Anmeldelse

Genji: Days of the Blade

Synet kan bedra, og det gjeld i aller høgste grad for Genji: Days of the Blade.

Eg skjønar ikkje heilt kvifor det må vere slik. Det går ikkje heilt opp for meg kva som er grunnen til at sånne spel blir laga gong på gong. Slike spel som på papiret og i form og farge ser høgst interessante ut, men som i realiteten er eit spøkjelse. Eit gjennomsiktig vesen som prøvar å rope ut til deg med sine tomme skrik. Og der sit du, med plast mellom henda og trykker på knappar. Du kan så vidt høyre ei stemme, som om nokon prøvar å fortelje deg noko, men det er svakt, og forsvinn igjen. Du innbiller deg at det var eit rop om at oppvasken må bli gjort, og då er det kanskje likegreit å bli akkurat her, med eit tomt blikk og tomme tankar.

Du er som ein robot der du sit og mekanisk trykker på knappane i det som burde ha vore ein rytmisk dans. Det du ser lurer deg til å tru at det skjer meir enn gjentatte trykk mot ein og same knapp, kun lett variert med ein anna knapp. Ein etter ein kjem monstersamuraiane springande mot deg, og du gjentar dine trykk. Om og om igjen, du trykker til alle er borte, du skiftar karakter, og trykker vidare. Du pløyer deg veg gjennom bølge etter bølge med identiske fiendar. Ein og anna gong dukkar det opp ein variant av den fienden du no har slått ned fleire gongar enn du kan telje. Gradvis kjem det fleire av dei, inntil du kun kjempar mot denne nye fienden. Inntil det kjem enda ein ny variant, og du gjentar igjen.

Blikket ditt er tomt. Det er ingen kjensler i kroppen din. Du berre trykker, du bryr deg ikkje om kva du gjer, alt du gjer er å trykke. Oppgåva di er å trykke. Du gjespar, og innser etterkvart at du kan hoppe litt rundt på skjermen ved å rykke hardt i kontrollaren, men det blir litt for slitsomt for ein kropp som allereie er trøytt nok. Du tyr heller til analogstikka, det er lettare, og det gjer same nytta. No trykker du igjen, du dansar litt, men du trykker framleis. I morgon har du gløymt alt dette. Du vil ikkje hugse kva du gjor dagen før. Spøkjelsa kidnappa deg og du veit innerst inne at dette er timar du aldri vil få igjen.

Krabber og krystallar

Av og til vil du riktignok trekke på flirebandet. Kanskje vil det vere av dialogen som får deg til å skifte til japanske stemmer. Det er òg godt mogleg at du vil le av den store krabba som angrip deg eit stykke ut i spelet. Den høyrest ut som ein mann med dårleg hals. Det er ein slik detalj som gjer det vanskeleg å tru på Genji. Du befinn deg i eit begrensa og innelåst område, og etter over ein halv time med repeterande masseslakt kjem ei krabbe. Ei enorm krabbe med ein menneskeskalle som hovud. Ingen av slaga dine gjer noko skade sjølvsagt, men så snart du skiftar til muskelbunten Benkei, og slår han nokre gongar med ein enorm trekjepp, ligg han kjapt på bakken.

Du er ei gruppe med krigarar der alle har sine sterke sider. Du har Benkei med klubba, har Shizuka med viftene, Yoshitsune, den typiske ninjaen med sverd, og Lord Buson, ein gud som har busatt seg i kroppen til ein tidlegare fiende frå det første Genji-spelet. I staden for at alle desse legendariske krigarane kjempar side ved side slik filmsekvensane tilseier, er det alltid kun ein på skjermen. Om du får behovet, kan du når som helst skifte til ein anna av dei, noko som kan kome godt med om helsa skulle gå nedover. Eventuelt kan du utnytte dette til å utvide komboangrepa dine og dele ut litt "massiv" skade – som Sony valte å kalle det i sin kjapt legendariske E3-presentasjon frå 2006.

Av og til vil du innsjå at det kanskje blir for mykje av det gode. For mange fiendar, for store utfordringar, eller for kjedelege utfordringar. Du vil ha eit ekstra knep å forsvare deg med. Som dei fleste veit er angrep det beste forsvar, og derfor kan du gå inn i Kamui-modus. Her får du angripe fiendane ein etter ein, og alt berre ved å trykke på den knappen som blir vist på skjermen. Det er så fantastisk lettvindt og manglande på utfordring at eit par tre gongar er nok til å ynskje du aldri må erfare dette igjen. Skjønt, det er ei grei avkobling om du kjenner behovet for ei pause.

Som eit anna bøtemiddel mot harde utfordringar, kan du oppgradere banden din når som helst. Midt i eit slag om du vil. Ved å drepe fiendar, vil du plukke opp fragment frå krystallane som gir dei kraft, og med desse kan du forsterke våpena dine. I tillegg kan du finne skjulte krystallar på diverse punkt som let deg forbetre helsa. Som sagt, du kan gjere dette midt i ein kamp, og det vil redde livet ditt meir enn ein gong. Om du er i ferd med å synke på kne, er det berre å trykke på start, utføre dine oppgraderingar, og brått har du full helse igjen.

Slusene som aldri stenger

Fiendane kjem mot deg i puljer. Kanskje er du på ei stor slagmark, hvor du i bakgrunnen kan du sjå fienden krige mot allierte. Denne illusjonen er derimot eit av spøkjelset sine sterkaste våpen. Brått stoggar heile spelet, du spring mot ein vegg – du ser ingen vegg - men når du berre spring utan å flytte på deg, går det opp for deg kor fantastisk forelda dette spelet er. Den dårlege illusjonen av store område plagar deg lik makk under huda. For å gjere vondt verre har du aldri det fnuggaste begrep om kor lenge då må vere innelåst i dette håplause fengselet. Pulje etter pulje med fiendar spring inn på bana, drep den eine, og inn kjem den andre. Slik held det fram, tilsynelatande utan stopp. Heldigvis er det ikkje så mange av desse store "åpne" områda, men fleire av dei litt meir avslappa og trange områda der du ser kvar du ikkje kan gå.

Det spenstige med akkurat dette er at i dei trange områda vil du bli plaga av eit forsteina kamera som nektar deg å sjå noko som helst. For å vere heilt ærleg så er kameraet eit sant mareritt både i store og små områda, men det er på sitt verste i trange gangar og liknande. Nokre gongar må du springe mot kameraet, og gjerne drepe fiendar samtidig. Du ser ikkje kva du angrip, du ser ikkje kvar du er på veg, og er du ekstra heldig vil du møte døden takka vere eit slag du aldri såg kome. Desse kameravinklane er låste, og du har ingen kontroll over dei. I tillegg gjer dei det vanskeleg å gjere noko så banalt som å springe. Kameravinklane skiftar, og du endar opp med å snu og springe tilbake dit du kom frå. Det skjer heile tida, og det er like irriterande kvar gong.

Og så er det denne gudfryktige musikken. Det som startar som tøffe japanske rytmar utført av store trommer og episke melodiar blir gradvis lemlesta av ei infernalsk stemme som hyler og skrik om igjen og om igjen til øyra dine blør demonblod. Det er til å bli sprø av. Til sitt forsvar har spelet ei rekke stemningsfulle låter, men denne hylande stemma har planta sine spor i mi såre sjel. Berre tanken på denne repeterande gnålinga er nok til å halde meg langt borte frå fleire timar med Genji: Days of the Blade.

Men dette er eit spøkjelse, og spøkjelser kan vere farlege skapningar. Dei har gjerne eit knep i ermet som likevel dreg deg inn i fortapinga. Dessverre er det denne gong ikkje kløktig design, eller ei historie som luktar av betre vare enn muggsopp. Det er vakkert, forferdeleg vakkert. Av og til er det så vakkert at ein nesten trur ein har tatt steget inn i ein draum. Det er litt rart, for personane i seg sjølv ser sjeldan noko bra ut når du ser dei på kloss hald. Dei er utvaska og flate, fullstendig utan sjel.

Å springe rundt i ein grøn og frodig skog er noko heilt anna. Løvet svaiar i vinden, bekken sildrar nedover bakken, og det ser så ubegripeleg naturleg ut. Du trur på det. Du ser ingen hakkete kantar, du ser ingen "feil", det er ingenting som skurrar. Du er i ferd med å la deg overbevise om at du faktisk er i denne vakre skogen, heilt inntil lilla krabber fell ned frå himmelen. Akkurat då blir du brutalt henta tilbake til den verkelege verda, og fleire timar med uendeleg trykking.

Konklusjon

Eg har aldri vore redd for mørkret, ei heller dei spøkjelsa som visstnok skal gøyme seg under senga di når natta løftar på hatten og seier hallo. Det vil sei, ikkje no lengre. No er eg litt redd for dei. Etter Genji: Days of the Blade er eg redd for alt som kanskje vil innehalde krabbemonster og skifting av våpen i sanntid. Det har ikkje skada meg direkte, men eg har likevel ei kjensle av å ha blitt lurt til å bruke tid på noko eg godt kunne ha vore spara for, og eg fryktar for konsekvensane om eg held fram. Det er ikkje heilt utan kvalitetar, det hender at kampane blir litt engasjerande, og det hender at du har det moro, men det er ikkje ofte nok til at du bryr deg. Det er ikkje ofte nok til at det gjer opp for spelet sin håplaust repetitive natur, og dei håplause kameravinklane som fullstendig vil plage livet av deg.

Siste fra forsiden