat kan sikkert få det snillaste spel til å virke som djevelens verk, så i verste fall kan vi vinke farvel til alt av spel.

Frå det eine skrekkscenarioet til det andre. Ei anna sak som har vore oppe i media i 2005 var nye lovforslag for regulering av spel. Nokon misfornøyde politikarar i USA likte ikkje at dei tapte stemmer blant foreldre. For å virke snille og greie bestemte dei seg for å angripe nokon som dei såg på som eit lett bytte, spelindustrien. Med velklingande lovforslag av typen ”verne familiar mot alt det vonde her i verda”, satsar dei på å vinne nokre stemmer. Dei fleste av desse lovforslaga blir avslått med bakgrunn i grunnlova, men om dei rette folka støtter eit lovforslag vil det gå igjennom.

Nokre nye lover som skal verne dei mindreårige mot valdelege spel høyres kanskje ikkje så gale ut. Ser vi derimot litt nærmare på saka viser det seg at alt ikkje bare er fryd og gaman. Bare for å kort gå igjennom kva desse lovforslaga går ut på: Det skal bli straffbart å selje spel til barn som er under den anbefalte aldersgrensa. Straffa kan variere frå bøter på rundt $5000 til eit års fengsel. Enkelte forslag går og ut på å straffe mindreårige som kjøper spel dei ikkje er gamle nok til å spele.

Kan vi forvente lovregulert spillutsalg i fremtiden?

I dag er det stort sett bare alkohol og røyk som blir regulert på denne måten. Blir spel sidestilt med desse produkta kan det ende opp med at butikkar treng lisens for å selje spel. Kanskje vinmonopol i framtida vil ha ein eigen avdeling for spel. Blir dette tilfelle kan dei store kjeder slutte å selje spel. Det vil rett og slett vere for mykje styr.

Nok ei biverknad av dette kan vere at det ikkje lenger blir laga spel med 16+ aldersmerking. Dette fordi ingen vil selje dei, og om du lager eit valdeleg spel kan det føre til søksmål. Om vi ser på nokon av dei betre spela dei siste åra, har mange av desse høge aldersgrenser. Vi kan dermed stå i fare for å miste mange kvalitetsspel.

Eldre spelarar kan og takke for seg. Eit spelmarknad overfylt av bare barnetitlar er ikkje så freistande for ein tidlegare GTA-fan. Dette er ofte personar som har ein del pengar, og dermed kan kjøpe ein del spel. Sluttar mange av desse å spele, vil spelindustrien tape mykje pengar. Ser vi på Nintendo sine konsollar, så har desse eit rykte på seg for å vere for barnslege for mange. Dette fører til at mange føretrekk konkurrerande konsollar som står fram som litt meir vaksne. Tenk om heile spelindustrien ender opp med det same barnslege ryktet.

Som om ikkje dette skulle vere nok, er det enda fleire mørke skyer i horisonten. Sjølv om 2005 i sin heilskap var eit godt år med tanke på sal, var ikkje det viktige julesalet så godt som det pleier. Det er fleire grunnar til dette. Hausten 2004 hadde mange store titlar. Det var ikkje så lett å følge opp spel som Doom 3 og Half-Life 2. Lanseringa av av Xbox 360 har og blitt brukt som ei forklaring på nedgongen.

Dei mest kritiske spekulerer i om dette kan vere starten på eit nytt krasj som 1983. Då var det meir eller mindre dødt på spelmarknaden over ein lengre periode. Ser vi på 2005 som ein heilskap, er det lite som tyder på at dette vil skje, men ein liten nedgong kan ein ikkje sjå bort i frå.

Det er ikkje bare mangel på store speltitlar som fører til ein nedgong i sal av spel. Mangel på innovasjon kan og forklare ein del. I dagens marknad satsast det mykje på to ting, grafikk og lisensar. Grafikken blir stadig meir imponerande, men det krev og meir tid for å lage den perfekte grafikk. Dette kan ta fokuset bort frå andre, og viktigare, element som gameplay og historie. Til slutt endar vi kanskje opp med hundre meir eller mindre like spel, der den einaste forskjellen er litt betre røykeffektar på dei nyare spela.

Lisensbaserte spel har som oftast to ting til felles: 1) dei er ofte dårlege og 2) dei sel ganske bra. Ofte legg ikkje utviklarane mykje arbeid i desse titlane, og dei kan lett tene inn det dei utgiftene dei har. Uvitande spelkjøparar vel ofte kjente merkenamn framfor ukjente titlar. Bestemor som skal kjøpe eit spel til barnebarnet vil truleg kjøpe eit spel basert på den nyaste Disney-filmen framfor Darwinia. Dessverre fører dette til at nyskapande, og ofte svært gode spel taper pengar i forhold til lisensbaserte spel. Dette blir ein vond sirkel som skremmer utviklarar frå å tenke nytt.

Men nok om det alt det negative som kan vente oss. Det er på tide å sjå litt på eit par positive ting. Konsollkrigen har fått mykje merksemd. Noko negativt, men stort sett positivt. Forhåpentligvis fører dette til at fleire som tidlegare ikkje har vore interessert i spel får sin speldeby. Spesielt Nintendo sin komande konsoll med kodenamn Revolution ser spennande ut. Der dei andre satsar på rå kraft, satsar Nintendo på noko så genialt som gode spel og ein ny og spennande kontroll. Om Nintendo lykkes kan spel omsider få den allmenne aksept vi alle har venta på.

Microsoft kan og ha skutt gullfuglen med sin Live Arcade. Her kan små spelutviklarar gi ut spela sine til eit stort publikum utan å måtte tenke på distribusjonskostnader. Mange av desse spela er og svært gode, og ikkje minst kan dei by på eit avbrekk frå dei standard kommersielle spela vi finn i butikken. Forhåpentligvis vil dette føre til at fleire mindre spelutviklarar kan overleve, og at vi får fleire spennande spel i åra som kjem.

Eit problem for dei små spelutviklarane sånn som marknaden er i dag, er dei stadig aukande kostnadane. Det er ikkje billeg å lage eit spel med fotorealistisk grafikk, samstundes som du helst bør ha ei god historie og eit innovativt gameplay. For å lage det perfekte spel trenger du pengar og tid. To av dei største speltitlane det siste året har vore World of Warcraft og Half-Life 2. Begge desse spela har lykkes med alt frå grafikk til gameplay. Felles for dei begge er at dei har kosta ein del å utvikle, og dei har vore tidkrevjande å lage. Til gjengeld har dei selt svært godt.

Massive onlinespill kan og gå ei lys framtid i møte. Den store suksessen til World of Warcraft vil garantert føre til at fleire følgjar etter. Piratkopiering er mindre vanleg blant denne typen spel, ergo meir pengar i kassa til spelutviklaren/utgivaren. Internettbaserte spel gir moglegheiter som til dømes å bare selje spelet via Internett, og patche spelet etterkvart som feil blir oppdaga. Noko som kan føre til at dei brukar mindre tid på testing før utgiving. Med over 1 milliard Internett-brukarar er i alle fall marknaden stor.

Alt i alt er det fleire ting som kan sette sitt preg på vår spelkvardag i åra som kjem. Strengare lovgiving, og ein mengde søksmål kan true spelindustrien. Samstundes har vi positive ting i vente, som nye konsollar og fleire store titlar. Og kanskje vi ein gong kan få vår eigen TV-kanal dedikert til E-sport. Den som lever får sjå. Ein ting er i alle fall sikkert, vi har nokre spennande år i vente.

Siste fra forsiden