Blogg

Games Convention 2008: Dag 1

Vestlending med skallebank

Du trudde kanskje at livet til ein speljournalist baserte seg på boothbabes, vin og sang. Tru om igjen.

LEIPZIG (Gamer.no): Eg kan vere ein svært hyggeleg og omgjengeleg person. Eg skal vere dristig nok til å påstå det. Eg er likevel mann nok til å innrømme at diverse omstende kan forandre meg som person temmeleg brutalt. Eg har ikkje spurt kollegaene mine om det var tilfelle i går, men eg vil tru eg ikkje var det beste selskap.

Dan Connors, toppsjef i Telltale Games, holder foredrag.

La meg forklare:

Eg bur på vestlandet og skal til Games Convention. Det betyr buss til Oslo før flyet til Tyskland. Denne bussen tek nesten ni timar, og eg såg på det som ein god idé å ta nattbussen, då kunne eg få litt søvn før flyet. Det eg ikkje hadde tatt med i mine kalkulasjonar var at eg skule bli omringa av ein gjeng svært bråkete polakkar som heldt meg vaken fram til om lag klokka to på natta. Då fekk eg sove litt, før dei starta på igjen i fire-tida.

Men nok om det. Turen til Leipzig er lang, sjølv om flyturen eigentleg ikkje er så ille. Problemet oppstår som eit resultat av venting. To timar fly til Frankfurt, fem timar venting, ein time til Leipzig. «Hurra», tenkte vi då vi omsider var framme. Berre for å finne ut at eg og Kent William hamna på eit rom med berre ei seng. Han hamnar på golvet, grunna mine erfaringar med polakkar.

Festen er i gang

Det er alltid litt spennende å besøke ei ny messe. Sjølv om du har vore på slikt fleire gangar før, er det alltid nytt og spanande. Slik var det sjølvsagt no òg. Tidleg om morgonen mandag kasta vi oss i ei drosje med retning messeområdet.

Dei to første dagane handlar først og fremst om utviklarar. Det er ikkje alt som er like interessant for oss vanlege dødelege, og eg må seie at panelet om kvinner i spelindustrien tok kaka for min del.

Ikkje at eg har noko imot kvinner, for all del, jenta eg er trulova med er den vakraste skapning på jord, og vi kunne godt hatt fleire kvinner i bransjen, men akkurat dette blei litt for mykje for meg.

Vi dreper mer enn før.

Det har nok mykje med kva eg ser etter i spel å gjere. Ein time med snakking om webbaserte spel er ikkje heilt mi greie. Det kom likevel litt interessant informasjon ut av det. Visste du til dømes at om lag 75 prosent av alle «casual gamers» i Europa er kvinner? Visste du i tillegg at storparten av dei er mellom 36 og 55 år? Ikkje det nei? Tenkte meg det.

Om du samtidig skulle lure på kvifor Ubisoft lagar så mange spel til DS om kjæledyr og mote for tida, kunne ein kar frå Ubisoft opplyse om at desse spela står for 30% (smak på det talet) av den totale innteninga deira. Det er kanskje litt trist for dei av oss som likar «ekte» spel, men det er eit udiskutabelt teikn på at jenter og kvinner er like interesserte i spel som det den typiske unge mann er, dei vil berre ha andre ting. Skal du selje eit spel til kvinner, er det klart at ei naken dame med enorme bryst ikkje er den beste innpakninga.

Roleg start

Det skjedde sjølvsagt mykje anna i dag. Vi sikra oss nokre lekre intervju, og vi har både sett og høyrt interessante ting som vil dukke opp her på Gamer.no. Den første dagen var eigentleg veldig avslappa. Det store presset har ikkje starta enda, sidan messa ikkje er open for publikum før onsdag.

Det er likevel ein ting dei burde ha gjort mykje betre. Lufta i eit konferanserom blir frykteleg dårleg når det er fylt opp med ein gjeng sveitte nerdar, og den høge temperaturen utanfor hjelper ikkje stort. Som eit resultat av dette sit eg no her, seint måndag kveld, med ein dramatisk skallebank.

Eg trur eg skal få meg litt søvn.

Siste fra forsiden